– Det er få ting som byggjer så gode, tillitsfulle relasjonar som slåsting

Student, lærarvikar, hirdsmann. Per Kristian Leirnes har mange jern i elden, men er ikkje i tvil om at flokken han kjenner seg mest heime i er den han slåst med.

HÆRKAMP. To gonger i veka trener Kongshirden 1260 på Bergenhus. Målet er å gjenskape stridsteknikkar fra fortida utan behov for store mengder tryggleiksutstyr.
Publisert Sist oppdatert

Kongshirden 1260

  • Hærkamp er ein semi-kontakt kampsport med historisk stridsutstyr.
  • Målet er å gjenskape stridsteknikkar fra fortida utan behov for store mengder tryggleiksutstyr.
  • Hærkampsystemet vert nytta både til dueller, til kamp i smågrupper og til slag med hundrevis av deltakarar.
  • Kongshirden 1260 vart stifta 1. januar 2000.
  • Dei er for augneblinken 26 aktive medlemmar.
  • To gonger i veka trener dei på Bergenhus. Kjelde: Per Kristian Leirnes/kongshirden.no

Denne onsdagskvelden er som dei fleste andre i Bergenhus. Utanfor dei tjukke murane rullar bybussane, og dei fleste fotgjengarane passerer forbi heilt uvitande om kva som føregår på innsida. Rett innanfor porten står ein tre-fire menneske samla. Ved første augekast berre ein venegjeng som er ute for å trekke luft.

Litt og litt sluttar fleire seg til. I allvêrsjakke og lue. Det er berre små detaljar som kan gje eit hint om at dette ikkje er ei vanleg turgruppe. Det er hærkampgruppa Kongshirden 1260. Kvar onsdag og laurdag samlar dei seg her for å trene på hærkamp-teknikkar frå mellomalderen. 

Våpen, skjold og albogebeskyttarar

– Er me nesten fulltallige no? Då kan me vel trekke inn i tårnet, annonserer Per Kristian Leirnes (30). Det er han som leier treninga i kveld.  

Troppane vert samla og låst inn i Rosenkrantztårnet. Fram til det vert lysare kvelder får dei ha treningane der inne. Cornelius, ein av dei mest erfarne i gruppa, set stor pris på at dei slepp å virre rundt med våpen i kveldsmørket. Historisk autentisitet er ein dyd, men elektrisk lys er ein gode dei færraste vil gje avkall på.

Vel inne i tårnet går praten laust medan dei fiskar fram våpen, skjold og albogebeskyttarar. Dei tek opp tråden frå sist trening, om korleis det står til, og ynskjer dei som har vore vekke velkommen attende. I hjørnet står ein gjeng og humrar. Truls syner fram dei utslitne hanskane sine. Dei har verna nevane hans frå mange slag gjennom åra. Han håper dei klarar ein sesong til.

I Kongshirden 1260 har dei ein regel om at dersom éin i rommet ikkje snakkar norsk, går alt på engelsk. 

– Her skal ingen verte ekskludert, understreker Leirnes. 

Og det er ein mangfaldig gjeng, både i språk, alder og kjønn. Leirnes anslår at det har vore omtrent 50 prosent kvinner i gruppa all den tid han har vore med. 

– Og sånn skal det vere. Eg tek det som eit teikn på at me gjer noko rett med miljøet.

Forsamlinga trør med sikre steg opp vindeltrappene i tårnet som snor seg rundt og rundt. Vel framme i eit rom høgt oppe i tårnet set dei i gang med oppvarminga. Dei ser ikkje ut til å vere svimle etter klatreetappen. 

ERFAREN. Per Kristian Leirnes melde seg inn i hærkampgruppa Kongshirden 1260 for 15-16 år sidan. Det har han ikkje angra på.

– Okay, everybody finds a friend to fight with. Two and two. Make sure you have enough space to flick your swords about.

Leirnes har nettopp demonstrert i detalj korleis ein bør gå fram for å lura seg gjennom forsvaret til nokon som forsvarar seg med sverd og skjold, for så å stikke dei i skuldra. Teknikken har han funne i ei gammal biletbok frå 1300-talet, skrive på ei blanding av latin og arkaisk tysk. 

Rommet i Rosenkrantztårnet blir fylt med lyden av sverd som treff sverd og føter som forsøker å finte ut motstandaren. Det er ein onsdag kveld, og mot formodning påstår kalenderen at året er 2022.

Vennskap gjennom slåsting
VIKTIG INFO. Per Kristian Leirnes (foran) går gjennom den nye teknikken, medan (frå venstre) Hjalmar, Claudio og Anika følg nøye med.

Det er Leirnes som leier treninga denne kvelden. Med tydeleg røyst går han nøye gjennom teknikkane dei skal terpe inn denne treninga. Mykje går på tyske omgrep, men samstundes ringer meir gjenkjennelege ord som «backhand» mellom dei gamle veggane. 

Hærkamp er ein kampsport kor ein nyttar replika av historiske våpen som til dømes sverd. Som regel har også hærkampsgrupper historisk korrekt utstyr og klede, og ein interesse for historiske kampteknikkar. Kjem motstandaren sitt sverd i kontakt med kroppen din, er du ute. Det går i hurtige, snoande rørsler. I botn og grunn dans, påpeiker Leirnes. Med sverd, vel og merke.

