Desse skal kjempe for kantine, tampong og studentmiljø

Maren Braaten og Henrik Haug er to av ti nye bergensrepresentantar på Studenttinget. Dei har kvar sine hjartesaker - men er einige om at dei gjerne skulle sett ei høgare valdeltaking

NYVALTE. Maren Braaten (19) og Henrik Haug (23) ser fram til å representere HVL-studentane på Studenttinget. FOTO: Martin Anda
Publisert Sist oppdatert

1. november blei resultatet frå studentvalet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) offentleggjort. HVL-studentane har dermed bestemt kven som skal representere dei som instituttillitsvalde og på Studenttinget.

Studenttinget er det øverste studentpolitiske organet ved HVL. Det består av 20 studentrepresentantar, korav ti representerer campus Bergen. Dei resterande ti er valt inn frå Førde, Sogndal og Stord.

I tillegg er fem varaer valgt inn for bergensrepresentantane.

Viss du vil lese meir om korleis demokratiet på HVL fungerer, har vi forklart det kort her.

Kantine, tampong og miljø

Blant dei ti nyvalte representantane frå campus Bergen er radiografistudenten Maren Braaten og maskiningeniørstudenten Henrik Haug. 

Dei er einige om kva dei synest om å bli valt inn på Studenttinget:

– Veldig stas, seier Braaten.

– Ein har jo så klart lyst å få det til når ein går til val, så det var digg, skyt Haug inn.

Dei to representantane oppgjer begge at dei gjekk til val fordi dei har nokon hjartesaker. No ser dei fram til å bruke plassen på Studenttinget til å jobbe for å få dei gjennom. 

For Braaten sin del er det to saker som omhandlar studentøkonomien som står i fokus.

ENGASJERTE. Maren Braaten (19) og Henrik Haug (23) veit kva dei vil kjempe for på Studenttinget. FOTO: Martin Anda

– Kantina syns eg er for dyr, så eg vil gjere det eg kan for å få den ned. Og gratis bind og tampongar. Universitetet i Bergen har allereie fått det, og som student har ein andre utgifter å prioritere enn det, seier ho.

For Haug, som allereie er aktiv både i BTSI og linjeforeining, er det studentmiljø som står i fokus.

– Eg vil vere med på å løfte studentengasjementet, og gjere det lettare for studentane å kome saman og finne sine folk.

– Også løfte valdeltakinga, det er jo absolutt eit mål, legg Braaten til med eit smil.

Låg valdeltaking

Det var 31 kandidatar som kjempa om dei 20 plassane på tinget, og berre 6,41 prosent prosent av HVL-studentane nytta stemmeretta si ved studentvalet. 

Til samanlikning gjorde 8,44 prosent prosent i fjor det same.

Braaten trur at verken valet eller arbeidet til Studenttinget har nådd godt nok ut til studentar som ikkje er engasjert i studentpolitikken frå før.

– Eg nevnde valet for nokre venninner, og dei visste ikkje kva eg snakka om. Også trur eg ikkje folk ser kva Studenttinget har å seie for dei som studentar.

Til det nikkar Haug anerkjennande. Han trur studentane må merke at Studenttinget får gjennom saker som er aktuelle for dei for at dei skal sjå funksjonen det har.

– Å vere synlig trur eg er viktig. Om me får gjennomslag utan at studentane merker noko, kan dei fort tenkje at dei ikkje treng å fikse noko som funkar av seg sjølv.

Dei understreker at det har vore mykje informasjon om valet, mellom anna med eigen stand og banner på campus.

– Den innsatsen har jo kanskje gjort sitt til at valdeltakinga låg oppe på seks prosent, og ikkje tre eller fire. Men det er vanskeleg å seie kvifor det er slik, seier Haug.

Tek i mot innpel

Jelle Sebastian Buin er leiar for Studenttinget på HVL. Han peiker på fleire ting som kan ha gitt utslag i valoppslutninga.

– I år ble det ikkje reklamert om valet inne på canvas (lærings- og kommunikasjonsplatform for studentar, red.anm), som eg trur er hovedgrunnen for at vi ser ein liten nedgang. Utover dette er det så mange faktorer som speler inn, at det er vanskelig å seie.

Han forteljer at dei har stått på stand, lagt ut innlegg i sosiale medium og gjennomført konkurranse for å promotere valet, i tillegg til å ha doaviser og sendt ut e-postar til studentane.

Han meiner Braatens kommentar om arbeidet frem mot valet er ein viktig observasjon som gjer dei mulighet til å forbetre seg til neste år.

– Vi tek alltid i mot innspel på kva som kan vere betre kanaler, enn dei som er brukt i år. Det er ein utfordring å nå ut til spesielt dei studentane som ikkje er så opptekne av politikk, seier han.

Powered by Labrador CMS