Nyhet

Utval vil fjerne blind klagesensur og kjønnspoeng

Statsråd Asheim (H) tok i dag i mot Noregs offentlege utredingar (NOU). Utvalet vil blant anna fjerne kjønnspoeng og blind klagesensur.

ARKIVFOTO: Adrian Grindbakken
Publisert Sist oppdatert

Saka blir oppdatert.

I dag kom det ei ny utreding frå universitets- og høgskulelovutvalet. Utvalet har gått gjennom universitets- og høgskulelova, og har kome med fleire forslag til endringar.

Dei ynskjer blant anna å fjerne blind klagesensur, fjerne kjønnspoeng, innføre ein alternativ karakterskala, og å ha to sensorar på alle eksamenar.

– Dette forslaget til ny lov tar tak i mykje bra, men utfordrer også autonomi og studentane sine rettigheiter. Mange av forslaga er frå vår side heilt uaktuelt med endringar på, seier leiar i Arbeidsutvalet (AU) ved Universitetet i Bergen (UiB), Andreas Trohjell.

Ei ny «loddtrekning»

Studvest har fleire gonger omtalt studentar som har gått anten kraftig opp eller ned på karakterskalaen etter å ha klaga på karakteren.

Blind klagesensur inneber at når ein student klagar på karakteren, så får ikkje den nye sensoren vite kva karakter studenten fekk frå den første sensoren. Den nye sensoren får heller ikkje vite kommentarane den gamle sensoren gjorde seg, eller kvifor studenten valde å klage på karakteren.

Det har vore stor usemje om dette er hensiktsmessig for studentane, eller ikkje.

I 2018 uttalte jussprofessor og sensor, Erling Johannes Husabø, at han meinte systemet kun opna for ei ny «loddtrekning».

– Dette kan føre til eit uhensiktsmessig sprik mellom opprinneleg karakter og karakteren gitt etter klaging, uttalte han til Studvest då.

SPRIK. Sensur dreier seg om skjønn, fortalde Husabø til Studvest i 2018. ARKIVFOTO: Elin Marie Gjeraker

Andre har tatt til orde for å forsvare ordninga. Mange studentar meiner at blind klagesensur er den mest rettferdige ordninga, i følgje Khrono.

Leiar av AU, Andreas Trohjell, skriv i ei melding til Studvest at dei ynskjer fjerning av blindsensur velkommen, så lenge det betyr at studentane vinn på områda det går utover.

– Blindsensur var ein gong eit studentgjennomslag, men me ser no at det kan gå utover studentane sine andre behov. Grunngjevinga for karakteren, og studentane si grunngjeving for klage, bør bli tatt med i vurdering av ny sensur.

Fjerning av kjønnspoeng

Eit anna punkt utvalet ynskjer å innføre endringar på, er kjønnspoeng. I dag har blant anna NTNU kjønnspoeng for kvinnelege søkjarar ved fleire av ingeniørutdanningane sine, medan UiB og Universitetet i Oslo (UiO) har kjønnspoeng for mannlege søkjarar ved profesjonsstudiet i psykologi.

SAMFUNNSBEHOV. Trohjell meiner at ein heller bør sjå på kvotar der det er kjønnspoeng i dag. ARKIVFOTO: Silje Dahle

Trohjell meiner at utvalet heller burde sett på kvotar innanfor studium som i dag har kjønnspoeng.

– Nokre studium, som profesjonsstudiet i psykologi, har eit samfunnsbehov for begge kjønn.

Powered by Labrador CMS