Nyhet

Stor sentrumsbygning blir kanskje studentbustad: – Eit draumeprosjekt

Eit stort bygg midt i sentrum kan bli 260 nye studentbustader. – Vi ser at bustadmarknaden er pressa, seier sosialbyråd.

BYGNING. Neumanns gate 1 ligg vegg i vegg med Konsertpaleet på Engen. FOTO: Truls Skram Lerø
BYGNING. Neumanns gate 1 ligg vegg i vegg med Konsertpaleet på Engen. FOTO: Truls Skram Lerø
Publisert Sist oppdatert

Byrådet i Bergen har slått fast at dei ynskjer å selje store delar av Neumanns gate 1 til Sammen, for å kunne byggje nye, sentrale studentbustader der.

Amalie Lunde, styreleiar i studentsamskipnaden Sammen, er nøgd med avgjerda til byrådet.

– Eg synest det er kjempeflott, me har jobba med dette ei stund. Me er glade for at SV fyrst tok opp saka i budsjettmøtet før jul, og at byrådet no har beslutta å gå for eit retta sal, fortel Lunde.

BT meldte om slutninga til byrådet fyrst.

Dekningsgraden for studentbustader i Bergen er på snaue 13 prosent. Nokre av studentleilegheitene til Sammen er i dag i sentrum, men det er eit fåtal.

Dette betyr at brorparten av bergensstudentane finn ein stad å bu gjennom den private marknaden.

Mange av studentane som bur i ein studentbustad bur dermed eit godt stykke unna sentrum, til dømes på Fantoft, Brann Stadion og Hatleberg.

Derimot ligg Neumanns gate 1 berre eit steinkast frå Den Nationale Scene, i nabobygget til Konsertpaléet.

Ynskjer å nå 20 prosent dekningsgrad

Styreleiaren, som står som øvste leiar i Sammen, synest det er hyggjeleg at byrådet vel å prioritere studentane.

– Me planlegg minimum 260 hybeleiningar i bygget. Det blir ei blanding av singeleiningar, kollektiveiningar og nokre parhyblar.

Lunde påpeikar at det er eit mål om å auke dekningsraden for studentbustader i Bergen frå dagens 13 prosent til 20 prosent i 2030.

Styreleiar i Sammen, Amalie Lunde, har stor tru på prosjektet i Neumanns gate. FOTO: Sammen
Styreleiar i Sammen, Amalie Lunde, har stor tru på prosjektet i Neumanns gate. FOTO: Sammen

– For å nå målet om 20 prosent dekningsgrad innan 2030 må me byggje 2.000 nye studentbustader. Alle desse kan ikkje byggjast i sentrum, men Neumanns gate 1 er eit draumeprosjekt for oss, seier styreleiaren og legg til:

– Målet er at Sammen skal ha ein bygningsmasse som gjev studentane høve til å bu der dei ynskjer i Bergen.

Kommunen gler seg

Sosialbyråd Line Berggreen Jacobsen (Ap) fortel til Studvest at ho trur og håper at dette fører til betre tilgang på bustader og fleire nøgde studentar i sentrumsgatene.

– Bergen er og skal fortsetje å vere ein av Noregs leiande studentbyar, og skal vere ein by studentar har lyst til å bli buande i. Då må vi sørgje for at studentane har det bra når dei er her og får seg jobb etter studia, seier ho og legg til:

– Vi ser at bustadsmarknaden er pressa og at dette går utover studentar med trong studentøkonomi. Då er det bra at vi kan tilby fleire bustader til studentar i sentrumsområdet.

Vil ikkje ut på den frie marknaden

Andreas Madsen Berg (27) frå Sosialistisk Venstreparti (SV) er sjølv masterstudent ved Universitetet i Bergen. Han er glad for at byrådet no ynskjer at studentar skal flytte inn i Neumanns gate 1, sjølv om gleda kjem med ein bitter bismak.

– Me i SV har lenge jobba for at Sammen skal kunne realisere studentbustader i Neumanns gate. Me har sett for oss, og ynskjer framleis at dette skal vere ei direkte forhandling med samskipnaden, og ikkje nokon open bodrunde, meiner Berg.

Berg meiner at byrådet har vore ein bremsekloss for utbygging av studentbustader. Han synest difor det er merkeleg at dei no har gjort ein heilskru og framstiller dette som sin eigen idé, spesielt fordi studentsamskipnaden har arbeidd lenge for det.

– SV har lenge sagt at me må forhandle direkte med Sammen og tilby tomter til under marknadspris slik at me kan auke tala på studentbustader i Bergen. Om ideelle aktørar, som Sammen, skal konkurrere med private eigedomsmilliardærar som flyttar til Sveits, så kjem me ikkje til å lykkast med ei god byutvikling.

– Det vil vere positivt for heile byen å auke den låge dekningsgraden av studentbustader, fortset Berg.

Berg meiner vidare at kommunen må gå til direkte forhandlingar med Sammen utanom den frie marknaden. 

DEN FRIE MARKNADEN. Andreas Madsen Berg frå Bergen SV ynskjer ikkje at Neumannsgate 1 bør ut på den frie marknaden. FOTO: Nikolai Hagevold Krohne
DEN FRIE MARKNADEN. Andreas Madsen Berg frå Bergen SV ynskjer ikkje at Neumannsgate 1 bør ut på den frie marknaden. FOTO: Nikolai Hagevold Krohne

Studvest har lagt fram kritikken frå Andreas Madsen Berg til finansbyråd Per-Arne Larsen (V). Finansbyråden skriv følgjande i ein e-post til Studvest:

– Studentbustader er viktig for dette byrådet, og det har det alltid vore. Vi har sjølvsagt jobba med dette lenge, og i kvart fall lenge før budsjettmøtet i desember. Eg er mest glad for at vi no har kome så langt, og synest det er veldig merkeleg at SV bruker tid og krefter på å sutre i media når vi openbert har felles mål.

Han fortset:

– Det ser ut til at Berg ikkje heilt har forstått kva saka seier at vi skal gjere, for det vi har sagt er at vi synest studentbustader er eit så godt formål at vi ynskjer å rette salet direkte mot Sammen. Det blir i så fall ikkje snakk om å konkurrere med private eigedomsmilliardærar. I staden for å klage håper eg SV no er med på å lage fleirtal for at vi kan selje til Sammen.

Powered by Labrador CMS