Reidar (22) er jusstudent, bygut og Bergen Senterparti sin nye leiar

Etter tre år med offentlege konfliktar valde Bergen Senterparti 22-åringen Reidar Digranes til ny leiar. Med jusstudier og leiarverv i Hordaland Senterungdom attåt har han nok å gjere framover.

LEIAR. Reidar Digranes studerer jus ved Universitetet i Bergen og er samstundes nyvalgt leiar for Bergen Senterparti.
Publisert Sist oppdatert

– Eg skulle sikkert sagt at eg har eit tidsskjema og planlegg alt. Sanninga er at eg berre står opp om morgonen, finn ut kva som må gjerast og står på fram til eg vert trøytt, seier Reidar Digranes.

Bergensaren kjem rett frå rekrutteringsrunde for Senterungdommen på Askøy vidaregåande skule. No nyt han utsikta frå kantina på jusbygget på Dragefjellet. Nøkkelen til å klare jusstudiet og lokalpolitiske leiarverv parallelt er å ha det gøy og vere engasjert, meiner han.

– Også må eg skryte av studieopplegget. Følg ein studieplanen går studiet jevnt og fint, så eg får tid til politikk og.

Jusstudentar og politikk

Tidlegare studerte Digranes i lag med Ane Breivik, som vart vald til leiar av Bergen Venstre som 21-åring for tre år sidan. Med det er det to jusstudentar ved Universitetet i Bergen som begge, utan at dei har finlest lokallagshistorikken, tippar dei har sett rekord for yngste leiar i sine respektive lokallag på få år. 

Er det noko spesielt med jus og politikk?

KOMBINASJON. Reidar Digarnes meiner det er ein slags symbiose mellom politikk og jus.

– Ein del juristar endar nok opp på Stortinget, ja. Det er jo ein slags symbiose mellom politikk og jus, både lokalt og på Stortinget, så jussen er nyttig å kunne.

Han understreker at han tykkjer det er viktig at politikarane representerer breidda i befolkninga, og meiner Senterpartiet (Sp) er gode på å få folk frå til dømes jordbruk og industri inn i politikken. 

– Det er nok eit parti som har rykte på seg for å vere veldig distriktsorientert, men det er ein god blanding med nokon juristar og. Me har jo justisminister frå Senterungdommen, påpeiker han.  

– Og i forhold til dei som går samanliknande politikk trur eg ikkje jusstudentane er overrepresentert akkurat, legg han lattermildt til.

Unge røyster

Digranes melde seg inn i Sp i 2017. Allereie to år seinare fekk han sitt første leiarverv, då i Bergen Senterungdom. Han meiner partiet lyttar til dei unge røystene.

– Eg har ikkje inntrykk av at det er noko særleg rangstige mellom ungdommen og moderpartiet. Det er kort avstand til dei på toppen, og dei kjem ofte på besøk og høyrer på oss. Utdanningsministeren, til dømes.

Kva legg du fram for forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe då?

– Fleire studentboligar og utviding av sosiale tilbod for studentane til dømes. Me driv med storby- og universitetspolitikk i Sp og, sier Digranes.

Utfordrande verv

På same årsmøte som Digranes vart vald vart det klart at fylkeslaget satte inn ein observatør i lokallaget, samt kravde ein plan om korleis dei skulle betre partikulturen innan 1. mai.

Desse tiltaka kom etter tre år med konfliktar i partiet som også har vore oppe i media. Mellom anna har splittinga synt seg i bybanesaka, der to avhopparar frå Sp gjekk mot partiet og var med å sikra fleirtall for bybanetrasé over Bryggen.

Den nyvalde leiaren medgjer at det ikkje er enkle oppgåver han har foran seg.

– Det vert nok det mest utfordrande leiarvervet eg har hatt til no, og eg hadde ikkje gått inn i det om eg ikkje brant for det. Heldigvis har eg mykje kompetente folk rundt meg, så det er ikkje slik at alt ligg på mine skuldrer. 

PARTI. Jusstudenten har tatt over lokallagslaget til Senterpariet i ei krevande tid.

Første oppgåve som lokallagsleiar vert å betre samarbeidet. Der ønsker Digranes mellom anna å gjere ting som har fungert godt i ungdomspartiet.

– Berre kampvoteringar skapar ikkje godt grunnlag for samarbeid. Me må kunne kome saman og diskutere politikk og kanskje ta ein pils etterpå, det er slikt som bygger lag, seier han og legg til:

– Også vil eg seie til dei som stemde på oss at me skal gjere oss fortent til tilliten igjen.  

Prioriteringar

Sjølv om studie og lokalpolitikk krever sitt får Digranes tid til anna.

– I helgene går eg gjerne ut på byen med vener.

Du orkar det, altså?

– Ja, må prioritere det som er viktig.

Powered by Labrador CMS