NEDPRIORITERT. Leiar for BSI Steinar Timenes og idrettsanvarleg i Juristforeningen i Bergen Ellen Kristine Usland meiner Universitetet i Bergen burde ha involvert studentidrettslaga i avgjerda om å bruke idrettshallen på Studentsenteret tidlegare.

Universitetet i Bergen tok i bruk idrettshallen på Studentsenteret tidlegare enn vanleg på grunn av smittevernomsyn. – Me beklagar dårleg kommunikasjon og inkludering av studentidretten, seier viserektor for utdanning ved universitetet.


Annonse

5. oktober fekk Bergen Studentidrettslag (BSI) og Juristforeningen i Bergen sine idrettslag beskjed om at alle treningar i idrettshallen på Studentsenteret utgjekk resten av semesteret.

Grunnen til dette var at Universitetet i Bergen (UiB) skulle bruke hallen til eksamenslokaler fram til jul. Avtalen frå tidlegare år har vore at universitetet berre skal disponere hallen til eksamen i desember.

Etter reaksjonar frå fleire studentidrettsleiarar og eit møte med både Sammen Trening og Studentidrettsrådet på fredag, fann partane fram til ei løysing.

– Går ut over trivsel

Reaksjonane frå studentidrettsleiarane var i hovudsak grunna i studentane si trivsel.

– Studenter kjenner meir på einsemd grunna heimeundervisning og dette kan få fleire til å droppe ut av utdanninga si, sa BSI-leiar Steinar Timenes til Studvest på torsdag.

MISNØGDE. Leiar for BSI Steinar Timenes og idrettsansvarleg i Juristforeningen Bergen Ellen Kristien Usland var misnøgde med å ikkje bli involvert i UiB si avgjerd.

Idrettsansvarleg i Juristforeningen, Ellen Kristine Usland, var einig.

– At UiB no har fjerna denne moglegheita for studentar til å møtast fysisk trur eg gjer at fleire ikkje har noko å gå til, sa ho.

I tillegg til omsyn til studenter si psykiske helse, kritiserte dei UiB for å ikkje inkludere studentidretten i avgjersla, og meinte at dei fekk beskjeda for seint.

– Eg meiner det er dårleg siden UiB tidlegare sagt at saker burde løysast på lågast mogleg nivå, slik at ein unngår slike konflikter som dette, men no har dei ikkje teke kontakt med oss før dei tok ei avgjerd. Det er ein smule diktatorisk, sa Timenes.

Men no har UiB snudd.

Beklagar unødvendig uro

Fredag hadde UiB eit møte om bruken av idrettshallen med leiaren i Studentidrettsrådet Amalie Johnsen Lunde og direktør i Sammen Trening Bård Johanson.

Både Studentidrettsrådet og Sammen Trening stilte seg negative til UiB si avgjerd, og ønska å finne ei løysning slik at idrettslaga kunne få bruke hallen til trening igjen.

Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, fortel at UiB her var open for å finne andre treningshaller for dei studentidrettslaga som blei ramma, men at det ikkje var eit ønske frå studentidretten då det viste seg at UiB berre trong idrettshallen to dager i oktober og fem i november.

Studentidrettslaga kan dermed bruke hallen som vanleg dei andre dagane desse månadane.

BEKLAGAR. Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB, fortel at UiB tek sjølvkritikk for dårleg kommunikasjon, og beklager for å skape unødvendig uro. ARKIVFOTO: Marie-Louise Deike

– Me hadde ikkje oversikt over vårt reelle høve for bruk av hallen, og gjekk litt raskt ut med beskjeden om å stenge ned idrettsaktiviteten her. Det har nok skapa unødvendig uro blant medlemma av studentidrettslaga, seier ein beklagande viserektor.

Etter at UiB blei råda av smittevernoverlegen i Bergen til å ikkje ha meir enn 200 studentar i eksamenslokala sine i Solheimsviken, var dei nøydd til å finne ei løysing.

– Me er nødt til å ta omsyn til god breibandstilgang og sikker internettkopling, og derfor var idrettshallen på Studentsenteret det einaste alternativet vårt, fortel Samdal.

Likevel beklager Samdal på vegne av UiB, og fortel at det blant anna var med basis i argumentet om studenter si trivsel og psykiske helse UiB var opptekne av å finne alternative treningslokaler for studentidrettslaga.

– Ei gledeleg nyheit

Både BSI-leiar Timenes og idrettsansvarleg for Juristforeningen i Bergen Usland er glade for at UiB har teke kritikken deira på alvor.

– Det var synd at me måtte gå gjennom heile denne prosessen, men det er jo gledeleg at me får trene igjen i dag, seier Usland.

Timenes meiner det til neste gong vil vere lurt av UiB å ha ein dialog med studentidrettslaga når dei skal ta ei slik avgjerd.

– I tillegg meiner eg dei burde klare å skaffe seg ei ordentleg oversikt før dei går ut med ein slik beskjed, legg han til.

NØGD. Fredag tok BSI-leiar Steinar Timenes med glede del i nedrigg av eksamensutstyret i hallen. FOTO: Henriette Frøysland Thorkildsen.

Leiar for Studentidrettsrådet, Amalie Johnsen Lunde, er veldig glad for at UiB tek til seg kritikken og at idrettslaga får trene i hallen igjen. Ho stiller seg likevel kritisk til dialogen frå UiB si side.

– At UiB ikkje opna for dialog før ei veke seinare er for dårleg. Ei slik beslutning påverkar mange og mangel på dialog skapte ein meir kaotisk situasjon enn nødvendig.

Lunde meiner det ikkje burde vere eit problem å ta ein telefon til dei som blir ramma av ei slik beslutning for å få høyre kva deira synspunkt og ønsker er i saka slik at ein kan finna ei løysning med ein gong.

Har teke lærdom

Viserektor for utdanning ved UiB Oddrun Samdal fortel at universitetet har lært av situasjonen, og tek sjølvkritikk på at dei ikkje involverte idrettslaga og Trene Sammen.

– Me skjønner frustrasjonen, og beklager for dårleg oversikt og kommunikasjon.

Fredag ettermiddag blei det sett i gong nedrigg av stoler, pulter og stikkontakter frå eksamen dagen før, slik at den skulle vere klar til første trening klokka 16:30.

LES OGSÅ:

Kommentarer

kommentarer