Toppscore til Horn of Africa

Ein safari av smaksopplevingar ga toppscore til restauranten Horn of Africa.

Publisert Sist oppdatert

Værgudane har atter ein gong bestemt seg for å straffe Bergen, og vi vil vekk. Vekk i frå vær, vind, nystemten og fulle Brann-fans. Problemet er at vi er to studentar som i dag har nøyaktig 179 kroner kvar i jakkelomma, så nokon sydentur blir det ikkje. Utflukta må dermed vere av kulturell karakter, så kva betre enn å sjekke ut Horn of Africa?

Lokalisert på Bergens horn, Nordnes, er ikkje navnet heilt upassande. Den lille familierestauranten ligg omtrent eit boomerang-kast unna Akvariet, og serverer mat i frå Etiopia og Eritrea. Men bestikket har dei lagt igjen på IKEA – her er det fingrane som gjeld!

Safarien startar frå første stund når vi luktar den fyldige røykelsen. Dufta er eksotisk, og saman med innreiinga og støynivået skapar den ei rolig atmosfære, som distanserer deg frå pes og plask utanfor døra.

FOTO: TORE HAUKE THIESEN

Vår safariguide på turen losar oss av garde. Etter gode råd får vi bestilt høvesvis kylling og storfe, og medan vi ventar på maten lar vi sansane suge opp inntrykka lokalet har å by på. Ein liten halvtime seinare kjem maten vår på bordet, og den er presentert mesterlig! På fata våre er der nokre små gryter. Vi løftar roleg på lokka, og det vakre, velduftande kjøtet surrar i den gloheite, boblande marinaden. Auga blir minst like svoltne som magen.

Fingrane grip kjøtet med det afrikanske brødet kalla injera rundt. Smakane vi no eksponerer tungene våre for er vanskelige å beskrive. Sterkt, mildt, nye smakar, gamle smakar, alt i ei skjønn foreining. Vi blir tekne med til den etiopiske savannen. Der er elefantar, hyener og løver som dansar rundt oss. Vi manglar berre Elton John på nabobordet. Ein ny bit tek oss med til Tanasjøen. Den neste biten tek oss med til marknaden i Addis Ababa.

Mette og gode sit vi ikkje berre igjen med tilfredsstilte smaksløkar, men også tilfredsstilte eventyrsansar, luktesansar, auge og sinn. Heldigvis slapp vi å fare uforberedt på denne reisa. Servicen på Horn of Africa er nemleg mesterlig, og ein stor del av opplevelsen. Alt frå dampande klutar før og etter måltidet, til å vise korleis i alle dager ein ét gryterett med fingrane. Prisen er også på eit akseptabelt nivå. 179 kroner og du blir mett som ein flodhest.

Framleis er der noko ved denne staden, som vi ikkje heilt klarer å beskrive. Ei spenning i lufta, kombinert med ei slags magisk ro. Det er som du har kome til ein totalt ukjend plass, men føler deg velkomen og trygg likevel. La det vere sagt: På Horn of Africa et du ikkje eit måltid, du sluker ein heil opplevelse!

Karakter: 5/5

Powered by Labrador CMS