– Vi kunne enkelt levert den inn og fått full pott

Rykter om den nye chatboten har spreidd seg på TikTok og på lesesalane den siste veka. Chatboten kan vere til stor hjelp på eksamen - og plagiatkontrollen slit med å plukke det opp.

VERKTØY. Olav Eikanger, Simen Tonning, Jonas Paulsen og Morten Jakobsen meiner den nye chatboten bør regulerast.
Publisert Sist oppdatert

Mandag førre veke hadde chat-tenesta ChatGTP allereie over ein million brukarar berre nokre veker etter den blei lansert av selskapet OpenAI.

Både Khrono og NRK har skrive om nye søkemotoren som ved å bruke kunstig intelligens kan generere svar som tilsvarar ståkarakter i høgare utdanning.

På realfagsbygget på Universitetet i Bergen (UiB) sit studentar midt i innspurten av eksamenstida. Dei har alle brukt den nye chatboten og synes den er overraskande bra.

– Det er nokre fag den klarar betre enn andre, men jamt over svarar den godt for seg, seier informatikkstudent Simen Tonning.

Dei fortel at på spørsmål om matematikk svarar chatboten nokon gongar feil, men i informatikk får dei heilt riktige svar.

– Vi sendte gjennom eksamensoppgåva vår og fekk heile koden samt forklaringa på framgangsmåten tilbake. Vi kunne enkelt levert den inn og fått full pott, fortel Olav Eikanger.

EKSAMEN. Her får Olav Eikanger svaret på eksamensoppgåva si på berre nokre sekund.

– Når ein googlar får ein opp løysingsforslag og framgangsmåtar, men du må gjere oppgåva sjølv. I chatboten får du svaret og heile forklaringa med det same, fortsett Eikanger.

På spørsmål om chatboten burde regulerast kjem det eit semd ja tilbake.

Framtida

Sverre Jakob Eskildsen er førsteårstudent på jussen og trur ikkje chatboten kan hjelpe han så mykje i faget.

– Eg har ikkje brukt den, men eg har høyrt at den ikkje er så god på jusspråk enda. Om du plottar inn casen din får du ikkje svaret på den, men du kan sikkert få god inspirasjon til avtalar og liknande som du må formulere, seier Eskildsen.

Han trur fleire studentar brukar den, men at den er mest til hjelp.

– Det kjem nok veldig an på faget om du kan bruke den til eksamen. For dei fleste er å jukse uaktuelt og den kanskje berre eit verktøy ein kan lære mykje av.

Å regulere chatboten tenker han er umogleg.

JUSSEN. Sverre Jakob Eskildsen ser på chatboten som framtida.

– Då kalkulatoren kom blei den også sett på som juks. Dette er framtida, og då må vi tilpasse oss, meir enn å regulere, avsluttar han.

Sparar mykje tid

I fjerde etasje på Ulrikke Pihls hus sit ein gjeng studentar frå bachelorprogrammet i kunstig intelligens. Dei synes chatboten er «kjempekul» og er semd med Eskildsen om at dette er eit nyttig verktøy.

– Det sparar meg for mykje tid fordi den gir meg svara så mykje raskare enn om eg skulle leite opp i bøkene. Chatboten er langt forbi den menneskelege hjernen, fortel Lea Bjønnmo entusiastisk.

Dei trur chatboten blir mykje brukt på heimeeksamenar.

– Det er nok litt juks når ein har alle hjelpemidlar tilgjengeleg, men det er det stort sett uansett. Først og fremst trur eg dette er til god hjelp, seier Anna Folmann.

Ho er meir bekymra for elevane i 12-13-års alderen.

– Dersom du plottar inn oppgåver heilt ned i barneskulen og kan føre dei rett inn utan krav om kjelder, vil dette prege korleis elevane lærer det mest grunnleggande som å lese og skrive. Dette er meir bekymringsverdig enn studentar som tek det i bruk, forsett ho. 

Å regulere chatboten er dei derimot skeptiske til.

– Om ein skulle stengt den kjem det berre noko nytt så det trur eg ikkje er vegen å gå, seier Melina Jones.

TILPASSING. F.v. Kaja Hovinbøle, Anna Folman, Melina Jones og Lea Bjønnmo.

Universitet burde heller tilpasse eksamensformene, meiner dei.

– Kanskje formulere spørsmåla annleis eller gå vekk frå heimeeksamen, avsluttar Kaja Hovinbøle.

Nye retninglinjer skal stå klare på nyåret

Pinar Heggernes er professor i informatikk og har spesialisert seg på algoritmar. Ho er også prorektor ved Universitetet i Bergen (UiB) – og følger utviklinga tett.

– Eg er verken positiv eller negativ til dette. Tenesta er her og vi må ta stilling til den. Vi har diskutert det og alle visedekanar er no bevisste på teknologien og er semd på at vi må rette søkelyset mot dette i 2023.

Ho seier at chatboten slik den er no svarar mykje feil og at den har avgrensa informasjon tilgjengeleg. Det vil gjere det enkelt for ein sensor å fange opp.

– Det som kan vere skummelt at den blir berre betre og betre. Derfor må vi vere klare og budd for den utviklinga, seier Heggernes.

Ho bekreftar at plagiatkontrollen ikkje vil plukke opp bruken av chatboten på heimeeksamen. 

– Studentar veit at dei skal gjere eksamen på eiga hand. Om ein student skulle brukt den ukritisk vil den sannsynlegvis inkluderer ein del feil. Seinare vil nok andre datamaskiner greie å plukke opp om det er ei maskin eller eit menneske som har produsert teksten.

Vurdere de kontrekte tiltak på universitet?

– Vi må i første omgang be om hjelp frå dei som kan dette. Vårt utgangspunkt er at studentar er vaksne som frivillig studerer og vil lære. Dersom nokon fell for freistinga, så må vi prøve å plukke det opp fordi det elles kan vere mindre motiverande for dei som studerer med god samvit. På heimeeksamen kan vi ikkje kontrollere det, men det er heller ikkje noko nytt at studentane har høve til å snakke med andre under ein slik eksamen.

Tiltaka dei vurderer framover er retta mot å tilpasse vurderingsformene. Heggernes fortel at tenesten enda er så ny at dei ikkje har etablerte konkrete tiltak.

KUNSTIG INTELLIGENS. Prorektor på UiB og algoritme-ekspert Pinar Heggernes er verken positiv eller negativ.

– Først og fremst må det opplysast om at det ikkje er lov å bruke tenesta på eksamen. Uavhengig av denne teknologien er vi heile tida opptatt av å variere og tilpasse vurderingsformene og bruke slutteksamen i mindre grad. I ein ytterkant av denne utviklinga vil det kanskje bli meir bruk av eksamen i sal og munnleg eksamen, seier ho.

Heggernes synes derimot at utviklinga er interessant og at det krev tilpassing.

– Som menneske blir vi nok nøydd til lære korleis vi best mogleg kan kommunisere med kunstig intelligens, og bli betre på å skildre det vi ønsker å få ut av den. Det er derimot absolutt ei fare for at vi blir latare og dummare av bruken. Den gir oss veldig gode svar og vi trenger ikkje lenger å leite i kokebøker etter gode oppskrifter på sjokoladekake.

Studvest har forsøkt å kome i kontakt med OpenAi, men har enda ikkje fått svar.

Powered by Labrador CMS