Nyhet

Denne historiske gjengen skal leie Velferdstinget Vest

Det nye styret til Velferdstinget Vest består av tre studentar frå NHH og éin frå Fagskolen i Hordaland. Det gjer dei historiske.

ARKIVFOTO: Kristin Eidsheim
Publisert Sist oppdatert

Velferdstinget Vest

  • Er ei samansetjing av studentdemokratia til alle utdanningsinstitusjonar som er tilknyta Sammen og har som mandat å fordele studentane si semesteravgift på 5,6 millionar kroner.
  • Velferdstinget jobbar med studentpolitikk der politiske tema kan vere psykisk helse, studentboligar, kantiner, helsestasjon for ungdom og kulturtilbud.
  • Styret i Velferdstinget består av leiar, nestleiar og tre styremedlem. Arbeidsutvalet til Velferdstinget består av leiar og nestleiar, og dette er honorerte fulltidsstillingar.

På dagens digitale møte i Velferdstinget Vest (VT Vest) vart det valt eit nytt styre og eit nytt Arbeidsutval. Både sitjande leiar, Anette Arneberg, og nestleiar, Amalie Johnsen Lunde, stilte til gjenval – og vann. Difor skal dei begge fortsetje i sine respektive verv også det komande året.

Innstillinga til leiarvervet blir grunngjeven med at dei ser ein stor motivasjon i Arneberg til å fortsetje det arbeidet som allereie er starta dette året.

Etter valet fortel Arneberg at at ho er glad for å ha bitt gjenvalt.

– Det føles veldig fint. I ei tid som dette føles jo studentdemokratiet viktigare enn nokon gong. Koronasituasjonen har vist at me sit med eit enormt ansvar for studentane sin situasjon, og dette ansvaret føles det godt å ha fått tilliten til å utføre. Det føles også overraskande fint å bli valgt digitalt i mitt eige rom, og selvfølgeleg å bli valt saman med min sitjande nestleiar, Amalie Johnsen Lunde.

NESTLEIAR. Amalie Johnsen Lunde frå NHH er gjenvalt som nestleiar i VT Vest. ARKIVFOTO: Amalie Vadla

Arneberg meiner at ei av dei viktigaste sakane det neste semesteret er studentrabatt på kollektivtransport, noko ho også har jobba for det sitjande året.

– Det neste året vil eg prioritere å jobbe med studentrabatt på kollektivtransport, fordi eg opplev at det er den saka me har mest å gå på. Me har starta gode prosessar med seksuell helse og studentboligar, no må me gjere ein jobb for studentane som bruker tusenvis av kroner på å reise kollektivt, fortel ho.

Eit historisk styre

På førehand var det historisk mange studentar frå NHH som var innstilt til dei ulike verva.

Tidlegare har Studvest skrive om det ekstraordinære valet i VT Vest i mars, då Amalie Johnsen Lunde frå NHH vart vald som nestleiar. Aldri før har nokon frå NHH vore med i Arbeidsutvalet til VT Vest før.

Ved det digitale valmøtet i dag vart det igjen ei historisk samansetjing av studentar, då overvekta valde studentar i styret kjem frå NHH. I tillegg vart det vald inn ein representant frå Fagskolen i Hordaland.

Ida Sofie Gunnerød Søfteland er førsteårsstudent ved NHH, og vart vald som styremedlem saman med Joachim Knudtsen Indrevik, som også studerer ved handelshøgskulen. Dei vart valt saman med Tom Alexander Østensen som kjem frå Fagskolen i Hordaland.

Fagskulane har ikkje vore underlagt Sammen før inntil nyleg, difor er det også historisk at styret har ein representant frå ein av fagskulane.

Powered by Labrador CMS