– Eg er vant til å la livet mitt vere i andre sine hender

Alexander Petersen (26) har eit litt anna utgangspunkt enn andre studentar. Han tar oss med på ein dag i hans liv, med alle oppturar og nedturar som følgjer med det å vere student i rullestol.

LATTER. – Har brillene mine blitt om til solbriller no? Ånei, eg ser sikkert ut som den divaen! Hehe.
Publisert Sist oppdatert

– Har du sete i rullestol heile livet?

– Ja, eg er fødd sånn. Og når ein er fødd funksjonshemma så får ein eit litt anna perspektiv enn om ein blir funksjonshemma i ei ulukke.

Alexander fortel at det er eitt spørsmål han ofte får, og som går igjen:

– Folk spør meg heile tida om eg ikkje saknar det å kunne gå, eller om eg ikkje synes det er synd at eg ikkje kan gå. Det høyres kanskje rart ut å seie det, men for meg er det litt abstrakt. Det einaste er at det hadde vore praktisk å kunne gå, men eg har ikkje noko savn etter noko som eg aldri har hatt. Det hadde vore greitt å kome seg rundt, men det kan også løysast ved at alle stader er tilgjengelige, seier han.

Det er mange som nikkar, smiler, og seier «hei» til Alexander når vi beveg oss bortover på Høyden.

– Du trives med slik som livet ditt er no?

– Ja, eg har ikkje noko anna referansepunkt. Så lenge eg har vener, for eg er eit ganske sosialt menneske, så er eg nøgd. Det er ikkje alle som har privilegiet ved å kunne vere så sosial som eg er.  

Eit sosialt menneske

Kulda riv i nasen, og det kjem frostrøyk ut av munnen til studentane som hastar forbi. Alexander fortel at vêret i Bergen nærmast alltid er ei avveining mellom regn eller kaldt. Sjølv har han tilbakelagt 26 år i byen mellom dei sju fjell.

Destinasjonen denne kalde oktober-føremiddagen er Sydneshaugen, nærmare bestemt studentbaren til HF, Ad Fontes. Alexander er ein hyppig gjest der, blant anna på onsdagsquizen, kor quizlaget hans har vore regjerande meistrar fleire semester på rad. Han fortel om miljøet på Ad Fontes, kor bra han synes det er. Spesielt kor låg terskelen er for å byrje å snakke med andre. 

Det er berre ein sofa ledig heilt bakerst i hjørnet på Ad Fontes, men det er vanskeleg å kome seg fram. Det står skulevesker overalt, og folk sit med sjølvplasserte stolar rundt i lokalet. Det gjer det litt vanskeleg å navigere seg mellom, og spesielt for Alexander, som skal navigere ein elektrisk rullestol.

HJELPSAM. Alexander fortel at han synes folk på HF er svært hjelpsame med å halde opp dører og andre ting når han kjem.

– Her var det litt fullt. Skal vi heller gå utanfor?

Vi går mot døra bakerst i lokalet. Det er ein som ropar «Alex!» og smiler og vinkar. Mange nikkar anarkjennande til oss når vi går forbi dei.

Uteområdet til Ad Fontes er tomt. Men Alexander bryt ut:

AMBISJON. Alexander fortel at den største draumen hans er å bli forskar.

– Nei, vi kan ikkje ta bileter her. Det er jo berre grå betongvegg! Eg ser for meg tittelen allereie: «Alex pratar ut om den vanskelege tida». Nei, det går ikkje!

Han slengjer hovudet tilbake og ler så det ljomar i betongveggene. Det er vanskeleg å ikkje smile av ein slik hjertevarm latter.

Klar for master

Det er stille i borggården ved Sydneshaugen skole. Dei fleste studentane er anten i forelesing eller på lesesal. Vi er heilt åleine mellom dei gule bygningane, og det er kaldt, men friskt. Ei kråke skrik frå det eine treet.

– Korleis er ein vanleg dag for deg?

– Ein vanleg dag?Hehe. Vel, viss eg er flink så leser eg litt og så skriv eg litt, fortel hanmed eit lurt smil om munnen.

– Det høyres ut som du er ein flink student!

– Flink student er eg sikkert ikkje. Men eg er svært interessert i faget, så det er jo ein fordel!

Frå før av har Alexander ein bachelor i lingvistikk. No tar han master i engelsk. Meir spesifikt skal han skrive masteroppgåve om shetlandsk dialekt, noko han innser sjølv at er eit ganske snevert emne å vere brennande lidenskapeleg om. Likevel synes han det er av stor interesse.

Vanskelege dører

Det å kome seg rundt på fakultetet er ikkje alltid like lett. Med ein elektrisk rullestol å navigere gjennom tronge gangar og stader med brustein og trapper, har Alexander ein del utfordringar som den alminnelege student ikkje møter.

– Korleis er det for deg å bevege deg rundt på campus?

LIDENSKAP. Alexander pratar litt på shetlands dialekt med oss – vi må le litt, for det høyres ikkje ut som engelsk ein gong.

– Det går greitt, bortsett frå at dørene ikkje er automatiske. Då er eg avhengig av at det kjem andre folk for at dei skal kunne opne døra for meg, seier han. 

Han viser til døra inn til Sydneshaugen. Der er det ein knapp å trykke på for at døra skal opne seg, men om ein kjem frå utsida av og trykker på knappen, så vil døra kome i mot deg. Det er ikkje lett for ein rullestolbrukar å styre på med rygging og slik. 

– Det er litt kjipt å sitje og vente i gangen til nokon kjem for å opne døra.

Alexander har heldigvis assistent med seg rundt omkring, så det plar ikkje bli mykje venting. Men han seier at det ideelle hadde vore at dørene opna seg sjølve. 

Eit mangfaldig universitet

Alexander fortel openhjartig om korleis det er å sitje i rullestol i ei verd kor dei fleste bruker beina. Han innrømmer det at han nok får ein del ekstra merksemd frå folk.

– Og det skjønar eg godt – eg ser ikkje så mange rullestolbrukarar på universitetet sjølv, seier han.

– Men det er eigentleg litt flott. Eg føler ikkje at all merksemd er negativ. Eg likar at ein har eit nyansert syn på folk uansett kven ein er her på universitetet. Og fordi det føles som det er eit stort mangfald uansett.

PRAKTISK. Alexander kjem seg rundt ved å styre den elektriske rullestolen med handa.

– Føler du at du passar inn her?

– Ja, det er veldig lav terskel for å lære om nye mennesker. Viss eg tør å trå feil med dei, så får dei lov å trø feil med meg óg. Det er litt sånn gi-og-ta.

Alexander smilar. Han tydeleg tilfreds med livet. Og det verkar som han gler seg til framtida – per no seier han at han har mange jern i ilden.

Sola treff oss i det vi beveg oss vekk frå borggården til Sydneshaugen skole. To av oss på to bein, og ein på fire hjul.

PÅ SKULEN. Ved dette instituttet studerer Alexander.
Powered by Labrador CMS