Sa at fadrane ikkje fekk tipse nye studentar om andre bokhandlar

Bokhandelen meiner fadrane kan ha høyrt feil.

AKADEMIKA. Akademika er einaste bokhandler på campusene i Bergen tilknytta Studentskipnaden på Vestlandet.
Publisert Sist oppdatert

Årets fadderveke på Universitetet i Bergen (UiB) vart sponsa av blant anna Akademika. I eit munnleg innlegg på fadderopplæringa skal bokhandlaren ha lagt føringar på kva fadrane kunne sei og ikkje sei til sine fadderborn.

Fadder på Det juridiske fakultet, Eivind Abrahamsen, var ein av dei som var til stades då Akademika snakka til fadrane.

– Akademika kom opp på scena og sa, slik eg hugsar det; «Vi er sponsorar av dykkar fadderveke, og i denne avtalen inngår det at de skal snakke varmt om Akademika til fadderborna dykk, og ikkje nemne eller reklamere for nokon andre bokhandlar.»

FADDER. Eivind Abrahamsen har i år vore fadder på det Juridiske fakultet og var til stades under opplæringa. Biletet vart teke i ein anna samanheng. ARKIVFOTO: Anna Jakobsen

Studvest har vore i kontakt med ni ulike fadrar som også var til stades, og dei bekreftar at det var dette som vart ytra av Akademika.

Skjult reklame

Direktør i Forbrukertilsynet, Elisabeth Lier Haugseth, fortel at det er forskjell på sponsing og eit reint reklameoppdrag.

– Det å ha Akademika trykka bak på t-skjortene til fadrane, og få økonomisk støtte frå Akademika under fadderveka, er noko heilt anna enn å gå rundt og snakke varmt om dei til fadderborna, fortel ho.

Marknadsføringslova krev at all reklame skal vere merka.

FORSKJELL. Direktør i Forbrukertilsynet, Elisabeth Lier Haugseth, fortel at det er stor forskjell mellom å vere sponsor og å utføre eit reklameoppdrag. PRESSEFOTO: Kimm Saatvedt.

– Kravet er at det skal vere lett for forbrukaren å skjøne at dei blir eksponert for reklame. Har du eit slikt tilfelle med ein faddersituasjon og spons frå Akademika, så vil det ikkje vere innlysande for dei nye studentane at det å snakke varmt om Akademika også er reklame.

Ho fortel vidare at det då kan reisast spørsmål om dette er i strid med marknadsføringslova.

– Sidan det er forskjell på sponsing og reklame, er det ikkje sikkert at det er innlysande for studentane at dei blir utsett for reklame, og dermed vil dette stå fram som skjult reklame når fadrane snakkar varmt om Akademika.

Usemje om kva som vart sagt

Julie Lindbom, som er fag- og marknadsføringsansvarleg for Akademika Bergen, bekreftar at det blei opplyst om at fadrane ikkje skulle promotere andre bokhandlar under fadderveka.

Ho meiner sponsoravtalen ikkje er i strid med marknadsføringslova.

– Kva viss fadrane sjølv aldri har kjøpt bøker på Akademika, eller ikkje ynskjer å anbefale Akademika?

– Eg skjønar problematikken, men då tenkjer eg at om du ikkje har noko varmt å sei, så ikkje sei det, meiner Lindbom.

– Men de har allereie sagt at fadrane må snakke varmt om Akademika?

– Det kan vere at det har blitt oppfatta litt feil eller krast, men eg meiner at eg sa; «Vi ønskjer at de skal snakke varmt om oss, og i denne veka ikkje promotere andre», fortel Lindbom.

Ho seier at dersom ein fadder har lyst til å anbefale noko anna så vil dei ikkje leggje seg opp i det.

– Vi kan ikkje gå rundt og kontrollere alle saman. Slik går ikkje an i dagens samfunn, og vi har jo ytringsfridom til å sei kva vi vil.

USEMJE. Fag- og marknadsføringsansvarleg Julie Lindbom i Akademika på Studentsenteret har ein annan versjon av kva som vart sagt under fadderopplæringa.

– Men likevel sa de at dei måtte snakke varmt om Akademika og ikkje promotere andre bokhandlar?

– Ja, eg ser problemet, men eg er redd det har blitt oppfatta litt feil fordi vi ønskjer at dei skal promotere oss, og vi ønska å unngå situasjonar der vi høyrer at dei snakkar om til dømes Adlibris i butikken vår. Og det var eigentleg det heile. Vi ønskjer at studentane skal forbinde noko positivt med oss, og at vi heile tida har lyst til å gi studentane gode tilbod.

Meiner fadrane kan ha høyrt feil

Eli Gerhardsen, kjedeleiar i Akademika, påpeiker i etterkant at oppfordringa berre gjaldt inne i butikken, og ikkje på andre private arrangement.

– Det gjeld den enkelte fadder når dei er inne i vår butikk saman med fadderborna.

Gerhardsen seier at dersom dei som var til stades er av ei anna oppfatning, har dei anten ikkje høyrt den siste setninga, eller så har Akademika sin representant ikkje vore klar nok.

Sto ingenting i fadderkontrakta om Akademika

Studvest har fått sjå sponsoravtalen mellom Akademika og tre av fadderstyra. Der står det blant anna: «Fadderstyret skal i fadderperioden ikkje oppfordre til bruktbokkjøp.», og «Fadderstyret skal i fadderperioden ikkje profilere andre bokhandlar.»

I fadderavtalen mellom fadderstyret og den enkelte fadderen står det derimot ingenting om Akademika eller kva ein kan eller ikkje kan promotere til sine fadderborn.

– Kvifor var de på møtet for å sei til fadrane at dei ikkje kunne promotere andre bokhandlar når det ikkje står noko om det i kontrakta deira?

– Avtalen med fadderstyra er at vi kan gi den informasjonen vidare til fadrane. Dette var ein munnleg del av avtalen, seier Eli Gerhardsen.

– Kvifor er det ein munnleg del i staden for at det står skriftleg i sponsoravtalen?

– Vi har hatt fadderavtalar i mange år, og det har aldri vore problem rundt dei nokon gong. Vi har ikkje tenkt over det og ikkje vore tydelege nok, men det har aldri vore problem med dei avtalane før.

Fadderkoordinator ved UiB, Sara Ebling, fortel at ho har hatt ein fin dialog med Akademika og at dei er mest interessert i å løyse ting internt.

– Det kan høyrast ut som om det har vore nokre misforståingar mellom fadderstyra og Akademika i korleis kontrakta skulle etterfølgjast reint praktisk. Men det som har blitt sagt på fadderkurset (at fadrar ikkje skulle nemne andre bokhandlar, red. anm.), i alle fall delar av det, er ikkje noko som står i vår kontrakt med fadrane, seier ho.

Ho seier at dette inneber at fadderstyra ikkje går ut og oppfordrar til bruktbokkjøp eller å promotere andre bokhandlar, men at dei ikkje legg føringar på kva fadrane gjer.

– Fadderstyra går ikkje ut og seier til fadrane at dei ikkje får lov til å promotere sine eigne bøker, for det er ikkje ein del av kontrakta, og det har også Akademika vore heilt einige i. Fadrane står heilt fritt til å selje sine eigne bøker eller å anbefale andre bokhandlar for den saks skyld, seier ho.

FADDERKOORDINATOR. Sara Ebling fortel at det ikkje er ein del av avtalen med fadrane at dei skal snakke varmt om Akademika og ikkje nemne andre bokhandlar til fadderborna.
Powered by Labrador CMS