Nodjigoto Charbonnel har jobba mot tortur i Tsjad i over tjue år. Torsdag blei han tildelt Raftoprisen for sitt arbeid.

SIDAN 1987. Raftoprisen har blitt delt ut sidan 1987.


Nodjigoto Charbonnel tildelast prisen for sitt arbeid for å avskaffe tortur i Tsjad og for å gi ofre for tortur hjelp til å byggje opp att liva sine.

– Tortur har vore forboden i nesten 40 år, men likevel skjer det i så stor skala i eit land som veldig få veit om, fortel leiar i Raftostiftelsen si studentgruppe, Maria Lie Jordheim (22).

– Systematisk tortur

Raftostiftelsen vart stifta i 1986 for å minnast professor Thorolf Rafto sitt arbeid for menneskerettane. Kvart år sidan har Raftoprisen blitt delt ut til organisasjonar eller personar som arbeidar for å fremja menneskerettane.

«Charbonnel vert tildelt årets Raftopris for den modige kampen for å avskaffa tortur, både i Tsjad, og i verda som heil» står det i årets grunngjeving.

AVSKAFFE TORTUR. Charbonnel kjempar for å avskaffe tortur i Tsjad og resten av verda.

Charbonnel er grunnleggjar og leiar for organisasjonen Association Jeunesse pour la Paix et la Non-Violence (AJPNV) og jobbar i eit samfunn der tortur skjer systematisk og er retta mot befolkninga, fortel Jordheim.

– Det er eit arbeid og ein person som treng merksemda vår. Verda har snudd ryggen til dette landet og det som skjer her, seier Jordheim om prisvinnaren.

Risikofylt

Vidare utdjuper Jordheim om kor krevjande arbeidet til Charbonnel er. Ho fortel at Tsjad er eit land med mykje politisk uro, fattigdom og landet er prega av tilfeldig fengsling, forsvinningar og trakassering. 

Sjølv har Charbonnel vore fengsla heile tre gonger for arbeidet han gjer, noko som understrekar kor lite rom det er for å uttrykkje seg, meiner Jordheim.

INSPIRERANDE. Jusstudent Maria Jordheim meinar Charbonnel sitt arbeid er inspirerande.

– Det at Charbonnel likevel står opp for det han trur på, visar at i slike situasjonar som verkar utruleg håplause, så er det framleis verdt å ta kampen, fortel Jordheim. 

Sendt i eksil

Arbeidet hans går blant anna ut på å både førebyggje og rehabilitere ofre for tortur. Det handlar om å undervise advokatar, lærar, legar og studentar om kva konsekvensar det vil ha for både individet og samfunnet. 

Tsjad er eit land med mykje politisk uro, fattigdom og landet er prega av tilfeldig fengsling, forsvinningar og trakassering. 

Maria Jordheim, leiar i Rafto si studentgruppe

– Derfor er det viktig at dette vert snakka om, seier Jordheim. 

Prismottakaren sin far vart sjølv utsett for tortur, og det er noko av grunnen til at Charbonnel har vald å jobbe aktivt med temaet. Han har sjølv opplevd mykje motgang, blant anna blitt sendt ut i eksil, kan Jordheim fortelje. Likevel har Charbonnel kome tilbake og fortsett arbeidet sitt.

– Det er utruleg inspirerande.

Raftoprisen blir delt ut søndag 13. november på Den Nationale Scene. 

LES OGSÅ:

Kommentarer

kommentarer