Kulturvåren 2023

Lurar du på kva du skal finne på framover? Frykt ikkje – Studvest guidar deg gjennom kulturvåren.

ARKIVFOTO: Truls Skram Lerø
Publisert Sist oppdatert

Ettersom vinterdepresjonen så smått byrjar å sleppe taket, kan ein endeleg sjå fram til ein vår fylt av arrangement som treff kvar einaste student. Enten det er rocka musikk eller ein rolegare litteraturkveld.

Kven veit? Kanskje til og med DIN dansefot byrjar å rykke etter ei lang tid på hylla? Her finn du ei oversikt over nokre festivitetar du kan dykka ned i gjennom semesteret.

Heile semesteret:

For alle dei sjølvutnemnde quizekspertane der ute vert det i år igjen høve til å utmerke seg i dei superseriøse quizane arrangert av studentbarane. Det er mellom anna quiz på Kvarteret kvar tysdag, Diskuterbar og Ad Fontes kvar onsdag, Nobel Bopel kvar torsdag og Cafe Opera kvar fredag – for å nevne nokre.

Alle dei ulike studentforeiningane sørgjer også for at det skal vere eit utval for alle. Her vert det arrangert ulike arrangement som følgje av studentfrivilligheita. 

  • Les melding av studentbarene her!
Januar

Dutty Dior – 19. januar

Kvar: Aulaen på Norges Handelshøyskole (NHH)

Den Oslo-baserte rapparen Dutty Dior kjem til Sandviken for å kickstarte semesteret.

Jussrevyen – 20. – 27. januar

Kvar: Straffbar

Kvart år set jusstudentane i Bergen opp revy – i år er ikkje noko unntak! I år heiter revyen «Så skjedde det som ikke skulle skje» og handlar om alt fra dei store verdsomspennande katastrofane, til Foodora-bod som ikkje dukkar opp.

Isak Shorty – 21. januar

Kvar: Hulen

ARKIVFOTO: Iben Jorde

Artist frå Vestlandet som rappar om kva som best kan skildrast som dansevenleg og For-you-page-venleg. Shorty har ei større mengd tilhengjarar på TikTok, og skaffar god stemning.

Februar

Kampfar + Slegest – 4. februar

Kvar: Hulen

Eit av landet sine største svartmetallband er no på turné med bandet frå Leikanger, Slegest. Her kan ein venta seg både nakkesleng og ølsøl i håret. 

Bergen internasjonale litteraturfestival – 8. – 12. februar

Kvar: Litteraturhuset i Bergen

På festivalen møter publikum forfattarar frå heile verda og frå Noreg, og får innsikt i litteratur som går rett inn i dei store, viktige spørsmåla som gjeld oss alle.

Diskopunk – 10. februar

Kvar: Hulen

Eit svensk prosjekt frå av ei anna verd; ABBA, men på steroid i rockeutkledning.

Rammsund 18. februar

Kvar: Verftet

Rammstein på nynorsk slo an momentant ein sommardag i 2003, og sidan har Rammsund køyrt på og aldri sett seg tilbake.

ARKIVFOTO: Malin Askevold Helle

Karaokekveld på Kvarteret – 18. februar

Kvar: Kvarteret

Om du er dum eller deileg er du invitert til karaokekveld på Det Akademiske Kvarter. Uansett kor god du er til å synga, er alle velkomne til å grab the mic!

Mars

Kvinnedagen: treng me framleis kvinnekamp? – 1. mars

Kvar: Bergen Offentlege Bibliotek

Verda over kjemper kvinner stadig for grunnleggjande rettar – dei nektast trygg abort i USA og risikerer livet for å kaste hijaben i Iran. Men korleis er situasjonen for kvinner i Norge?

OnklP & De Fjerne Slektningene – 3. mars

Kvar: Kvarteret

I sitt tiande år som band drar OnklP & De Fjerne Slektningene på ny norgesturné. Snart kjem eit nytt album fra gjengen som kallar seg «Noregs farligste boyband» og ASF har invitert dei til Kvarteret.

Of All Things + Superslow + OhStina! – 11. mars

Kvar: Hulen

Tre energiske band som ordnar eksplosiv stemning i god, ung rockeånd. 

Varmere våtere villere 2023 – 15. mars – 17. mars

ARKIVFOTO: Truls Skram Lerø

Kvar: Mellom anna Kulturhuset, Bergen Offentlige Bibliotek og Kvarteret

Klimafestivalen Varmere Våtere Villere ynskjer å gjere klimadebatten meir tilgjengeleg og engasjerande. Festivalen har som mål å skape ein uformell og sosial arena der ein diskuterer alt frå dei globale spørsmåla til dei mindre kvardagslege handlingane.

Immaturus´ hovudproduksjon: «Dåp» – 18.-25. mars

Kvar: Kvarteret

Årets hovudproduksjon til Immaturs er eit mørkt drama. Du blir du invitert til dåpen til Leopold og Marta. Ved hjelp av pres Gerhard og Dåpsplanleggeren kjem dei forhåpentligvis nærmere det mystiske vi ikkje vet kva er.

Borealis 2023 – 15. – 19. mars

ARKIVFOTO: Mads Haram Halvorsen

Er du interessert i kunst, musikk og det alternative? Eller berre gira på å utvide horisontane dine ved å høyre på noko du ikkje finn på topp 50? Då er kanskje denne festivalen noko for deg.  

April

Sløtface – 21. april

Kvar: Hulen

Det folkekjære rockebandet frå Stavanger kjem til Hulen i april.

The Good, The Bad and The Zugly – 28. april

Kvar: Hulen

Ein større nasjonal aktør som gir god stemning med sin humoristiske og samfunnskritiske Hadeland-hardcore pønk.

Mai

Immaturus´Mikrofestival

Kvar: Kvarteret

På Mikrofestival

ARKIVFOTO: Mads Haram Halvorsen.

Her kan du sjå ein rekke teaterforestillingar frå både Immaturus og andre teatre, konsertar, quizar og debattar.

RAVI – 12. mai

Kvar: Hulen

Med RAVI sin vestfoldske dialekt kan ein digge til rappar om alt frå himmel til jord.

Nattjazz 26. mai – 3. juni

Kvar: Verftet

Her vert det presentert musikk både for den som vil hygge seg med kjend materiale og den som ynskjer å utfordre eigne fordommar eller utvide den musikalske horisonten.

Festspillene i Bergen – 24. mai – 7. juni

Festspillene i Bergen er ein stor musikk -og teaterfestival som har etablert seg som ein viktig nordeuropeisk kunstscene. I løpet av festivalen kan du oppleve alt fra konsertar, dans, opera og teater. Tradisjonen tru dukkar også Dronning Sonja opp under festivalen.

Juni

Bergenfest 14. – 17. juni

Kvar: Bergenhus Festning

Heile Bergens eksamensfest! I løpet av 4 dagar i midten av juni kvart år byr Bergenfest på mange ulike internasjonale og norske artistar i ei herleg sjangerblanding. 

Powered by Labrador CMS