VISSTE IKKJE OM KURS. Jens Førsund og dei andre profesjonsstudentane fekk ikkje vite at dei kunne få oppfrisking i matte. FOTO: BENDIK REED ÅRVIK.

– Det er urettferdig at vi ikkje fekk dette tilbodet, seier profesjonsstudent i samfunnsøkonomi.



«Skal du studere ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet til hausten? Då kan det vere klokt å følgje oppfriskingskursa våre i matematikk før studiane startar.»

Slik vert oppfriskingskursa for studentar som skal ta MAT101 eller MAT111 omtalte på UiB sin nettstad. Det som ikkje vert nemnt er at det også er studentar ved andre fakultet som må ta desse faga.

MAT101 er eit obligatorisk fag for dei som går første året på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, som ligg under Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV). Student Jens Førsund fortel at han ikkje var klar over tilbodet om oppfriskingskurs.

STILLER SVAKARE. Fnan Bashay meiner studentane som ikkje var med på kurset stiller svakare i faget. FOTO: BENDIK REED ÅRVIK.

– Det hadde absolutt vore gunstig om vi hadde fått vite om dette kurset. Det er veldig mange i kullet vårt som slit med matte, og eg hadde i alle fall nytta meg av det, seier Førsund.

Medstudent Fnan Bashay skulle òg ønskje at profesjonsstudentane hadde fått vite om kurset.

– Eg synest det er veldig urettferdig at vi ikkje fekk det. Vi stiller mykje svakare utan kurset, og særleg for dei som ikkje har hatt matte på nokon år er det fort gjort å hamne bakpå, seier ho.

– Ein glipp i kommunikasjonen

Instituttleiar Kjell Vaage på institutt for økonomi var ikkje klar over oppfriskingskurset då Studvest tok kontakt. Han fortel at det har skjedd ein glipp i kommunikasjonen mellom Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet og instituttet.

– Dette er eit tilbod MatNat gjev til sine eigne studentar, og dei har ikkje tenkt på at informasjonen også må ut til andre som skal ta faget, seier han.

Leiar for studieseksjonen ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, Ingrid Christensen, seier at oppfriskingskurset er noko dei har tilbode sine eigne studentar i 10-15 år. Ho vedgår at dei kunne ha vore flinkare til å informere studentar frå andre fakultet.

– Det er ingenting i vegen for at studentar frå andre fakultet skal vere med på dette kurset. No har vi vore i dialog med institutt for økonomi, og er einige om å gje beskjed til dei når vi legg ut informasjon om kurset, seier ho.

Christensen seier at oppfriskingskurset er eit godt tilbod, som det kan vere ein fordel for studentar å vere med på.

– Eg trur studentane har godt utbyte av kurset, og vi har opplevd gode resultat av det. Om ikkje anna kan det bidra til at studentane senkar skuldrane litt før semesterstart.

Ønskjer kontakt med studentane

Både Christensen og Vaage understrekar at studentane på samfunnsøkonomi ikkje har vore utestengde frå kurset, og lovar at informasjonen skal vere betre neste år. Vaage skulle ønskje at han visste om problemet tidlegare.

– Vi ønskjer at studentane tek kontakt med oss snarast når slike ting oppstår. Eg oppmodar profesjonsstudentane til å ta kontakt med oss no, for å diskutere problemet og finne ut om det er noko vi kan gjere med det.

Ifølgje Førsund har profesjonsstudentane enda ikkje vurdert å ta opp problemstillinga med leiinga av instituttet, men at dette er noko som kan verte aktuelt.

– For oss trur eg det for seint no sidan vi allereie er over halvvegs i pensum, men om vi kan gjere noko for neste kull er det fint, seier han.

Kommentarer

kommentarer