Kultur

Cinemateket får tillitserklæring på 2,3 millionar

27. januar vart det kjend at Cinemateket Bergen får eit tilskot på 2,3 millionar kroner frå Norsk Filminstitutt. Dei tilsette ved Cinemateket håper og trur det vil bidra til auke tala på besøkjande, spesielt blant unge.

TRYGGJANDE. – Det er tryggjande å få ei slik godkjenning om at det er eit behov for oss, seier prosjektleiar Embla Karidotter (t.v.) om tilskodet. Her med daglig leiar Vivil Talsnes.
Publisert Sist oppdatert

Det nest høgaste tilskotet, som gjekk til Cinemateket Trondheim, ligg på 2 millionar kroner, 300.000 kroner mindre enn til Cinemateket Bergen.

Dagleg leiar, Vivil Talsnes (28), tykkjer det er stort. Ho leverte nylig masteroppgåva si ved Norges Handelshøyskole (NHH).

– Det er utruleg kult. Publikumstala har gått ned for alle kinoar i pandemien, men NFI vel å ikkje gi opp, men heller motivere oss til å stå på for å få tala opp igjen, seier Talsnes.

Prosjektleiar Embla Karidotter (31) er tidlegare UIB-student, og har ansvar for den nye satsinga deira, nemleg barn og unge. Ho meiner at Cinemateket, som held til i ein sal på USF Verftet, har ein uvurderleg plass i filmøkosystemet. 

– Eit cinematek er jo eit filmbibliotek, seier ho. 

Ei positiv oppleving frå byrjinga av

Med tilskotet skal gjengen på Cinemateket leggje til rette for at barn og unge får ei positiv oppleving når det kjem til film. Tilskotet har auka med 22 prosent frå i fjor, og dei tilsette meiner det viser at NFI verkeleg har bestemt seg for å satse på cinemateka. 

Vidare fortel dei at alle cinematek har ulike rammer for korleis dei vert drivne. Mens mange cinematek samarbeider med kinoar, er Cinemateket Bergen heilt reindyrka. 

FORNØGDE. Dei ansatte på Cinemateket er svært fornøygde med det nye tilskodet.

– Det pleidde jo vere ein gamal sardinfabrikk! No er det eit flott kulturhus!

Trur det vil auke tala på besøkjande

Cinemateket fekk heller ikkje gli urørt gjennom då pandemien trefte Noreg. Likevel sklei ikkje alt tilbake til normalen når samfunnet opna igjen. 

– Når alle andre kulturtilbod fekk starte opp att, fekk me brått dårlegare tal enn det me hadde i sjølve pandemien, fortel Talsnes. 

No er tala sakte men sikkert på rett kurs igjen, men dei er likevel ikkje på linje med slik det var før pandemien. Talsnes og Karidotter håpar at dette tilskotet vil gjere at fleire besøkjer filmbiblioteket. 

FILMBIBLIOTEK. Cinemateket er jo eit filmbibliotek, seier prosjektleiar Embla Karidotter. FOTO: Iben Jorde (ARKIV)

– Det er tryggjande å få ei slik godkjenning om at det er eit behov for oss, understrekar Karidotter.

Mange av dei besøkjande kjem åleine, og Talsnes presiserer at ein kan sjå på Cinemateket som eit høve til å delta i noko. Karidotter fortel at no når mange har strøymetenester heime, har Cinemateket Bergen hatt ei lita frykt for om dei ville overleve.  

– Me prøver jo å være det rimelegaste alternativet til film i byen, så dette tilskotet er svært motiverande, seier dei og smilar.

Powered by Labrador CMS