Nyhet

Audun Lysbakken: – Dei unge kan avgjere valet

– Det er klart at valdeltakinga blant dei yngste veljarane kan bli det som avgjer valet, seier Audun Lysbakken.

-STEM. Audun Lysbakken har ei sterk oppfordring til alle unge før kommunevalet.
Publisert Sist oppdatert

Torsdag føremiddag stod Audun Lysbakken, partileiar i Sosialistisk Venstreparti (SV), på det Samfunsvitenskapelige fakultet og prøvde å få studentar til å stemme på SV i det komande kommunevalet.

– Bergen er jo min by, så eg er veldig opptatt av valresultata her. Difor brukar eg også mykje tid her, kunne Lysbakken fortelje til Studvest.

Politikaren er tidlegare student ved Universitet i Bergen (UiB), kor han gjekk samanliknande politikk. Han fortel at han også var engasjert i politikk då, og satt i Studentparlamentet for ei liste kalla Rosso, som i dag er det same som Venstrealliansen.

STUDENTPOLITIKAR. Audun Lysbakken satt i Studentparlamentet ved UiB då var student.

– Eg sat der i eitt år og var med på mange ulike studentaksjonar. Eg har også brukt mykje tid på Kvarteret og Hulen, kor vi sat og planla aksjonane, som handla om alt frå ein betre studentøkonomi til flyktningar som skulle kastas ut.

– Er det nokre problemstillingar du kjenner igjen i dag som ikkje har endra seg sidan du var student?

– Ja, veldig mange, og det er fordi det fortsatt er ein kamp om korleis Bergen skal utvikle seg. Eg er veldig opptatt av at vi ikkje skal miste alt vi har vunne, for Bergen har blitt ein mykje trivelegare by, seier Lysbakken.

– Ungdom som seier i frå har makt

Tal frå SSB viste at ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015 så var det berre 36,4 prosent i aldersgruppa 20-24 som stemte.

Professor i statsvitskap og valforskar ved Universitetet i Tromsø (UiT), Marcus Buck, fortalde onsdag til Studvest at studentar er ei lite stabil veljargruppe fordi dei flyttar på seg eller bur midlertidig.

– Difor tar det lang tid å setje seg inn i lokalpolitikken, sa Buck.

Lysbakken seier at dette valet er eit spørsmål om å gå og stemme på parti som tenkjer annleis på korleis Bergen skal utvikle seg.

– Vi veit at ungdom har ein tendens til å stemme mindre enn andre grupper i samfunnet, fortel Lysbakken.

– Kvifor trur du det?

– Det er eit godt spørsmål. Eg trur kanskje mange av dei unge tenkjer at dei ikkje kan påverke noko.

– Stemmer det, at dei ikkje kan påverke?

– Nei, det gjer ikkje det, seier Lysbakken bestemt. – For det første kan ein sjå på det klimaopprøret som har gått føre seg blant ungdommen. Dei har satt klima på dagsorden i valkampen på ein måte som det ikkje har vore på veldig mange år.

– For det andre trur eg at viss ungdom mobiliserer og går til stemmeurnene så vil dei bli meir lytta til. Ungdom som seier i frå har makt, meiner han.

Eit val heilt på kniven

Lysbakken er spent på det komande valet i byen.

– No får vi eit val i Bergen som blir heilt på kniven, om høgresida eller venstresida skal få fleirtal. Det er klart at valdeltakinga blant dei yngste veljarane kan bli det som avgjer valet.

Lysbakken har ei sterk oppfordring til dei yngste veljarane:

– Dei unge må kome seg opp av sofaen på søndag og mandag, ta den litle turen til vallokalet.

Lysbakken seier det er fint å vere tilbake i Bergen: – Det er jo byen min.
Powered by Labrador CMS