Tips frå gamle til ferske studentar: – Om du ikke har lært deg å drikke kaffi, bør du gjere det no

Det er mykje nytt å setje seg inn i som fersk student. Læringskurva er bratt og det er fort gjort å gå på ein smell. Fortvil ikkje! Her er ei knippe gode tips frå studentar som har studert i Bergen i til saman 15 år.

KAKE. Ingrid Haukereid (frå venstre), Lene Gramsdal og Savanna Lylund har med seg kake til eksamenslesing.
Publisert Sist oppdatert

Studvest har stilt dei eitt enkelt spørsmål:

– Kva er ditt beste tips til nye studentar i Bergen?

Cornelia Mofjell (22) 

Studerer: Markedsføringsledelse ved BI

Bergensstudent: I to år. 

– Anbefaler å starte tidleg med å gjere tidlegare eksamensoppgåver, i tillegg til å følgje førelesingar. 

Kristin Hjermann (22) 

Studerer: Organisasjonspsykologi, HR og ledelse ved BI 

Bergensstudent: I to år. 

– Eg oppfordra nye studentar til å engasjere seg i det sosiale studentlivet på fritida. Det er mykje spanande og lærerikt som skjer utanfor førelesingssalen. 

Yvonne Skår (22) 

Studerer: Entreprenørskap og strategisk forretningsutvikling ved BI

Bergensstudent: I tre år. 

– Eg anbefaler å ha ei god struktur frå starten. Å ha ei kollokviegruppe med folk som har same motivasjon og mål som deg, er gull verdt. Eit ekstra tips er å ha eit eige skap på campus slik at ein har alt ein treng til lesedagen der. Det verkar også som ei ekstra pådrivar til å komme seg på campus. 

Per-Emil Hansen (23) 

Studerer: Entreprenørskap og strategisk forretningsutvikling ved BI

Bergensstudent: I tre år. 

– Eg har fleire tips til ferske studentar:

1. Engasjer deg i ting som skjer på campus utanom førelesingar og seminar.
2. Ver kreativ med pensum. Finn ei spanande vinkling på eit elles kjedeleg tema.
3. Ha ei kollokviegruppe som ein kan både le saman med og som jobbar godt og effektivt saman. 

Ingrid Haukereid (21), Lene Gramstad (20) og Savanna Lylund (20) 

Studerer: biologi ved Universitetet i Bergen

Bergensstudent: I eit år.

Desse jentene anbefaler kort og godt å bake kake og ha med til eksamenskollokvie. 

Torstein Nævdal (24) 

Studerer: Sosiologi ved Universitetet i Bergen

Bergensstudent: I to år. 

– Delta i fadderveka for å bli kjend med dei ein skal studere saman med. Ein bør også byrje å like kaffi for å halde seg våken, i tillegg til å stå opp tidleg for å sikre seg lesesalsplass i eksamensperioden. 

Powered by Labrador CMS