Debatt

Eteplikta har skapt andre problem

Uavhengig av matsvinn vert det for dumt å rå ein halv bransje til å redde seg sjølv ved å selje suppe til tøffelheltar.

Portrettbilde: Kristian Blystad Houge. Illustrasjonsfoto: Beate Felde
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Meningene i dette innlegget gjenspeiler ikke nødvendigvis meningene til Studentsamfunnet.

Matsvinn er det same som før. Eteplikta har skapt andre problem, her iblant den smittefarlege tøffelhelten. Det kan ikkje vere i regjeringa si interesse.

Som Klausen skriv opplevast ikkje smittefaren i ein bar ulik frå restaurantane, isolert sett. Det er umogleg å forstå eteplikta som eit fornuftig tiltak når den ikkje handlar om faktisk eting, men om kva for utestader som har plass til ei suppeterrin og ikkje. Snodige smitteverntiltak er diverre både kundar og bransjen sjølv med på å legitimere.

Myndigheitene skal sjølvsagt kritiserast for å gjere det spesielt freistande å skape matsvinn for tida. Til vanleg er det daglegvarehandelen som skapar freistinga gjennom priskrigar i høgtidene. Men uansett om matsvinnet er sosialt eller økonomisk motivert, så kjem det ned til forbrukar og tilbydar.   

Situasjonen er spesiell fordi utestadane alltid lever frå hand til munn. Ingen har slagkraft nok til å setje foten ned til fordel for sunn fornuft eller alternativ drift. Pandemien gjer dessutan at det ikkje finst ein normal i utelivet å setje foten ned til fordel for.

Gode, skreddarsydde løysingar for utelivet dukkar ikkje opp, sjølv eitt år inn i pandemien. Det er skilnad på restaurantar og barar i denne bransjen. Det regjeringa ta inn over seg.  

Sistnemnte har ikkje midlar til å vere moralske riddarar. Restaurantar kan drifte tilnærma normalt. Utestadar må gjere veldig løgne ting per no. Og 20 kroner for éin desiliter svinna tomatsuppe, gjerne gongar fire, er ein billig pris å betale for det utelivet me ynskjer oss. 

Matsvinnet er derimot det same som alltid: Enkeltmenneskjer kjøper med vilje og medvit mat dei ikkje har tenkt å ete opp.

Denne gongen medan dei kanskje hoppar frå bar til bar. Det er likegyldig om dei gjer det for trivselen si skuld, eller på sjølverklært redningsoppdrag for utelivet.

Folk ynskjer nemleg at barar og konserthus skal overleve – ikkje berre restaurantane.

Det er ein reell forskjell på korleis folk ynskjer å nytte utestadar og etestadar. Dersom regjeringa tar bransjen på alvor må dei gå for ein annan strategi enn eteplikta, uansett om suppa står igjen eller ikkje.

Uavhengig av matsvinn vert det for dumt å rå ein halv bransje til å redde seg sjølv ved å selje suppe til tøffelheltar.

Debattregler

  • Vil du få din mening på trykk i Studvest? Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.
Powered by Labrador CMS