Slik minnast dei lovsamlinga

Tre kjende juristar snakkar ut om sitt forhold til den dødsdømte boka.

Publisert Sist oppdatert

Nekrolog

Mange meinte mykje om deg, og onde tunger ville ha det til at du var unødvendig. Utdatert. For tungvint, for knotete.

Det har vore seine netter. Det har blitt tidlege morgonar. Du har absorbert svette og tårer, du har tolt bannord og overtrøytt mumling. Om ikkje anna, så har du vore ein fordømt god lyttar.

Joda, du var utvilsamt større enn andre av ditt slag. Men det måtte du også vere, så symboltung som du er. For mange vil du forbli det fremste ikonet på den edlaste formen for sjølvskading – jusstudiet – kva enn framtida måtte bringe av tiltenkte arvtakarar.

Takk for alt.

I januar blei det kjent at årets utgåve av Norges Lover blir historias siste. I høve lovsamlingas planlagte bortgang har Studvest prata med eit lite knippe av dei som har nytt godt av den knæsj røde nittitreåringen sine breifyldige kjennskapar til norsk lovgiving. 

Det skal visa seg at jussverden stort sett går vidare, med eller utan boka over alle bøker.

Johan Giertsen, professor ved Det juridiske fakultet

Korleis er ditt forhold til lovsamlinga?

– Frå gamalt av er det eit varmt forhold, sjølvsagt, for før var han eit must. Men det er nok mange år sidan eg har bladd i papirversjonen, altså. Dei siste åra har eg brukt han mest for å finna gamle, oppheva lovtekster, men no er også desse på Lovdata.

Kor mange lovsamlingar har du (Studvest noterer seg minst åtte på kontoret)?

– Kor mange eg har? Eg har kasta dei aller fleste. Dei kjem jo kvart år. Eg har frå tilbake til syttitalet, frå då eg var student. Eg har haldt på den frå ’81, det er den eldste eg har.

Kva er det sjukaste du har gjort med lovsamlinga?

– Eg har ikkje brukt han til valdelege aktivitetar, viss det er det du lurer på – alt eg har gjort toler dagens lys. Men i gamle dagar, som student, var han jo eit verdipapir. Eg brukte masse tid på å innarbeida lovsamlinga som student. Fordelen var ikkje nødvendigvis at ein fekk så mykje nytte av det på eksamen, men ein blei kjent med lovtekstane.

Har du ein yndlingsparagraf? 

– Det må bli avtalelovens § 36, altså. Den har eg slitt med å forstå. Trur ikkje eg forstår han enno.

Kor i huset har du lovsamlinga di?

– Eg hadde enorme mengder med litteratur heime, men så sa mi kone at me ikkje kunne ha det sånn lenger. Med full rett. Så eg har ingen lovsamling heime lenger.

Kim Heger, dommar i Oslo tingrett

Kva er ditt beste minne med lovsamlinga?

– Altså, det er jo at ein brukte han som hodepute på lesesalen. Det er det ein hugsar best. Og så dukke opp på Frokostkjelleren med ei speglvendt løve i panna.

Kva vil du sakna mest med lovsamlinga?

– Eg brukte han ikkje stort, men eg vil nok sakna å ha han liggande på dommarbordet og på skrivebordet. Det har vore meir utsjånadsmessig enn bruksmessig nytte.

Kva er det sjukaste du har gjort med lovsamlinga?

– Det er vel at eg brukte han til å legga båten på, på sommarstaden. Eg hadde boka under baugen då eg snudde båten, slik at det kom luft under båten. Då overvintra båten på lovsamlinga. Det var veldig effektivt. Så har eg også brukt han til å støtta opp et svært skap på hytta.

Har du ein yndlingsparagraf?

– Då må me til grunnlova, den gamle… var det § 97? At ingen kan dømmast utan etter lov og dom. Som dommar må eg halda meg til den.

Kor i huset har du lovsamlinga di?

– Eg har både på kontoret, heime, og på hytta. Dei står i bokhylla, litt bortgøymt, litt nede, og samlar støv.

FOTO: Jan M. Lillebø/BT

Eirin Eikefjord, kommentator i Bergens Tidende og utdanna jurist

Kva vil du sakna mest med lovsamlinga?

– Eg er veldig glad i analoge ting – papiraviser, for eksempel – og liker godt å ha ting handfast, så eg synst det er trist at ein ikkje vil ha fysiske lovsamlingar lenger. Det blir likevel meir nostalgi enn av eit praktisk behov. Sist gang eg brukte ei fysisk lovsamling, trur eg faktisk var under siste eksamen, i 2008.

Kva er ditt beste minne med lovsamlinga?

– Eg veit ikkje om eg har så mange gode minner. Beste minne… å slepa rundt på han? Eg synst eigentleg han har vore mest til bry, for å vera ærleg.

Kva er det sjukaste du har gjort med lovsamlinga?

– Ikkje noko kinky, i alle fall. Mest markering. Eg hadde sjukt mange fargar. I ein periode var eg oppe i ti ulike fargekodar.

Hadde du eit kallenamn på lovsamlinga?

– ‘’Droget’’ vart brukt. Det er eit dialektord for noko som er tungt å slepe med seg.

Har du ein yndlingsparagraf? 

– Ja, det er grunnlova § 100. På nynorsk. ‘’Ytringsfridom skal det vere’’. Den er mykje betre på nynorsk.

Powered by Labrador CMS