– Eg må kjenne på nervøsitet for å halde meg på tå hev

Lars Snilsberg (21) føretrekkjer å bruke tida si på å skrive vitsar framfor å lese pensum.

STEREO: Lars Snilsberg (21) underholdt publikum på Stereo søndag. Ein dag drøymer han om eit eige show.
Publisert Sist oppdatert

Lars Snilsberg (21) studerer til dagleg årsstudium i psykologi ved Universitetet i Bergen, og har ein litt annleis hobby enn dei fleste. 

Med mikrofon i handa og nøye planlagte replikkar, skal Snilsberg i kveld forsøkje å bringe fram latteren hos dei frammøtte på «søndagstjeneste».

Anna kvar helg kan både ferske og meir erfarne komikarar prøve seg i den vesle kjellaren på Stereo.

Ærleg og personleg

Snilsberg har alltid vore glad i å fortelje historier, i seinare tid også frå stand-up-scena. Helst tek han utgangspunkt i personlege opplevingar, eller som han seier: «meg sjølv, med mine feil og manglar».

Overraskande nok synest Snilsberg ofte det er lettare å vere personleg overfor framande, enn til venner, når det kjem til stand-up. Han er ikkje redd for å vitse om korkje familie eller eigen oppvekst.

PERSONLEG: Lars Snilsberg (21) brukar seg sjølv og sine «feil og manglar» som ein del av humoren.

­– Er ikkje det litt sårbart?

­– Jo! Men for eit publikum eg ikkje kjenner er ikkje dette noko problem. Derimot er det meir ubehageleg når studievenner kjem på show, og høyrer slike historier. Då er eg redd for at dei skal bli stressa og bekymra på mine vegne.

Den utåtvende mossingen beskriv standup-miljøet i Bergen som støttande, og ein plass kor ein tek vare på og backer kvarandre.

– Er det noko ein ikkje kan tulle med som komikar?

– Ein kan tulle med alt, men det må være eit openbert poeng der. Jo drygare det du tullar med er, jo betre og tydelegare må poenget vere, meiner han og utdjupar: 

– For eksempel, om du er rasistisk på scena for å gjere narr av rasistar, og ein har eit tydeleg poeng, skal det i prinsippet gå fint. Men om ein berre går opp og er rasistisk utan at fyrstnemnde poeng kjem fram, kan ein ikkje tulle med det. Då er det jo først og fremst vitsen som er dårleg, heller enn premissen.

– Er du nokon gong redd for å såre eller krenke nokon?

TULLE MED ALT: Lars Snilsberg meiner alt kan tullast med.

– Ja ja, det ligg alltid i bakhovudet når ein skriv vitsar, og i alle fall dryge vitsar. Då må ein trå varsamt og kanskje forsikre seg litt ekstra om at publikum heng med, men av og til trår ein feil, og då er det heldigvis mogleg å forsvare og forklare seg i etterkant.

– Ein kan bli litt satt ut

Med ei slik tilnærming, kan ein både provosere og vekke kjensler blant publikum, på godt og vondt. Det siste kan tidvis vere ei påkjenning, skal vi tru Snilsberg.

– Det var ein gong at ein publikummar skjønte og ropte ut punchlinen, før eg hadde fullført vitsen. Eg trur ho syntest eg var kjedeleg. I det eg gjekk av scena kom ho bort og sa «kos deg vidare med kjedelegheitane», før ho drog derifrå. Det kjentest kjipt, men humor er subjektivt og det er vanskeleg å treffe alle. Likevel, at eg skulle bombe så hardt på ein vits er litt kjipt da.

– Bombing? Det må du forklare nærmare.

– Bombing er når du kjem til punchlinen i ein vits, og gjerne har planlagt ein pause etter dette, men så får du berre null respons. Ein kan bli litt satt ut og byrje å uroe seg for neste vits. Då kan det være lurt å anerkjenne nettopp dette. Veldig ofte hjelper det å seie det du tenkjer der og då. «Dette funka ikkje», eller noko slikt, og så ler publikum heller av sjølve situasjonen.

Viktig å kjenne på nervøsitet

Snilsberg innrømmer at han vert nervøs før han skal opp på scena, men meiner dette er ein positiv eigenskap.

– Eg må kjenne på nervøsitet for å halde meg på tå hev. I tillegg framstår eg kanskje meir ekte, og får betre kontakt med publikum.

Det er naturleg nok mykje å tenkje på, før ein kan entre scena. Snilsberg førebur seg ved å skrive og gå gjennom vitsane sine mange gonger. Vidare planlegg han pausar og øver på å leggje inn trykk på dei riktige orda.

Til tross for tidkrevjande studier, er det likevel humor og stand-up som ligg hjartet nærast, hjå den unge og lovande entertaineren. Han føretrekkjer å bruke tida si på å skrive vitsar framfor å lese pensum, så langt det lar seg gjere.

På spørsmål om ambisjonar i stand-up, avslører han at det hadde vore stas med eige soloshow ein gong i framtida. I tillegg ynskjer han å studere anten journalistikk eller samanliknande politikk.

EUFORI: – Tida rett etterpå er den beste. Ei kjensle av lett eufori, meiner Snilsberg om stand-up.

Eit par timar seinare er det ein glad og nøgd komikar som møter oss i det han går av scena, til stor jubel frå ei begeistra forsamling. Skal ein leggje kveldens opptreden til grunn, går humortalentet ei lys stand-up-framtid i møte.

– Tida rett etterpå er den beste. Ei kjensle av lett eufori. 

LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS