MANGE MOGLEGHEITER: Studentane på NHH har fleire attraktive utvekslingsavtaler. Masterstudent, Jørgen Fostvedt, fortel at Australia er populært.

Noregs Handelshøgskule toppar, medan Høgskulen på Vestlandet ikkje har nådd målet.



– Mitt inntrykk er at dei fleste vil dra, og dreg, på utveksling. Eg veit om fleire som dreg både i løpet av bachelor- og mastergrada si, fortel masterstudent ved Noregs Handelshøgskule (NHH), Jørgen Fostvedt.

Ein fersk rapport frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU) viser at 57 prosent av studentane ved NHH dreg på utveksling. På andreplass i heile landet ligg Universitetet i Bergen (UiB) med 27 prosent, medan Høgskulen på Vestlandet (HVL) berre har ein andel på 13 prosent.

GOD KULTUR: Prorektor for utdanning ved NHH, Linda Nøstbakken, fortel at det ikkje er eit problem å få studentar til å reise på utveksling. Pressebilete: NHH.

God utvekslingskultur

Prorektor for utdanning ved NHH, Linda Nøstbakken, fortel at skulen har ein god kultur for utveksling.

– Når det har blitt slik at mange studentar dreg på utveksling, skaper det eit ønske og ein forventning blant nye studenter om også å dra. Det er nok litt selvforsterkende.

Nøstbakken fortel at skulen har jobba for å leggje til rette for utveksling i løpet av studieløpet.

– Studieprogrammet har ein struktur som er lagt opp slik at det skal være enkelt å reise på utveksling.

Enkel søknadsprosess

Masterstudent Fostvedt fra NHH reiste på utveksling til Canada for tre år sidan, og trur det i hovudsak er to grunnar til at studentane dreg ut.

– Det er ein enkel søknadsprosess, og fleire avtaler å velje mellom. Eg søkte berre gjennom høgskulen, og slapp å sende ein søknad til utvekslingsuniversitetet også, fortel Fostvedt.

NHH har eigne avtalar med fleire utanlandske universitet, og Fostvedt meiner det store utvalet gjer utveksling meir attraktivt.

NØGD: Masterstudent ved Noregs Handelshøgskule, Jørgen Fostvedt, angrer ikkje på å ha dratt på utveksling.

– Det er fleire avtaler med universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, og Singapore blant anna. Det gjer at fleire kan finne noko dei synast verkar interessant, og senker terskelen for å reise.

Attraktivt for framtidig arbeid

Kandidatundersøkinga frå 2019 viser at studentar som dreg på utveksling har betre sjanser for å få ein relevant jobb etter fullført utdanning.

Masterstudenten Fostvedt blei fortalt at utveksling var attraktivt for framtidige arbeidsgivarar, og trur dette blir formidla tidleg i studieløpet.

– Skulen gjev beskjed om at det er ein fordel å ha vore på utveksling.

Positiv utvikling

Fostvedt fortel at dei fleste vennen hans også reiste ut, og tala til NHH viser at trenden er aukande.

– Det peiker oppover. Berre på dei tre siste semestera har det blitt fleire og fleire tilkommande og utreisande, fortel prorektor Nøstbakken. 

Ho fortel at internasjonalisering er i bakhodet heile tida.

– Det er ikkje noko me driv med på sida, det er gjennomgåande i alt me gjer.

Vil forenkle søknadsprosessen

Prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik, skriv i ein mail til Studvest at skulen streber etter det nasjonale målet på 20 prosent, men at dei ikkje vil talfeste eit konkret mål.

– Internasjonalisering er peika ut som eit område me vil leggje ned ein særleg innsats i perioden fram til 2023, og me vil sjå på korleis me vil konkretisere strategien vidare.

KAN BLI BETRE: Prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik, fortel at høgskulen ønsker å forenkle søknadsprosessen. Pressebilete: HVL.

Tala frå HVL viser at skulen har hatt ein jamn mengde studentar som har reist på utveksling i perioden 2014 til 2018.

– Kva gjer dykk for å få studentar til å reise på utveksling?

– Me er opptekne av å ha gode avtalar med høgskular og universitet der studentane kan ta relevante emne og fag, i tillegg til å gje dei god fagleg rettleiing om moglegheitane for utveksling.

Selvik innrømmer likevel at skulen kan bli betre.

– Me må bli flinkare på utveksling gjennom Erasmus-programmet, og vil ha eit særleg fokus på dette framover. Søknadsprosessen kan også bli enklare, og me ønsker å ta i bruk Online Learning Agreement, slik at utvekslingsavtalen kan bli signert og gjennomført på nett.

Kommentarer

kommentarer