– And remember the face, guys. You don’t want to hurt your friends.

Alle i Kongshirden 1260 har gått gjennom eit langtstrakt tryggleikskurs. At sverd ikkje høyrer heime i nærleiken av fjes veit dei godt, men ein god ting kan ikkje verte sagt for ofte. Sjølv om våpena er så sløve at ein ville hatt vanskar med å påføre nokon kuttsår med dei. 

– Det er få ting som bygg gode, tillitsfulle relasjonar som dette. Når nokon svingar sverd mot deg timar til ende utan å nokon gong la det gå utover tryggleiken din stolar ein på dei etterpå, forklarer Leirnes. 

Tillitt er viktig for miljøet. Og det gode miljøet er grunnsteinen i heile hirden. Leirnes treng ikkje tenketid for å peike på kva som dreg han attende til trening kvar veke.

SPARRING. Cornelius finn smutthol i forsvaret til Cecilie.

– Det er det sosiale. Det har alt å seie. Eg hadde nok ikkje vore med så lenge utan det.

Rekrutteringsplakaten på butikken

Nøyaktig kor lenge Per Kristian Leirnes har vore med i Kongshirden 1260 slit han med å slå fast. 30-åringen trur ikkje han var meir enn 16-17 år gamal då han la merke til rekrutteringsplakaten til hærkampgruppa på butikken Outland. Der såg han eit motiv han kjende igjen: Det berømte bilete frå andre verdenskrig av styrkene som heisa det amerikanske flagget på Iwo Jima. Men starts and stripes var byta ut med eit svært banner. Rifler og militærgrøne uniformar hadde vika plass for sverd og brynje.

– Det var jo dritkult. Eg huka tak i ein kompis og me begynte i Kongshirden 1260 så snart me kunne. Det er leng sidan no, men eg har ikkje sett meg tilbake ein einaste dag. 

Han har opplevd mykje på dei 14-15 åra. Høgdepunkta er så mange at det er vanskeleg å trekka fram eitt beste minne. Pubrundane etter trening, mekkekveldane der dei syr kjortlar i lag, djuptpløyande diskusjonar om våpen og historie. Det er dei fine augneblinka frå kvardagen i Kongshirden 1260 han trekk fram. 

– Det er jo gjerne for spesielt interesserte, men å kunne treffe så herlege folk som dette som i tillegg er spesielt interessert i det same som meg – det er jo fantastisk.

– Ølet smakar betre etter slåsting

Det finst fleire likesinna enn dei som er i Kongshirden 1260. Berre i Noreg finst det rundt ti hærkampgrupper. Kongshirden 1260 er ein av dei få norske som fokuserer på middelalder. Vikingtida er meir populær.

Tel ein med dei utanfor landegrensene og må ein fiske fram penn og papir for å halde oversikt. Miljøet har hatt ein stødig vekst dei siste åra, både i Noreg og utanlands, sier Leirnes. Han gler seg til å treffe andre hærkampgrupper igjen på festivalar og treff.

– Andre unge reiser på festival og sit i ein fluktstol og drikk øl heile dagen. Me nyttar dagen til vetuge ting som hærkamp, så vert det fest etterpå. Øla smakar så mykje betre etter ein dag med slåsting. Det er eit veldig bra treff i Danmark til dømes. 

Han vert stille eit par sekund mens blikket går opp og nærmast ut i ingenting.

– Apropos Danmark og beste minne, det var jo der eg traff madammen. Ho óg driv med hærkamp. 

På golvet står Cecilie og forsvarar seg mot slaga til sparringspartnaren. Då dei stoppar opp for å diskutere teknikken, snakkar ho umiskjenneleg dansk.

REISEFEBER. Denne gjengen gler seg til å treffe andre hærkampgrupper til sommaren.

– Eg fekk overtalt ho til å vere med til Bergen til slutt, smiler han lurt. 

«Klikken»

Ein trenar kan ikkje la dagdrøyming om festivalar ta heilt overhand. Leirnes tvingar blikket ned til her og no igjen, let det vandre i rommet. Korleis står det til? Er det nokon som treng ein peikepinn, eller lurer på noko? Med jamne mellomrom trør han inn i gruppene og gjev tips. Justerer litt på grepet. Illustrerer og forklarar. Så sit rørsla. Den ellers så stoiske bergensaren er tydeleg nøgd. 

– Det er noko av det beste eg veit. Å sjå når nokon får den «klikken», at det berre stemmer plutseleg. Eg trur nesten eg vert gladare enn dei, forklarer han.

Etter nordisk-studia tenkjer Leirnes å ta praktisk pedagogisk utdanning. Sjølv om hærkamp ikkje vert eit fag i skulen med det første, er det ingen tvil om at han har både teft og lidenskap for å lære vekk og hjelpe fram.

Det er hærkamp han brenn for.

Studvest fekk besøke treninga til Kongshirden 1260 tidleg i mars. No som dagslyset varer til langt utpå kvelden trekk Bergensbefolkninga ut for å nyte vêret. Det gjeld óg for Kongshirden 1260. Ruslar du ein tur på Bergenhus Festning kan det hende du ser dei, i full sving med hærkamptrening.

Les også: Ikke en vanlig studentjob
Les også: WTF… is tacofredag?

Powered by Labrador CMS