Nyhet

No har fleire fagutval blitt studentforeninger

Fagutval, linjeforeningar og studentforeningar. Ved Det samfunnsvitenskapelige fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB) har nå fleire namn blitt endra.

Publisert Sist oppdatert

I mai i år fekk alle fagutvala på fakultetet nytt namn og ny logo. Dei tidlegare fagutvala heiter no studentforeiningar, fortel Elida Slettum, leiar for Studentutvalget ved fakultetet. 

– Det er forvirrandre sjølv for etablerte studentar å ha oversikt over fakultetet, institutt og alle organisasjonar. Dette er nok eit steg i riktig retning, sjølv om det kan skape meir forvirring. Det tok nokre år å venne seg til at Statoil heiter Equinor også. Vi har i alle fall ikkje kalla oss O, flirar ho. 

Slettum ser positivt på den nye endringa og har fått gode tilbakemeldingar frå studentforeiningane allereie. Ho synes derimot at det kan vere mange omgrep å halde styr på som student. 

– Fagutvala ynskja sjølv ei namnendring for å understreke deira sosiale funksjonar. Studentforeiningane er fortsatt demokratisk valte organ som skal representere studentane opp mot instituttet. 

Dette er først og fremst ei estetisk endring og funksjonen forblir den same, poengterer Slettum. 

NAMNENDRING. Studentleiaren meiner at namnendringa kjem til å skape meir engasjement blant studentane. FOTO: Aurora Åsheim

– Studentforeiningane har fått sitt eige namn som er knytt til fagfeltet sitt, til dømes Terra på geografi og Kabinettet på samanliknande politikk. Dei fekk også ny logo slik at dei skal sjå likare ut. Sjølv om vi no prøver å understreke den sosiale funksjonen er det faglege fortsatt ein viktig del av oppgåva deira.

På spørsmål om inspirasjonen kjem frå linjeforeiningane ved NTNU svarer ho:

– Vi har ikkje herma etter NTNU, men studentforeining høyres litt finare ut enn fagutval. Vi vil at fleire skal bli kjent med studentforeininga si og få større tilhøyrsle til faget sitt. Det meiner eg er lettare no. 

Stor interesse

Julia Elise Iversen er leiar for Demos, som er studentforening for politikk og forvaltning. Ho har merka at interessen for studentforeininga er blitt større, men om det er ein etterverknad av korona eller av namnendring, veit ho ikkje. 

– Vårt mål er å være en trygg arena der studentane kan diskutere og ta opp det vi ikkje er nøgde med på studiet vårt. Eg trur namnendringa vil skape meir engasjement. Gamle studentar har stussa litt på kva fagutvalet var, men etter namnendringa er det tydelegare. 

Iversen er nyvalt leiar for studentforeininga og ser fram til eit innhaldsrikt semester. 

NØGD. Julie Elise Iversen trur namnendringa vil skape meir engasjement. FOTO: Erik Stolpestad

– Vi arrangerer møter der studentane på politikk og forvaltning kan ta opp saker som vi kan ta vidare til instituttleiinga. Vi arrangerer også sosiale og faglege arrangementet i løpet av semesteret. 

Ingen endring på MatNat

På Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet er fagutvala ulikt organiserte på nokre av institutta. 

– Det er som regel eit fagutval per institutt, men nokre har fleire. Nokre studieretningar har både fagutval og linjeforening, då tek linjeforeninga seg av den sosiale delen, medan fagutvalet det faglege. Nokre institutt har linjeforening som også fungerer som fagutval, fortel Sigrid Vorland, leiar for Realistuvalget. 

Dei planlegg ikkje å gjere som Det samfunnsvitenskapelige fakultet, og er nøgde med dagens ordning.  

– Det er stort sett Echo, fagutvalg og linjeforening for informatikk som skil seg litt ut. Studentar treng ikkje å forholde seg til korleis andre enn sitt eige institutt er organisert.

MATNAT. Leiaren for Realistutvalget meiner at at studentar ikkje treng å forholde seg til andre institutt enn sitt eige. FOTO: Truls Skram Lerø

Det har ikkje vore noko tvil om kva funksjonen til fagutvala og linjeforeiningane på fakultetet er, seier ho.

– Uansett namn så er funksjonen deira å ta opp utfordringar med det faglige, anten det er problemer med foreleser eller pensum og vere ein sosial møteplass for studentane.

Saknar større engasjement

På Høgskulen på Vestlandet (HVL) har dei linjeforeiningar og studieprogramråd på dei fleste instiutt, fortel Jelle Sebastian Bruin, leiar for Studenttinget på Vestlandet ved HVL. Han saknar større engasjement frå studentane i studieprogramma sine. 

– På HVL i Bergen har vi alltid kalla det linjeforeiningar. Dette er sosiale grupper knytt til studieprogramma. Vi skulle sjølvsagt hatt fleire av dei, men det handlar om engasjement og ikkje om korleis dei er organiserte. Linjeforeiningane som er oppretta er veldig aktive og det sprer seg til andre studieprogram også. Vi ønsker alt engasjement velkommen, fortel Bruin.

På HVL har kvart studieprogram eit studieprogramråd.

– Dette er studentrepresentantar frå kvar klasse som skal utvikle studieprogrammet og læringsmiljøet saman med instituttet. 

HVL. På Høgskulen på Vestlandet har dei studieprogramråd og linjeforening for kvart studieprogram. ARKIVFOTO: Andrea Olsen

Medan studieprogramrådet tek seg av det fagleg, er linjeforeining ansvarlege for det sosiale, legg han til. 

– Linjeforeiningane er oppretta og drivne av studentane sjølve. Studentane kan opprette linjeforeiningar i hytt og pine. Dei er veldig velkomne til å engasjere seg. Dette kan vere linjeforeiningar for heile studieprogrammet eller for undergrupper som til dømes MBSM, som er linjeforeninga for mannlige barnehagestudenter, avslutter han. 

Oversikt over «fagutvala» på dei ulike fakulteteta ved Universitetet i Bergen:
  • Det samfunnsvitenskapelige fakultet: Studentforeningar 
  • Det humanistiske fakultet: Fagutval. Det er ikkje alle fagutvala som er operative på fakultetet.
  • Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet: Har både fagutval og linjeforeninger avhengig av instituttet. 
  • Juridiske fakultet: Eit fagutval for heile fakultetet. 
  • Psykologiske fakultet: Eit fagutval for heile fakultetet. 
  • Medisinske fakultet: Eit fagutval for kvart institutt. 
  • Kunst. Musikk og Design: Eit fagutval for kvart institutt. 
Powered by Labrador CMS