Vi får vel flytte til Kristiansand om vi skal håpe på å leve over fattigdomsgrensa

Å leve som student i Bergen bør ikkje føre til månadleg underskot på 3472 kroner.

UNDERSKOT. Kvar måned går bergensstudentar omtrent 3500 kronar i minus.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Kvar måned går bergensstudentar omtrent 3500 kronar i minus. Og med aukande leige- og straumprisar, blir økonomien berre trongare og trongare for studentane. Det kjem fram i den nye undersøkinga til Norsk studentorganisasjon (NSO).

I undersøkinga ser NSO også på dei utrekna utgiftene for ein person som bur i eit bufellesskap. Dei reknar ut at ein bergensstudent som leiger eit rom i eit bufellesskap for ein snittpris, vil gapet mellom det ein får i støtte og vanlege utgifter kvar månad vere 3472 kronar. Straumutgifter er ikkje inkluderte i oversikta. Det tilseier at studenten går omtrent 3500 kronar i minus kvar månad. Dette gapet veks ettersom leiga og straumen blir dyrare.

For å sjå kvifor studentbudsjettet ikkje strekk til, må vi sjå på undersøkinga. Så hold dykk fast, no skal vi gå gjennom nokre tal. I NSO sin nye analyse har dei analysert den norske utleigemarknaden. Ved å gjennomgå 60.000 bustadannonsar i 25 byar frå juni til desember 2021, har dei kartlagt kor mykje det kostar å leige i Noreg. Ikkje overraskande, finn vi Bergen blant dei topp fem dyraste. 

I undersøkinga kjem dei fram til at det i snitt kostar 9405 kroner å leige ein bustad per månad i Bergen. Ein hybel og eit rom i bufellesskap kostar 6980 og 5389 kroner å leige per månad. Sidan dei fleste studentane vel å bu enten i hybel eller i bufellesskap, kan ein unngå å betale snittsprisen på 9405 kroner.  

Prisane utgjer likevel ein stor del av den månadlege støtta, og det er derfor bekymringsverdig at studentar er forventa å bu i slike leiligheter, som heller ikkje lever opp til standarden av det ein kunne ha forventa til ein slik pris. 

Dyre leigeprisar og dårleg informering om energiforbruk gjer det dyrt og ikkje føreseieleg for studentar å leige. 

Svært få av annonsane viser kor mykje det kostar å varme opp bustaden, og kun 25 prosent av bustadene har strøm inkludert i prisen.  Med straumprisane i dag kostar det omlag 2000 kroner å varme opp ei leilegheit på Vestlandet. For mange studentar utgjer dette ein stor ekstrakostnad. 

Av alle dei 25 byane i undersøkinga, kjem Kristiansand ut som den billegaste plassen å leige. Her finn ein lågast kvadratmeterpris, uansett boligtype, med ein gjennomsnittleg leigepris er på 8474 kroner. Plutseleg verkar Kaptein Sabeltann og «bløde» konsonantar meir appellerande. Det dei manglar i byfjell og universell Hansa-tilgang, tek dei igjen med eit større håp om å leve over fattigdomsgrensa. 

Powered by Labrador CMS