– Me kjem sikkert til å få høyre det neste gong me treff på NHH-folk på byen

NHH byksa opp til 45. plass og så vidt forbi BI på den årlege rangeringa av Europas beste handelshøgskular. Studentane legg ikkje skjul på at det er litt konkurranse mellom dei to.

STOLTE. NHH-studentane Kristian Hjelm-Hansen (24), Even Martinius Dieset (23) og Filip Emil Johnsen Lømsland (21) har både førjulsglede og skulestoltheit.
Publisert Sist oppdatert

I år klatra Noregs Handelshøgskole (NHH) opp til ein tredelt 45. plass på den oppsummerande kåringa av dei beste handelshøgskulane.

Det er eit hopp på ti plassar frå 55. plassen dei fekk i fjor. 

Handelshøyskolen BI har gått fram med to plassar, frå 50. til 48. plass. Det var Khrono som først skreiv om saka. 

Det er den britiske avisa Financial Times (FT) som står bak den årlege kåringa. Kvart år har dei fem kåringar av forskjellige studieprogram ved europeiske handelshøgskular, samt ei oppsummerande kåring på slutten av året. 

Den oppsummerande kåringa undersøker ei rekke kriterium, mellom anna mangfald av kjønn og nasjonalitet blant studentar og tilsette på studiestaden. Dei mest utslagsgivande kriteria handlar om løn og lønsvekst etter endt studie. 

Stolte over skulen

På NHH har dei fleste stengt seg inne på lesesal, men trekløveret Kristian Hjelm-Hansen, Even Martinius Dieset og Filip Emil Johnsen Lømsland har nettopp gjort sitt for å tilføre eksamenslesinga litt julestemning saman med resten av Direksjonsmusikken. 

På spørsmål om dei har fått med seg at NHH har gått forbi BI på FT-rangeringa kjem det eit jubelrop frå Lømsland:

– Jada! Det var på tide!

– Me er så klart stolte, legg Hjelm-Hansen til. 

JUBELROP. Slik reagerte Filip Emil Johnsen Lømsland (21) på nyheita.

Han meiner det er bra at NHH-rektoratet har ambisjonar om å skåre høgt på rangeringar.

– Målet bør vere at NHH skal vere den beste handelshøgskulen i Noreg. 

Sjølv seier dei at NHH sine resultat på internasjonale rangeringar ikkje påvirka studievala deira. Likevel meiner Lømsland at slike rangeringar er til nytte, både for skulen og for studentane. 

– Det gjer jo skulen meir attraktiv, særleg internasjonalt. No har jo NHH eit veldig godt renommé i Noreg, men internasjonalt er det mykje meir aktuelt for studentar og arbeidsgjevarar å sjekke slike rangeringar:

– Så er det jo heilt rått at den høgast rangerte handelshøgskulen er gratis óg, skyt Dieset inn til samtykkande nikk frå medstudentane.

– Heilt til slutt, kva ønskjer de dykk til jul?

– Er det no me skal svare at me ønsker oss ei endå høgare plass på rangeringa neste år, spør Lømsland dei to andre. Han får oppsluttande latter til svar.

Viktig for handelshøgskulane

I ei pressemelding uttalar NHH-rektor Øystein Thøgersen at han er svært nøgd med at dei går fram ti plassar på rangeringa.

– Me har ambisjonar om å klatra endå meir, men det er givande å sjå at målretta arbeid med fagleg og pedagogisk utvikling også blir reflektert i FT-rankinga.

For BI markerer årets rangering eit tiår på topp 50 i rangeringa. 

– Dette er ei anerkjenning av at me kontinuerleg leverer relevante og konkurransedyktige program, og av at våre studentar er attraktive for arbeidsgivarar både i Noreg og internasjonalt, seier rektor ved BI, Karen Spens, på heimesida deira.

Ho legg til at dei er glade for å sjå framgang frå i fjor, og påpeiker at slike rangeringar har ein viktig funksjon: 

– Rangeringar som denne er viktige for alle internasjonale handelshøgskular fordi dei blir brukt av studentar, arbeidsgivarar og vitenskapeleg tilsette i heile verda til å samanlikna skular.

– Bra med konkurranse

Òg på BI ser dei fleste ut til å vere meir opptatt av eksamen enn den nye rangeringa. 

Blant dei få som ikkje les er Mark Daniel Svee, som er midt i ein bordtennisbasert lesepause. Han har så vidt høyrt noko om rangeringa, men seier det ikkje påverkar han noko særleg at NHH har passert dei i år.

– Me kjem sikkert til å få høyre det neste gong me treff på NHH-folk på byen, men det gjer ikkje så mykje.

Han legg ikkje skjul på at det er litt konkurranse mellom dei to handelshøgskulane, men synest berre det er kjekt.

– Det gjer at det er litt ekstra god stemning når idrettslaga våre møtest, til dømes. Og konkurranse i markedet er jo alltid bra, legg han til med eit lurt smil.

Han meiner òg at for mange BI-studentar opplevast BI og NHH som to vidt forskjellige ting, mellom anna fordi BI har eit anna studietilbod. Sjølv er Svee på siste året i ein bachelorgrad innan digital kommunikasjon og marknadsføring, som utelukka NHH som studieval.

KONKURRANSE. Mark Daniel Svee set pris på litt konkurranse mellom dei to handelshøgskulane.

– Studiet her er gull verd. Og at BI har klatra på rangeringa viser jo at dei leverer det dei skal.

Heilt til slutt, kva ønsker du deg til jul?

– Det er nokon skinnhanskar eg har lyst på.

JULEKOS. Verken rangering eller eksamensperiode har fått skygge for julekosen på BI.

– Ikkje at BI skal ta igjen NHH til neste år, altså?

– Det får vere nyttårsforsettet.

For ordens skuld: BI-student Mark Daniel Svee jobbar også som innhaldsprodusent for BI. Han uttalar seg som ein student i saka.

Powered by Labrador CMS