UiB-student Ellen har skrive bok om lengsla etter ein far

Skrivelysta har stått sterkt hjå Ellen Løvhaug Harrison sidan ho var liten. I februar debuterte ho med si første bok.

STUDENT OG FORFATTAR: Medan ho gjekk på skapande skriving på Skrivekunstakademiet i Bergen, starta Ellen Løvhaug Harrison å skrive boka «Søv berre når du søv».
Publisert Sist oppdatert

Studvest møter Ellen Løvhaug Harrison (29) på kafeen på Universitetsmuseet ein våt marsdag.

Harrison er frå Lofoten, men budde i USA dei to første leveåra sine. Far hennar er nemleg frå North Carolina, og her budde ho saman med pappa, mamma og storesystra hennar. 

Etter ho vart vaksen har ho budd i både Oslo, Sogn og no i Bergen.

Skriveglede

I Sogn jobba Harrison både på bibliotek og på kulturskulen, der ho mellom anna skreiv teater for kulturskulen. 

– Eg visste ikkje heilt kva eg ville jobbe med, men eg har alltid likt godt å skrive, seier ho.

Heilt sida ho var liten har skrivelysta vore stor. Ho veit ikkje kvar det kjem ifrå.

– Det er ein måte å få ting klart framføre seg. Eg tenkjer mykje betre på papir enn eg gjere inni hovudet, seier ho.

Ho seier at å skrive ting ned bidreg til at ho forstår det betre. Dette er noko ho har gjort sidan ho lærte seg å skrive.

– Eg har ein tekst heime som eg skreiv då eg var liten. Eg lærte meg å snakke engelsk sidan vi budde i USA, men eg kunne ikkje skrive det, så teksten er stava lydleg. Why er stava oæi, seier ho og smiler. 

Lengsla etter ein far

Boka ho har skrive handlar om ein familie, og er skriven frå eit av døtrene sitt perspektiv. Ho sit og ser på gamle bileter og heimevideoar.

SKAPANDE SKRIVING: Ellen Løvhaug Harrison har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen. Det var her ho begynte å skrive boka.

– Faren i boka døyr, og dottera prøver å setje saman alle desse fragmenta av ein far for å lage ein fullstendig figur av han, seier ho.

Ho seier og at historia handlar om korleis ting ikkje alltid blir som ein skulle ønskje. 

I arbeidet med boka gjekk Harrison gjennom brev, videoar og bilete for å finne materiale.

– Er boka sjølvbiografisk?

– Nei, dei vil eg ikkje seia. Eg har jobba med konkret materiale, men eg brukar det som ei kjelde til inspirasjon, seier ho.

Ho innrømmer at det er mykje i boka som kan kjennast att, mellom anna namna til karakterane.

– Det er fordi det kjennast kunstig å gje dei nye namn, seier ho.

Ho ønskjer at folk skal kunne lese og tolke boka for seg sjølv, utan at ho kan seia noko om kva som var tanken bak.

– Boka må få lov til å leve sitt eige liv og då føler eg det er viktig at eg ikkje blandar meg, seier ho.

Tips frå svigermor

Det var svigermora som tipsa ho om Skrivekunstakademiet i Bergen, som tilbyr eit årsstudium i skapande skriving.

Ho hadde aldri høyrd om det før.

Hausten 2019 begynte ho og elleve andre studentar på Skrivekunstakademiet. Her fekk ho prøve seg på mange forskjellige sjangrar som kort-prosa, roman og lyrikk.

Lyrikk var ein av dei siste sjangrane dei jobba med. Det var då Harrison byrja å skrive på boka som ho no har gjeve ut på Samlaget

Harrison fortel at boka er skriven i lyrikksjangaren.

– Kvifor valde du å skrive lyrisk?

– Det tok den forma av seg sjølv. Eg hadde ikkje skrive mykje lyrikk frå før men det kjentes naturleg å skrive på den måten her, seier ho.

Harrison fortel at ho skreiv mykje sangtekstar då ho var liten. Ho trur det kan vere ei årsak til at det kjentes naturleg å skrive lyrisk.

– Sangtekst og lyrikk er beslekta og skrivast litt på same måte, seier ho.

Følgjer mogelegheitane

Harrison var ferdig på Skrivekunstakademiet våren 2020, og begynte å studere litteraturvitskap på Universitetet i Bergen (UiB). Der er ho nå inne på sitt siste semester.

LITTERATURVITSKAP: Harrison er no inne i sitt siste semester på Litteraturvitskap på Universitetet i Bergen (UiB).

Kva ho skal gjere etterpå er ho ikkje sikker på.

– Eg veit framleis ikkje kva eg vil jobbe med, eller kvar eg vil bu, men eg går dit mogelegheitane kjem, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS