Han vil bli leiar i Norsk studentorganisasjon

Han har allereie vore leiar i Arbeidsutvalet ved UiB eitt år. No vil han bli leiar i landets største interesseorganisasjon for studentar.

ARKIVFOTO: Silje Dahle
Publisert Sist oppdatert

Norsk studentorganisasjon (NSO)

  • Stifta i 2010.
  • Nasjonal og politisk uavhengig interesseorganisasjon, med 30 ulike studentdemokrati ved norske universitet og høgskular.
  • Representerer over 230.000 studentar i heile landet.
  • Har i oppgåve å ivareta og fremje studentane sine interesser og rettigheiter, fremje engasjement for nasjonale og internasjonale utdanningssaker blant studentane, samt å representere sine medlemslag.

Norsk studentorganisasjon (NSO) skulle ha landsmøte 17.–19. april. Då skulle det velgast eit nytt Arbeidsutval i organisasjonen. Grunna koronaviruset er møtet utsatt, men lista over kandidatane vart offentleggjort i dag klokka 12.

På førehand er det fleire som har meldt sitt kandidatur til dei ulike verva. Likevel er det nokre kandidatar som ikkje har gjort sitt kandidatur offentleg i media før lista vart offentleggjort.

Til leiarvervet har både Fatema Al-Musawi og Daniel Hansen Masvik allereie meldt sitt kandidatur. Men etter at lista vart offentleg kjem det fram at ytterlegare to kandidatar også ynskjer å bli med i kampen om å bli landets mektigaste student. Ein av dei har allereie eit leiarverv i Bergen.

Andreas Trohjell ynskjer no å sitje som leiar i NSO. Han sit i dag som leiar i Arbeidsutvalet ved UiB. Det er eit verv han har hatt snart eitt år.

– Det neste året blir svært viktig. Først skal me gjennom denne koronasituasjonen og påverke institusjonane til å ta gode val for studentane, og så skal me få gjennomslag i alle partiene sine program, skriv han i ei tekstmelding til Studvest.

– Dei siste åra har eg bygga meg opp ein kompetanse og eit nettverk for å få til nettopp det. Eg stiller til val for å synliggjere studentbevegelsen, og å samle organisasjonen etter eit turbulent år.

NSO. Leiar av AU, Andreas Trohjell, ynskjer å kjempe om leiarvervet. ARKIVFOTO: Silje Dahle
Fleire lokale
VELFERD. Morten Stene ynskjer å jobbe eitt år til med studentane sin velferd. ARKIVFOTO: Silje Dahle

På førehand har allereie ein annan lokal studentpolitikar meldt sitt kandidatur. Morten Stene, som sit som velferds- og læringsmiljøansvarleg i Arbeidsutvalet (AU) ved Universitetet i Bergen (UiB), har no meldt sitt kandidatur som fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg i NSO.

Dette er eit verv to andre også ynskjer seg, blant anna Julie Størholdt Iversen, som allereie har hatt eitt år i vervet.

Powered by Labrador CMS