Universitetet i Bergen måtte betale bot på 6000 kroner etter studentar brukte bilete utan tillating.

Nettavisa Bymag, som er journalistikkstudentane ved Universitetet i Bergen (UiB) si interne praksisplattform, fekk tilsendt ei bot på 3000 kroner per bilete etter funn av ulovleg bruk av bilete.

Det var eit adovkatfirma som fann bruk av to bilete utan tillating frå opphavsmennene, og sende bota til UiB. No er bota betalt, og nettsida er teken av nettet for ei ordentleg gjennomgåing.

– Dette er ein glipp frå vår side, og me har teke ned nettsida for å sikra at det ikkje ligg fleire bilete utan tillating frå opphavsmann ute, fortel instituttleiar ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Leif Ove Larsen.

Slikt som kan skje

Førsteamanuensis og leiar for praksisordninga ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Lars Arve Røssland, fortel at dette er tilfelle frå 2017 og 2018, frå eit tidlegare tilbydd kurs.

– Det er slikt som kan skje, men me har endra rutinane våre. Me har forlenga og endra kurset slik at me skal få betre tid til å gå gjennom både tekst og bilete før publisering. I tillegg fortel me studentane at dei helst skal bruke eigne bilete, og i dei tilfella ein er nødd til å bruke andre sine bilete skal ein vele opne bilete, seier Røssland.

Intensive kurs med dårlege rutiner

Røssland fortel vidare at dei tidlegare kursa ikkje lenger blir tilbydde, og at det er vanskeleg å seie akkurat kva som gjorde at bileta blei publisert på nettavisa utan tillating.

– Det var intensive kurs med mykje innhald, og det har nok gått litt fort.

No er dei snart ferdig med å rydde opp, og nettsida skal vere oppe å gå igjen til kurset startar dette semesteret.

Kommentarer

kommentarer