Nyhet

Ein av seks seier dei har juksa på eksamen – langt færre vert tekne

– Vi fryktar at det kan finnast mørketal, seier viserektor ved NHH.

JUKS: I 2018 blei 24 tekne for fusk på UiB, 24 på HVL og 5 på NHH.
Publisert Sist oppdatert

I ei undersøking utført av Sentio for Norsk studentorganisasjon (NSO) og Universitas, seier 16 prosent av dei spurde studentane at dei har juksa på eksamen minst éin gong. Tal frå UiB, HVL og NHH viser at til saman 53 studentar vart tekne for juks i 2018. Dette utgjer om lag 0,15 prosent av studentane ved desse institusjonane. 

Prorektor for utdanning ved NHH, Linda Nøstbakken, kjenner ikkje til undersøkinga når Studvest tek kontakt.

– Vi fryktar at det kan finnast mørketal når det kjem til juks, seier ho.

– Er det for enkelt å sleppe unna med juks?

– Det er alltid for enkelt om nokon slepp unna. Eg håpar ikkje omfanget er så stort som denne undersøkinga tilseier.

Har diskutert tiltak

Nøstbakken fortel at det har vorte diskutert tiltak mot juks i samanheng med eit møte i utdanningsutvalet ved NHH.

– Det er noko vi må sjå nærare på, men det er vanskeleg. Det finnast mange måtar å jukse på, seier ho.

– Til dømes kan studentar få hjelp frå andre til å skrive heimeeksamenar, som det vert stadig fleire av. På skuleeksamenar er det meir vi kan kontrollere, men det er ikkje nødvendigvis betre for studentane.

Fryktar ikkje store mørketal

Viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal, fryktar ikkje at det er store mørketal knytt til juks på eksamen ved universitetet.

– Vi har jobba systematisk over tid med å gjere studentane våre etisk bevisste på kor viktig det er at arbeidet dei leverer er deira eige, og at dei må referere riktig, seier ho.

– Samtidig må vi jobbe for å avsløre dei som juksar, og vere tydelege på at dette skal ha konsekvensar. Eg meiner det er store moglegheiter for å verte avslørt dersom ein juksar fortset Samdal, og legg til at UiB jobbar aktivt for å tette sikkerheitshol i eksamenssystema sine.

– Kontrollsystema er gode

Leiar for eining for eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, Gunhild Raunsgard, seier det godt kan hende at det finnast mørketal når det kjem til juks på eksamen. Raunsgard synest kontrollsystema for juks ved Høgskulen er gode.

– Om ein absolutt vil, kan ein nok få til å jukse, men samtidig er det ikkje sikkert at dei som prøvar å jukse vil få eit betre resultat, seier ho.

ETISK BY. Oddrun Samdal meiner at det er for få frå Bergen som har svart på undersøkinga til at den skal vere representativ. ARKIVFOTO: Marie-Louise Deike.

– Har de vurdert tiltak for å avsløre meir juks?

– Vi har allereie fleire tiltak. Til dømes har vi oppdaga fleire plagiatsaker på heimeeksamenar etter at vi fekk automatisk plagiatsjekk. På skuleeksamenar har vi vakter i lokalet, og stadig fleire digitale eksamenar i lukka system.

Kan vere fleire som juksar

Arve Østgård i Sentio, som har utført undersøkinga, seier til Universitas at det kan vere enda fleire som juksar enn undersøkinga viser.

– Det er lettare å svare «aldri» enn å innrømme at ein har juksa. Antakeleg er det mørketal bak resultatet i undersøkinga, seier han.

Powered by Labrador CMS