Apropos

Finst det liv etter studiet?

Betrakningar frå studietidas solnedgang

FOTO: Anna Jakobsen
Publisert Sist oppdatert

Før eg kleiv opp på Høyden og inn i akademia grubla eg mykje på det potensielle livet etter dauden. No tenkjer eg for det meste på om det finnes eit liv etter studiet. 

Dei har det eigentleg lett no, dei som tuslar rundt på HF med tenkjetøflane på og kikkar ut på menneska og det dei føretek seg.

At dei ein dag skal ut i verda (og vêret) og vera menneske sjølv – nei, det er forståeleg nok lite hyggeleg å tenkje på.  

For kva inneber livet etter studia? Skal livet då dreia seg om dei tinga me no gjer for å ha råd til å vere studentar? Skal deltidsjobben på Deli bli fulltid? Eller er det starten på noko heilt nytt, eit paradis som me ikkje er i stand til å forstå før me er der?

Slik uvisse om frelse og fortapelse avlar uro i ein stakkar studentsjel. 

Grublar ein for mykje på vaksenlivet kan det fort dukke opp spørsmål kring studentlivet òg.

Kvifor er vi her? Kva er det eigentleg me held på med? Kan eg ta denne spisskompetansen på verdas snevraste interessefelt med meg i livet etterpå? 

Og kva er det eigentleg som betyr noko? Målast studentlivet i klammatestar, kebabflekker og kanakkas-anekdotar eller i verv, vit og vitnemål? 

Høyrest dette ut som rabbelet frå gamleheimen Siste Stasjon har det sin naturlege forklaring i at eg har blitt ein gamal student. Og eg kjenner på gikta at eg nærmar meg utstudert.

Øla frå i går set djupare spor enn før, eg er mindre mottakeleg for intellektuelt fjas, og har begynt å interessere meg for skatteklassar og fuglekikking. 

Eg har vener med trygge rammer og fast arbeid, og det virkar som dei har det heilt okei. Kanskje er det på tide at eg slår følge.

I så fall, eit siste råd til dei nye blanke:

Neste gang du lurer på om du skal lese eller leve litt: 

Hugs, du skal bli vaksen. 

GIKK DU GLIPP AV DISSE APORPOSENE? 

Powered by Labrador CMS