UiB-studentar kan miste fri tilgang til fleire pensum-artiklar

Forsikrar om at studentane ikkje må betale ekstra, men brot i forhandlingane kan gje meir praktiske utfordringar.

GRATIS: Universitetet i Bergen kan miste tilgangen til artiklar publisert av dei akademiske forlaga Elsevier, SpringerNature, Taylor & Francis og Wiley om forhandlingane med Unit blir brote.
Publisert Sist oppdatert

I haust starta forhandlingane mellom Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning (Unit) og fire av dei største akademiske forlaga, Elsevier, SpringerNature, Taylor & Francis og Wiley om open tilgang til vitskaplege artiklar. Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB), NTNU og UiT Noregs arktiske universitetet har støtta seg bak Unit, og samarbeidar no i forhandlingane om open tilgang. 

Khrono melde i starten av januar at studentar blir oppfordra til å lasta ned artiklane dei har på pensum, i tilfelle forhandlingane bryt. Forlaga ønsker å ta meir betalt for tilgangen, noko dei norske universiteta stiller seg mot.

Oppdatert: Ifølge Khrono har Taylor & Francis og Springer Nature bekreftet at de ikke vil stenge tilgangen med det første. UiB sendte imidlertid ut en e-post 1. februar om at studenter burde laste ned artikler fra de nevnte forlagene før artikler forsvant. I skrivende stund er 2,196 artikler fra Elsevier påvirket, hvor de fleste er borte fra UiBs arkiver.

Har alternative tilgangar

Prorektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Margareth Hagen, er med i forhandlingane og fortel at om forhandlingane skulle bryte og universitetet mistar tilgongen sin til artiklar som er publisert av eit av dei aktuelle forlaga, kan universitetsbiblioteka hjelpe til å finne alternative tilganger.

FORHANDLINGER: Prorektor ved UiB, Margareth Hagen, deltek i forhandlingane om open tilgang. FOTO: UiB/Thor Brødreskift.

Avdelingsdirektør ved Universitetsbiblioteket ved UiB, Maria-Carme Torras Calvo, fortel at Universitetet i Oslo, NTNU, UiB og UiT Noregs arktiske universitetet og Unit gjer det dei kan for å få forhandlingane i land, og kan informere om at dei føreslegne alternative tilgangane ikkje skal koste studentane noko ekstra om forhandlingane bryt.

– Først kan studentane sjekke om artiklane er tilgjengelege gratis på nett. Om dei ikkje er der, kan studentane bestille artiklane online frå Universitetsbiblioteket, eller spørre oss om hjelp.

Torras Calvo forsikrar om at universitetet vil ta på seg dei ekstra kostnadane, og at studenten ikkje skal betale av eigen lomme om forhandlingane bryt.

Praktisk hindring

Sjølv om brot i forhandlingane ikkje vil koste studenten ekstra pengar, kan det bli meir tidkrevande å skaffe seg dei artiklane ein treng.

– Kva andre konsekvenser kan brudd i forhandlingane gje for studentane?

– Ved brot i forhandlingane kan det ta litt lenger tid før studentane får tilgang til artiklane sine om dei må bestillast, og ikkje lenger er tilgjengelege med eitt klikk slik dei er no, fortel Torras Calvo.

Kan bli forskjellar

Kva studentgruppe som vil miste tilgang til flest artiklar ved forhandlingsbrot, avheng av kva forlag forhandlingane eventuelt bryt.

– Elsevier publiserer mest innan medisin, og matematiske og naturvitskaplege fag, og vil ramme studenter ved Det matematiske og naturvitskaplege fakultet, medan Det samfunnsvitskapleg fakultet og Det humanistisk fakultet avheng mykje av publiseringer frå forlaget Taylor & Francis, fortel Torras Calvo.

SKAL HJELPA: Avdelingsdirektør ved Universitetsbiblioteket ved UiB, Maria-Carme Torres Calvo, fortel at dei skal hjelpe studentane med å finna og bestilla artiklane om forhandlingane bryt.

– Mest ønskeleg er det å bli ferdig med forhandlingane, og lande gode avtalar slik at ingen blir ramma, legg Torras Calvo til.

Forhandlingane pågår fortsatt.

Powered by Labrador CMS