Kultur

No vil dei verte størst i verda

Gründerane i Pure Lobster har vunne prisen for «Vestlandets beste idé.» No vil dei verte leiande innan produksjon av ein spesiell type hummar.

PRIS. Idéen om landbasert hummaroppdrett er kåra til den beste på Vestlandet i konkurranse med 39 andre. Frå venstre: Nikolai Eide, Sandra Løfsnæs, Aslak Heining, Filip Hellmann og Jacob Bull.
Publisert Sist oppdatert

– Det var uventa, vi trudde ikkje vi skulle gå av med sigeren. Men det var sinnssjukt kult.

Det seier Aslak Heining, dagleg leiar i Pure Lobster, som førre torsdag vann 500.000 kroner i ein konkurranse arrangert av Vestlandets innovasjonsselskap (VIS). Idéen til dei fem studentane i selskapet er å drive landbasert, berekraftig oppdrett av ein australsk ferskvasshummar.

JOSEFINE. Hummaren Josefine bur i eit akvarium på kontoret til Pure Lobster. Det er denne arten studentane ønskjer å drive oppdrett av.

At gründerane fekk akkurat denne prisen skuldast òg ein porsjon flaks. Dei fekk nemleg vite om den, heilt tilfeldig, same dag som søknadsfristen gjekk ut.

– Vi har prøvd å sondere terrenget for ulike prisar, men dette fekk vi berre midt i fanget, seier Heining.

Tverrfagleg

I tillegg til Heining består selskapet av havbruk og sjømat-studentane Sandra Løfsnæs og Nikolai Eide, jusstudent Jacob Bull og Filip Hellmann, som studerer siviløkonomi ved NHH.

Heining fortel at han oppdaga hummararten i ei bok på realfagsbiblioteket. Etter å ha undersøkt den nærare, tenkte han at ein kunne prøve å drive oppdrett på den. 

– Då var det naturleg å samle denne gjengen som er med her, med Sandra og Nikolai som studerer Havbruk og Sjømat, der hovudvekta er på biologi og oppdrett. Så er det òg viktig å ha med både det økonomiske og det juridiske, seier han.

MEIR TVERRFAGLEG. Jusstudent Jacob Bull er med på havbrukslaget. Han meiner tverrfaglegheit er viktig for ei gründerbedrift.

– Det er mange gründerbedrifter som startar med tre økonomar, tre biologar eller kva det skulle vere. Dette var ein måte å vere meir tverrfaglege på, legg Bull til.

Vil verte størst

Selskapet vart skipa i februar i år. No skal pengepremien frå konkurransen brukast på eit pilotprosjekt i Bergen sentrum neste år. På sikt har gjengen det dei sjølv vedgår kan høyrest ut som hårete mål.

– Målet er å bli den største produsenten av denne arten i verda, seier Heining.

– Vi har snakka om at vi åleine skal produsere meir enn dei gjer i Australia, legg Eide til.

Dei fem studentane seier det realistiske målet er å byrje sal i større skala i 2024 eller 2025. Dei vil først sikte seg inn mot restaurantbransjen, før dei går vidare til daglegvaremarknaden.

– Kan stille dumme spørsmål
SJEKK. Det synlege beviset på sigeren i kontorvindauget til Pure Lobster. I tillegg til premien frå Sparebanken Vest får selskapet kontorplass og rådgjeving til ein verdi av 100.000 kroner frå VIS.

Gründerane anbefaler òg andre studentar som vil starte ei eiga bedrift å byggje opp eit tverrfagleg team, på same måte som dei gjort.

– Gå på tvers av institusjonane i Bergen eller fakulteta på universitetet. Det får ein mykje betalt for utover i løpet, seier Hellmann.

Ifølgje Lofsnæs har akkurat det å vere student sine fordelar når ein skal starte ei bedrift.

– Som student har ein lågare terskel på å hengje seg på professorar eller flinke folk i næringa. Ein kan stille litt dumme spørsmål, seier ho.

LES OGSÅ:
Powered by Labrador CMS