Jublar over Statsbygg-nei

UiB får behalde sine eigne eigedommar. – Dette er så deilig! seier Andreas Trohjell, som har jobba for saka i over eit år.

ARKIVFOTO: Henriette Frøysland Thorkildsen
Publisert Sist oppdatert

Saka blir oppdatert.

I starten av mars var det høyring på Stortinget om Statsbygg skulle ta over eigedommane til blant anna Universitetet i Bergen (UiB). Dette fekk hard motstand frå både ansatte i sektoren, og studentdemokratia.

Slik det er i dag får UiB pengar frå statsbudsjettet til å eige og drifte sine eigne bygg. Dette er til dømes bygg som Ulrike Pihls hus, Kvarteret, Universitetsmuseet og Studentsenteret.

Dersom dette hadde gått gjennom, kunne det ha fått konsekvensar for studentane ved UiB.

I dag kom beskjeden om at dette ikkje lenger er aktuelt.

– Me har valt å seie at eigedommane skal bli forvalta vidare av universiteta, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) til Klassekampen.

– Dette er så deilig!

Ein som har jobba spesielt lenge med denne saka er leiar av Studentparlamentet ved UiB, Andreas Trohjell. Han gjekk til val på saka ved studentvalet i fjor, og deltok også på høyringa i Stortinget i starten av mars.

– Dette her var utrulig deilig å få landa. Me har jobba med det i over eit år. Det har skjedd mykje, men eg synes me har kome fram til den beste løysinga, fortel han.

– Korleis vil den jamne student merke dette?

– Me kjem til å fortsetje å jobbe for eigedomssaker i studentdemokratia. Eit døme er at me har fått 25 millionar kroner til oppussing av Realfagsbygget. Dette har me jobba med over lang tid, og det hadde mest sannsynleg ikkje gått an dersom Statsbygg hadde tatt over. Dette er grunna fleksibiliteten me får i budsjettet når me kan kjøpe og selge eigedommar, forklarer Trohjell.

Powered by Labrador CMS