Vil setta fokus på seksuell trakassering

Studentorganisasjonar vil skapa oppmerksomheit rundt seksuell trakassering. UiB og SP-UiB har allereie starta.

INFORMERT: Skodespelarane i studentteateret Immaturus har fått påminning frå leiinga om å seie i frå om uønska situasjonar. F.v. Hanna Elise Jozefiak, Oda Helliesen Ramsland, Ingvild Bjørnson, Maja Sundt og Stine R. Svellingen. FOTO: Nora Elvestad.
Publisert Sist oppdatert

Teatersjef i Studentteateret Immaturus, Eirin Lindtner Storesund, meiner det er lett å tenke at seksuell trakassering ikkje skjer i eins eige miljø.

– Ein er glad i organisasjonen sin og menneska der. Det er lett å dytte sakane om Harvey Weinstein og Trond Giske vekk, då både Hollywood og Stortinget er så fjernt. Likevel skal ein ikkje vere naiv, seier ho.

Vidare fortel ho at styret i studentteateret arbeidar for å få på plass meir spesifikke retningslinjer når det gjeld seksuell trakassering. Dei har teke kontakt med Sammen, som no skal hjelpe dei på veg til å handtere slike saker.

– Me har veldig vage retningslinjer for seksuell trakassering, og eg ønskjer at framtidige styrer skal vite akkurat korleis dei skal handtere slike tilfeller. Eg liker å sjå på #metoo som ein katalysator, og håper endringane som no skjer er vedvarande, seier Storesund.

Ekstra kommunisert
RELEVANT: Immaturus har valt eit stykke som vil hylle vaginaen og fjerne skam for offer for overgrep. F.v. Hanna Elise Jozefiak, Oda Helliesen Ramsland og Ingvild Bjørnson. FOTO: Nora Elvestad.

– Me har to personer me kan varsla om ein opplev uønska oppmerksomheit. Det har leiinga gjort oss ekstra oppmerksom på i det siste, seier Hanna Elise Jozefiak, ein av skodespelarane i Immaturus si oppsetting.

Skodespelarane er samde om at debatten har gjort det lettare for kvinner å seie i frå, og meiner fokuset er bra. Samtidig som dei ikkje har vitna seksuell trakassering i organisasjonen sjølv, er dei klar over at det kan skje.

– Me er ein kvinnedominert organisasjon, men ein skal ikkje fornekta at medlem kan bli trakassert av den grunn, seier regissør Ingvild Bjørnson.

Trur auka fokus er nøkkelen

– Eg trur det er viktigaste tiltaket mot seksuell trakassering er å setta det i fokus, seier leiar i Norges Handelshøyskoles Idrettsforening (NHHI), Jostein Lund Halvorsen.

Halvorsen fortel at NHHI er underlagt NHHs studentforening (NHHS) sine retningslinjer for seksuell trakassering, men innrøm at han ikkje er særleg kjent med desse. Han legg likevel vekt på at seksuell trakassering er noko ein skal ta alvorleg.

Vidare fortel han at Kjernestyret på Handelshøgskulen no arbeidar for å skapa oppmerksomheit rundt og opplysning om seksuell trakassering, noko NHHI-styret også tek del i.

– Å få på plass eit organ som tek studentane på alvor, trur eg ville vore eit godt tiltak, seier han.

Skal gjere det enklare å seie i frå

I ettertid av #metoo har også fleire utdanningsinstutisjonar forstått at det er eit behov for betre opplysning og enklare rapporteringssystem i saker om seksuell trakassering.

Universitetet i Bergen har no opna eit nytt skjema på nett, «Si fra», som skal gjere det enklare for studentar å rapportera om dårleg læringsmiljø.

No følg Studentparlamentet i Bergen opp, og lanserar kampanjen «Aldri OK». Formålet er å opplysa og samla studentar og studentorganisasjonar i kampen mot seksuell trakassering.

KAMPANJE. Studentorganisasjonane får hjelp til å setta seksuell trakassering i fokus, mellom anna gjennom kampanjen «Aldri OK» frå Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen. FOTO: SP-UIB.

Studentparlamentet har fått til eit samarbeid med Sammen, som skal tilby studentorganisasjonane kompetanse og ressursar for å motarbeide og handtere seksuell trakassering i studentmiljøa, blant anna ved å tilby kurs.

– Det er først og fremst ein haldningsskapande kampanje, seier leiar av SP-UiB Håkon Randgaard Mikalsen.

Powered by Labrador CMS