Fortel meg om marknadsverdien din, jenta mi

Eg tek ikkje ein DNB og ber deg om å investere meir. Eg vil berre høyre kva du har på sparekontoen.

INVESTERINGA. Vi må applaudere og skryte av kvar ein femtilapp som vi får til å spare.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Det meste av min økonomiske kunnskap kan eg takke Silje Sandemæl for. Dei fleste venninnegjengar treng ei som ho. Eg skulle ønske eg kunne prate lett og ledig om sparing og pengar utan å skamme meg. 

Mykje kunnskap går tapt ved at kvinner ikkje pratar meir om økonomi. Etter studietida skal vi gå ut i ein arbeidsmarknad der kvinner er blant dei økonomiske taparane. For å vere best mogleg budd, må vi byrje allereie no. 

Oljefondsjef Nicolai Tangen har nyleg starta sin eigen podcast, In good company, der han tek ein prat med leiarar i ulike firma som oljefondet har investert i. Her får vi eit fint innblikk i korleis menn pratar om økonomi. I godt selskap deler dei gjerne om dei nyaste investeringane, dei heitaste fonda og korleis det står til på kontoane

Eg vil påstå at kvinner ikkje er like flinke til å prate om økonomi som førsteårsgutane på Norges Handelshøyskole som har lagt han til på LinkedIn. Før Tangen fortell meg noko meir om korleis ein skaper verdi, vil eg høyre frå kvinnene. 

For dei fleste studentar er ikkje økonomien noko å skryte av. Høge leigeprisar, høg strømrekning og høg inflasjon gjer det ikkje til eit brennheitt samtaleemne. Kanskje kan det lære oss noko likevel. For å få samtalen i gang må vi dele meir av stresset med å arbeide deltid ved sidan av studiet og korleis vi prøvar å fylle BSUen kvart år. 

Som studentar er vi i ein særeigen situasjon der dei fleste av oss lever på det nokolunde same budsjettet. Forskjellane er mindre studentar seg i mellom enn i løpet av livet elles. Om økonomi allereie no er utfordrande å prate om, vil det berre bli verre etter studietida.

Om vi som studentar ikkje vil snakke om økonomi, korleis skal vi då vere flinkare på det i arbeidslivet der forskjellane er enda større? Då kan vi snakke om ubehageleg samtaleemne!

Vi kan berre glede oss til arbeidslivet, damer. I 2021 tente kvinner rause 87,9 prosent av det menn tente. Dessutan arbeidar kvinner meir deltid, har lågare formue, og dårlegare pensjonsrettar enn menn, sjølv om kvinner topper utdanningsstatistikken.

Kvinner forhandlar også sjeldnare fram høgare lønn. Sjølv ikkje Erna Solberg har bedt om lønsauke nokon gong. Derfor er det viktig at vi kvinner har prata meir økonomi slik vi lettare kan ta den lønsforhandlinga tidleg i karriera. 

Eg har ikkje løysinga på likestilling i arbeidslivet. Om kvinner prater litt meir om økonomi, vil ikkje dette løyse alt, men det vil gjere oss litt meir budd på det arbeidslivet vi har føre oss. Å lære litt meir om renter, avdrag, sparing og løn kjem nemleg godt med. 

Litt guttastemning blant jentene er det vi må innføre. Vi må applaudere og skryte av kvar ein femtilapp som vi får til å spare, og vi må fortelje om matbudsjettet som ikkje strekk til. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er ei kvinne ein statleg kostnad på 15,6 millionar kronar i løpet av livet. Vi er uansett eit statleg tapsprosjekt, ingen skam i å skrape kontoen denne månaden også. 

Powered by Labrador CMS