Her fuskar studentar mest

Talet på fuskesaker har minka etter pandemien. Sjekk kva for skolar som toppar fuskestatistikken.

STUDIESTADER: Sjekk korleis juksetala har utvikla seg dei siste åra. FOTO: Studvest (arkiv)
Publisert Sist oppdatert

Under koronapandemien hadde talet på fuskesaker ved studiesteda i Bergen ei kraftig auke.

Når ein skule mistenkjer at studentar har juksa, sendast saka vidare til skulen si klagenemnd. Desse tala førast det kvart år ein statistikk over, som Studvest har sett.

No er talet på veg nedover igjen.

Nesten to tredjedelar nedgang

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har hatt kraftigast nedgang på tal fuskesaker som har vore innom klagenemnda i 2022. Medan HVL måtte sende inn heile 84 saker til klagenemnda i 2021, kunne dei i fjor forholde seg til 26 saker.

Ved campus Bergen vart det teke opp 6 saker som omhandla fusk.

– Årsaka til nedgangen har klar samanheng med sakene som oppstod under pandemien. Majoriteten av fuskesaker er knytt til eksamen der studenten gjennomfører eksamen utan tilsyn, fortel prorektor Anne-Grethe Naustdal.

Då pandemien førte til stor omlegging av fysiske skuleeksamenar, gav det også ei tilsvarande auke i mengde saker om plagiat og ulovleg samarbeid.

– Høgskulen var på denne tida ikkje dimensjonert til å handsame ei slik saksmengd innan normal sakshandsamingstid. Dei fleste sakene frå 2020 vart difor handsama i 2021, samstundes som skuleeksamenane dette året også vart gjennomført digitalt, fortel Naustdal vidare.

Statistikken frå HVL gjeld alle campusane på Vestlandet, og HVL fører ikkje statistikk for Bergen spesifikt gjennom årsrapporten.

I 20 saker var fuskehandlinga plagiat, fire saker om ulovleg samarbeid, éi sak om ulovleg hjelp frå eksterne og éi sak om ulovleg hjelpemiddel kjem det fram i årsrapporten for 2022.

Nivået på saker som omhandlar fusk er hjå HVL er komen ned på nivået som var før pandemien hende. HVL forventar at det fortsetter slik.

Mest fusk på vårsemesteret
PROREKTOR: Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) forklarer kvifor det var mange fuskesaker i 2021. PRESSEFOTO: Eivind Senneset

I 2022 vart det teke opp 46 fuskesaker ved Universitetet i Bergen (UiB). Dette er ein nedgang frå 65 året før. 

Slik som ved HVL, skyldast dei fleste sakene om fusk plagiat og tekstsamanfall hos UiB.

I årsrapporten til UiB kjem det fram korleis opning av samfunnet igjen etter pandemien kan skyldast nedgangen på saker om fusk. På lik linje med fleire utdanningsinstitusjonar gjekk nemleg talet på fuskesaker opp då pandemien herja.

Til tross for nedgangen frå 2021, er fuskestatistikken ved UiB ikkje komen ned på nivået som var før korona.

– I forbindelse med opning av samfunnet etter koronapandemien har ein del eksamenane gått tilbake til å bli avvikla som tradisjonelle skuleeksamenar, og i mindre grad avvikla som heimeeksamen. Dette kan mogleg speglast i at nemnda i vårsemesteret 2022 behandla 34 fuskesaker, medan den i haustsemesteret behandla 11, står det i årsrapporten.

NHH fuskar meir

I motsetning til dei andre utdanningsinstitusjonane, har talet på saker som omhandlar fusk auka ved NHH.

Medan talet låg på 9 saker i 2021 og 8 i 2020, har talet stige til 16 fuskesaker.

– Aukinga i tal saker frå 2021 er beklageleg, men reknast ikkje som signifikant, fortel prorektor for utdanning Stig Tenold.

Tenold fortel vidare at dei er tydelege i kommunikasjon med studentane om nulltoleranse mot fusk, og at alle studentar må i forkant av eksamen bekrefte at dei er kjent med NHH sitt reglement knytt til kva som vert sett på som fusk.

22 saker hos BI

Ved campus Bergen hos BI hadde dei 22 fuskesaker i fjor. Noko oversikt over tidlegare år har Studvest ikkje lykkast med å få tak i.

PROREKTOR: Stig Tenold ved NHH meiner auka i fuskesaker ikkje er signifikant. PRESSEFOTO: NHH
Powered by Labrador CMS