Eg var sjølvstendig, kapabel og ustoppeleg.

HEIMENFRÅ. Det er ei vond oppleving å vere pjusk langt heimanfrå for første gong, skriv journalist Martin Anda.


Dette er en apropos. Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Det ser ut til å bli eit uvanleg normalt semester, sånn pandemimessig. Ei hypersosial fadderveke, fysiske forelesingar og ei liberal haldning til offentlege nysekuler tyder på at folk har vinka mentalt farvel til unntakstilstand.

Men bakteriane tek aldri fri. Like bak koronaen luskar titusentals variantar av den relativt ufarlege, men frykta fetteren: vanleg hushaldsinfluensa.

Våre nye medstudentar som no har trødd ut av heimen sitt lune reir for første gong vil nok take mine åtvaringar for hypokondri.

Eg var òg hovmodig i min ungdoms vår. Som nyleg utflytta var eg sjølvstendig, kapabel og ustoppeleg. Eg hadde vaffelrøre til middag, skreiv litterære makkverk medan andre sov og ringde aldri heim for å be om noko anna enn pengar. Eg hadde fått smake på fridomen, og skulle aldri lengte heim igjen.

Så kom influensaen. Den ein gong kapable og sjølvstendige ungdomen vart brått redusert til ein hjelpelaus, skjelvande klump som kviskra gråtkvelt etter mor. Ein munnfull snått og 0,8 grader over normal kroppstemperatur var tua som velta lasset. Det gav utslag på Richters skala då hovmodet gjekk i bakken.

Det er ei vond oppleving å vere pjusk langt heimanfrå for første gong. Kven skal dulle med deg døgnet rundt når mor og far blei igjen på andre sida av fjellet? Kven skal lage te og suppe, fylle på med nytt snåttpapir og stryke deg over håret slik at du veit at alt kjem til å bli bra? Kollektivet?

I min erfaring seier solidariteten og kameratskapet i kollektivet takk for seg når det er smittefare i biletet. Nei, det er utelukkande foreldre som kan gje dei pjuske den omsorga dei treng.

I eit meir utopisk samfunn kunne studentsamskipnaden hatt eigne sjukeforeldre med spisskompetanse i trøyst for å vareteke våre pjuske bortebuarar. Dei kunne reist rundt med nudelsuppe, sjokolade og trøystande ord, aller helst på språket og dialekta til den det gjaldt.

For å minske smittefaren for dei tilsette kunne ein trøystehanske vore montert på ei lang stong, slik at dei kunne stryke dei over håret og sei at alt kom til å bli bra.

Slik er det ikkje. Kjøp regnjakke.

Kommentarer

kommentarer