Det blir aldri for mykje nynorsk for mållagsleiaren

Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag, og kan kanskje kallast nynorskforkjemparen over alle nynorskforkjemparar. Han blei grunnskulelærar på Høgskulen i Bergen, men har aldri hatt fast lærarjobb.

HAR PRØVD: Peder Lofnes Hauge syntest ikkje det var spesielt godt med ein joint.
Publisert Sist oppdatert

Du har vakse opp i ein nynorskkommune. Trur du at du hadde konvertert til nynorsk dersom du hadde vakse opp med bokmål?

– Det kan godt hende. Det finst jo ein del konvertittar. Eg håper i alle fall at eg hadde forstått verdien av nynorsken sjølv om eg hadde vakse opp i bokmålsland.

– Kvifor valde du som nordfjording akkurat Bergen som studieby?

– Eg blei nok trekt mot byen. Eg hadde faktisk eit kortare opphald i Sogndal, men der blei eg berre sitjande og ete smurfedrops og drikke fatøl åleine foran TV-en. Så då flytta eg heim att før eg omsider kom meg hit. Bergen var ein veldig stor by for meg då eg kom hit i 2009.

– Kva for ein bydel i Bergen er best?

– I alle fall ikkje Bryggen. Den delen av byen kan berre reddast av skinnegåande kollektivtransport. Åsane har venta lengst, og dei fortener bybane. Den beste bydelen er vanskeleg å definere, så eg får vel ta midt i byen då, generelt Bergen sentrum.

– Hadde du tatt deg ein joint om det var lov?

– Ja, det hadde eg. 

– Har du prøvd det før?

– Ja, det har eg også. Men det var ikkje spesielt godt.

– Borna dine veks opp i Bergen. Kva synest du om at dei kjem til å få bokmål på skulen?

– Ja, det er jo ikkje heilt sikkert, men det kan jo sjå slik ut. Det er ikkje akkurat så mange nynorskklasser i byen. Eg må vel ta i eit ekstra tak på heimebane då.

– Du har tidlegare vore kommunestyrerepresentant for Venstre i Gloppen. Synest du som Venstre-mann det er riktig å bruke så mykje pengar på nynorsk, når dei kunne ha blitt brukt på for eksempel klimaet?

– Ja, det synest eg. Språk er utruleg viktig for folk. Det er nesten ikkje eit spørsmål eingong. 

– Kva ville du gjort dersom du hadde hatt stillinga til Ola Borten Moe?

– Eg har eigentleg ikkje så mykje imot Borten Moe. Eg trur sektoren treng ein cowboy frå Trøndelag, men eg er sjølvsagt ikkje nøgd før eg ser konkrete resultat. Til dømes må lærarutdanning bli betra. Lærarane er jamt over ikkje gode nok i nynorsk.

TRENG BYBANE: Peder Lofnes Hauge ved bybaneskinnene på Kronstad. Han meiner det er på tide å få til det same til Åsane. FOTO: Nikolai Krohne

– Kva kunne gjort Bergen til ein betre by?

– Bybane til Åsane. Det er berre politisk feigheit som har ført til at ho ikkje allereie finst.

– Kva ville du gjort annleis studiemessig?

– Eg var veldig investert i politikken, og angrar nok litt på at eg ikkje brukte meir tid i studentorganisasjonar av ymse slag. Eg trur nok at eg kunne ha fått mykje ut av å ha brukt meir av studietida mi på det.

– Kva synest du om samnorsk, forsøket på samanslåing av bokmål og nynorsk?

– Det er ein tanke som døydde for 50 år sidan, og som eg gjerne vil behalde daud.

– Korleis er det å bu i bokmålsparadis?

– Eg synest ikkje Bergen nødvendigvis er bokmålsparadis. Byen ligg midt i hjartet av Vestlandet, og det er utruleg mange bergensarar som skriv nynorsk, anten dei er frå Bergen eller ein annan stad og har endt opp her, slik som meg sjølv.

– Korleis er det å bu i ein by utan hokjønn?

– Ein venner seg jo til det meste, men Bergen er jo ikkje ein by heilt utan hokjønn, sjølv om ikkje den bergenske dialekta har det. Eg bur i Bergen, og brukar nok av hokjønn i mi dialekt.

– Var det eit krav at kona di kunne nynorsk?

– Nei, så absolutt ikkje. Men eg må jo innrømme at det er eit pluss at ho er for nynorsken.

– Buycottar du, altså kjøper du konsekvent, nynorske produkt? Har du i så fall nokre gode eksempel på gode nynorskprodusentar?

– Ja, det vil eg absolutt seie at eg gjer. Lerum er jo ein god kandidat, men eg synest uansett at Alde sider frå Hardanger er ein veldig god ein.

DEN GAMLE HØGSKULEN: Slik så utdanningsfakultetet ut på Høgskolen i Bergen (HiB). I 2017 vart han slått saman med dei andre høgskulane på Vestlandet. FOTO: Snorri Mathiasson/Creative Commons

– Har du nokosinne jobba som lærar?

– Bortsett frå nokre vikaroppdrag har eg faktisk aldri jobba som lærar. Det skulle eg gjerne ha gjort. Eg meiner at læraryrket er eit av dei aller viktigaste yrka me har.

– Noreg er eit lite land. Kvifor skal akkurat me ha to skriftspråk?

– Det finst mange land som har forskjellige språk. Det er ikkje berre oss. Eg synest premissa blir feil. Både norsk, svensk og dansk er like språk, men me treng likevel alle tre. Eitt fellesnordisk språk kunne ikkje ha erstatta dei. Det er bra for alle med fleire språk, og eg meiner det er ei riktig prioritering. Som for så mange andre er nynorsk hjartespråket mitt.

– Blir du nokon sinne lei nynorsken?

– Nei. Det er umogleg. Det kan aldri bli for mykje nynorsk. Det er derimot meir enn nok bokmål til alle.

Les fleire nyheitsportrett:

Powered by Labrador CMS