Korona er framleis ikkje over på desse to fakulteta

Etter at Noreg opna opp 25. september har mange gleda seg til å kome i gong med ein normal kvardag. For mange studentar ved det psykologiske og det juridiske fakultetet har ikkje denne kvardagen enno sloppe heilt taket.

DIGITAL KVARDAG. Studentane Thea Vindheim (19) Rebecca Chaparian (19) og Marte Sola (19) har framleis mykje digital undervisning. FOTO: Aurora Berg
Publisert Sist oppdatert

Rebecca Chaparian (19), Marte Sola (19) og Thea Vindheim (19) er alle fyrsteårsstudentar ved profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Bergen (UiB). 

Dei fortel at det har vore tungt og umotiverande å starte universitetsopplevinga med såpass mykje digital undervisning. Dei hadde også gleda seg til at det skulle bli meir fysisk etter gjenopninga. 

– Me hadde føretrekt fysisk undervisning, og det er litt rart at andre studentar kan ha ein normal studiekvardag, seier Vindheim.

Sjølv om mange av studentane i Bergen har ein tilnærma normal studiekvardag, er det framleis ein god del studentar, særleg ved det juridiske og det psykologiske fakultetet, som hovudsakeleg har digital undervisning. 

Dei tre psykologistudentane har berre hatt fysisk undervisning i eitt fag, sett bort ifrå kollokvia og seminara. Det var heller ikkje noko nemneverdig som endra seg på timeplanen etter at Noreg opna. 

Positive sider med digital undervisning 

– Det er likevel fint å ha moglegheita til å kunne sjå dei strøymde forelesingane på nett i ettertid, seier Vindheim. 

Det er ikkje berre studentane som har sett dei positive fylgjene den digitale undervisninga har ført med seg. 

Yael Harlap, visedekan for utdanning ved det psykologiske fakultetet, fortel at alle har fått ei større digital verktøykasse som fylgje av pandemien. 

– Mellom anna har undervisarane lagt merke til at det har vore meir aktivitet i chat-funksjonen på zoom enn det vanlegvis er i dei fysiske forelesingane. Dette betyr nok at det er ein lågare terskel for å stille spørsmål på ein digital plattform.

Harlap legg til at både studentane og undervisarane har lært mykje av den digitale kvardagen.

– Dette betyr at me ikkje nødvendigvis legg tanken om digital undervisning heilt bort, trass i gjenopninga. Neste semester blir likevel lagt opp med fokus på fysisk undervisning, enn så lenge. 

Meir enn planlagt

Harlap understrekar at dei har hatt som prinsipp at omtrent 20 prosent av undervisninga skal vere digital dette semesteret. 

Dette stemmer derimot ikkje overeins med opplevingane til profesjonsstudentane som berre har hatt fysiske forelesingar i eitt fag.

– Kulla som har starta på det psykologiske fakultetet under pandemien har vore usedvanleg store. Dette har ført til at det har vore vanskeleg å leggje til rette for fysisk undervisning då me framleis hadde avstandsrestriksjonane, legg Harlap til.

Hallvard H. Fredriksen, visedekan for utdanning ved det juridiske fakultetet, legg til at det ville ha vore dårleg gjort overfor studentane ved andre fakultet dersom jussfakultetet hadde booka auditorium for heile semesteret, men ikkje fått nytta dei grunna avstandsrestriksjonar. Dette ville ha ført til endå mindre fysisk undervisning for andre fakultet ved UiB.

Unngå ei forvirrande gjenopning 

Ein av hovudgrunnane til at det psykologiske og juridiske fakultetet ikkje har endra på timeplanane sine, er fordi studentane ikkje nødvendigvis trengde å vere i Bergen dette semesteret. 

– Da me la opp timeplanane og rombookingane før semesteret starta, la me dei opp med tanke på dei gjeldande koronarestriksjonane. Det blei derfor lagt opp til hovudsakeleg digital undervisning, og då treng ikkje nødvendigvis studentane å vere i Bergen. Det ville ha vore forvirrande for studentane dersom me hadde endra på dette midtvegs i semesteret, fortel Harlap.

Powered by Labrador CMS