Skrivetips frå ein utan sjølvdisiplin

Sidan eg for lengst har gitt opp å forbetre eigne studievanar, vil eg her presentere ein kort guide til oppgåveskriving i siste liten.

SERIØS. Studvest-journalist Bendik Reed Årvik gir deg en guide til hvordan du kan bruke skippertak-metoden. Foto: Julie Helene Günther.
Publisert Sist oppdatert

APROPOS

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Eg har alltid vore den typen som utset ting så lenge som mogleg. I livet som student har eg i løpet av tre og eit halvt år så å seie aldri starta på ei oppgåve før same dag som innleveringsfristen, så lenge oppgåva har vore på under 3000 ord. Lenger oppgåver har eg av og til starta på dagen før.

Sidan eg for lengst har gitt opp å forbetre eigne studievanar, og det uansett er gøyare å påverke andre til å gjere like dumme livsval som ein sjølv, vil eg her presentere ein kort guide til oppgåveskriving i siste liten. Eg har sjølv berre studert samfunns- og mediefag, så bruk av denne arbeidsmåten i fag der det faktisk går an å svare feil, gjerast difor på eige ansvar.

Uansett. Det første som er viktig å tenkje på er å halde seg hydrert, altså å drikke nok pils. Dette bidreg både til å døyve den drepande keisemda oppgåveskriving fører med seg, og til å auke kreativiteten din. Sidan innleveringsfristar ofte er på fredagskveldar er det også (relativt) sosialt akseptabelt å bruke oppgåveskriving som ein tjuvstart på vorset.

Til dei delane av oppgåva der du treng å vise til pensum bør du alltid starte i oppslagsverket bakerst i bøkene. Her kan du finne akkurat dei omgrepa oppgåva spør etter, og så berre lese akkurat dei sidene desse står på. På denne måten kan du fint sleppe unna med å berre lese cirka 20 sider av pensum til ei vanleg oppgåve. Hugs også at det ikkje er så viktig at du faktisk forstå det du skriv, så lenge du klarer å late som at du gjer det.

Om oppgåva skal innehalde ein drøftingsdel er forma på denne delen langt viktigare enn sjølve innhaldet. Så lenge du passar på å bruke ord som «på den eine/andre sida», «kanskje», «samtidig» og «likevel» ofte nok, kan du skrive nesten kva du vil. Pilsen eg nemnde i stad vil her hjelpe deg til å fylle oppgåva di med svada utan nokon form for skam.

Til slutt kjem konklusjonen, som i mange akademiske oppgåver ikkje er ein konklusjon i det heile tatt. I staden handlar konklusjonen om å prøve å bruke så mange ord som mogleg på å seie at du ikkje har funne ut noko som helst. Pass på at du etter dette ikkje går inn i ei eksistensiell krise der du lurer på om det eigentleg finnast ting vi kan vite heilt sikkert.

Følg desse enkle råda, og kan du no sjå fram til å bruke resten av studietida di på å sjå dumt på medstudentar som snakkar om at dei er stressa for innleveringar som ligg fleire veker fram i tid. Med mindre du «har lyst til å ta utdanninga di seriøst», då. Din streber.

Powered by Labrador CMS