Studentar skal få økonomisk hjelp

Regjeringa skal kome tilbake med ei ordning for studentar som har mista inntekt grunna koronakrisa. Dette skal skje gjennom Lånekassen sine system.

ARKIVFOTO: Silje Helene Dahle
Publisert Sist oppdatert

Saka er oppdatert.

På pressekonferansen torsdag føremiddag presenterte Stortinget sin finanskomité del to av tiltakspakka som har blitt oppretta grunna koronaviruset. No skal også studentane få sikra inntekt å leve av.

Tidlegare har det kome sterke reaksjonar frå fleire politikarar og studentleiarar på at studentar ikkje vart nemnt i den første delen av krisepakka.

– Studentar blir også ramma av krisa, då skulle det berre mangle at dei også får hjelp. Sjølv med jobb lever dei fleste studentar under fattigdomsgrensa. No som mange mister store delar av inntektene sine, kan det bli vanskeleg å få dekkja husleige, mat, medisiner og andre utgifter, sa Henrik Madsen, leiar i Rødt Studentlag i Bergen, til Studvest i går.

Studentane får hjelp

Studvest skreiv tidlegare i veka om fleire studentar som har blitt permittert frå jobbane sine. Fordi studentar ikkje blir rekna som reelle arbeidssøkjarar har dei ikkje rett på dagpengar frå Nav.

No har regjeringa blitt einige om ei ordning for studentane. Dei uttaler at det skal kome ei ordning for dei som har mista inntekt grunna koronaviruset, men at dette ikkje skal skje gjennom Nav.

– Vi er einige om at studentane som har inntektsbortfall må få hjelp. Det er veldig avgjerande for mange av dei som er i ein studiesituasjon, og har påtatt seg forpliktelsar, og har lagt opp til det å arbeide ved sida av studia er eit heilt sentralt element. Då må dei som per i dag ikkje er med på nokon av dei ordningane som gjeld, få ei ordning, seier Høgre sin parlamentariske nestleiar Svein Harberg.

Det skal bli laga ei midlertidig ordning gjennom Lånekassen, for å avbelaste Nav sitt system. Dette skal regjeringa kome tilbake til.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) skriv i ei pressemelding at han har forståing for studentane sin situasjon.

– Det er mange studentar som er avhengige av deltidsjobben sin og som har havna i ein økonomisk vanskeleg situasjon fordi dei har blitt permitterte.

FORSTÅR. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier at dei jobbar saman med Lånekassen for å finne gode løysingar. ARKIVFOTO: Adrian Grindbakken

Asheim seier at han er glad for at Stortinget i dag landa på at studentane skal gå gjennom dørene hjå Lånekassen, og ikkje hjå Nav.

– Vi jobbar på spreng saman med Lånekassen no for å finne gode løysingar for studentane. Stortinget har bedd oss kome tilbake til detaljane, og det vil eg gjere så fort vi har landa på ei løysing som både er god og som er praktisk mogeleg å gjennomføre.

– Forventar å bli inkludert

– Vedtaket i Stortinget seier at Stortinget ber regjeringa om å kome tilbake med ei ordning gjennom Lånekassen. Vi er glad for at det ser ut til at det blir ei løysing for studentane, seier leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Marte Øien.

Ho fortel at NSO vil halde fram med å ha god dialog med regjeringa, og at dei forventar å verte inkludert i utarbeidinga av løysinga.

Benjamin Jakobsen, leiar i LO-studentane ved Universitetet i Bergen (UiB) seier at det viktigaste er at studentane blir ivaretatt og får betalt utgiftene sine.

– Eg vil seie at det er positivt at dei kjem med ein mellombels ordning, og at fleirtalet på Stortinget har ein krisepakke som òg inkluderer studentane, seier Jakobsen.

DIALOG. NSO kjem til å ha dialog med regjeringa, fortel leiar Marte Øien. ARKIVFOTO: Beate Felde

– På dette tidspunktet veit vi ikkje kva denne krisepakken vil innebere for studentar. Vi veit endå ikkje om den vil gjelde alle studentar, og kor mykje pengar det er snakk om. Vi er positive til at Stortinget har inkludert studentane i krisepakken, men er avventande i den forstand at vi ikkje veit konkret kva det vil innebere, seier Jakobsen.

Powered by Labrador CMS