Hei, Eilert. Har du hørt om NHHI?

Studvest-journalist Eilert Fredlund Bjander mener Bergen ikke har like bra idrettstilbud som Trondheim. Det får medlem av NHHI til å reagere.

Portrett: Guro Halleraker / FOTO: Silje Reitan Fridén
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Debattregler

  • Vil du få din mening på trykk i Studvest? Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.

Den 30. oktober kunne vi lese at Eilert Fredlund Bjander etterlyste eit betre studentidrettstilbod i Bergen, i innlegget «BSI holder ikke mål». Eilert har tidlegare studert i Trondheim, der 36 prosent av NTNU-studentane er medlem i eitt eller fleire NTNUI-lag. Noko slikt finn ein derimot ikkje i Bergen. Det samhaldet, og den idrettsgleden ein har i Trondheim er etter alle solemerke å dømme ikkje mogleg å oppdrive. Dette får meg til å tenke; Hei, Eilert. Har du hørt om NHHI?

På bastionen i Ytre Sandviken, blant økonomar og, ja, stort sett berre økonomar, finn ein NHHI, og i NHHI har vi noko for einkvar smak – sjølv dei som ikkje studerer økonomi. Sjølv er eg medlem i NHHI Cheer, og stortrivast. Den sosiale arenaen og studentvelferden som studentidretten skaper er uvurderleg, og er verdt kvar ei krone. Med meir enn 1500 unike medlemmar, er over 50 prosent av dei semesteravgiftsbetalande studentane ved NHH medlem i minimum eitt NHHI-lag. Med 60 ulike idrettslag, frå E-sport til squash til volleyball til friidrett fins eit tilbod for dei aller fleste. Og fins ikkje eit lag eller tilbod som passer allereie, så er det å opprette eit nytt lag meir enn enkelt. Det er superenkelt! Faktisk, så er det så enkelt at det har blitt starta fire nye lag – berre dette semesteret! 

I innlegget ditt skriv du at BSI berre har to fotballag. Eitt herrelag, og eitt damelag. I NHHI har ein 10 ulike fotballag. For herrar. Nokre spelar fotball inne, nokre ute, nokre med 7, og nokre med 11 spelarar. Ein har lag som skal til student-EM, medan andre lag ikkje er fullt så seriøse, og heller ønsker å vere eit breddetilbod for studentar – uavhengig av nivå. 

Sist eg sjekka, så heldt NHH til i Bergen, om enn litt utanfor allfarveg. Så, Eilert, den oppslutninga kring studentidretten du etterspør finst allereie her, i byen vår. Ein må berre trekke litt ut av sentrumskjernen først!

  • Les Eilert sin kommentar her.
Powered by Labrador CMS