FERDIG: Det er slutt for den gamle lovsamlinga, til fordel for nyare løysningar.

Pilotprosjekt på plass allereie i løpet av våren.



I januar kunne Rett24 melde at årets utgåve av Norges lover blir den siste. Den raude boka, som har komme ut sidan 1926, har komme under stadig meir press ettersom landets juridiske lærestader har satsa på digitale alternativ.

Også i Bergen har målet om eksamen med digitale rettskjelder vore på plass før lovsamlinga fekk dødsdommen forkynt.

– Overgangen har vore planlagt ei stund, men det tar litt tid å få på plass. Me får nok ikkje satt dette i verk før til hausten, men det er mogleg at me får testa det allereie i vår.

Det seier Halvard Haukeland Fredriksen, leiar av studieutvalet på Det juridiske fakultet og visedekan for undervisning.

 Eg tenker at dette er ei heilt naturleg utvikling. Å vera nostalgisk på vegne av lovsamlinga har ikkje mykje for seg. Lovverket endrast fortløpande, og allereie i dag kan ei to år gamal lovsamling vera utdatert på viktige punkt. Det er heilt utmerka at studentane i framtida må forholda seg til Lovdata som det verktøyet juristar bruker.

INGEN TÅRER. Halvard Haukeland Fredriksen meiner det er naturleg å gå bort frå lovsamling på papir.

Frå pugging til tenking

Fredriksen presiserer at det ikkje berre er snakk om ei digitalisering av lovsamlinga, men at overgangen inneber nye moglegheiter for fakultetet.

 Det gir oss heilt nye moglegheiter til å gi studentane tilgang til andre rettskjelder enn lovverket under eksamen – rettspraksis, forarbeid, og andre kjelder. Det gir veldig spennande moglegheiter. For oss er dette framtida, og det vil utdanna juristar som betre kan orientera seg i rettskjeldene.

I studieutvalet sit også Emilie Melbye Rytter, som ein av to studentrepresentantar. Ho er positiv til overgangen, men også opptatt av at han ikkje skal gå negativt utover studentane.

 Det vil vera ein fare for at krava til studentane blir høgare når ein har tilgang til alle rettskjeldene under eksamen.

Fredriksen vedgår at endringa vil påverke kva som er forventa av studentane under ein eksamenssituasjon.

 Det vil eg tru, men det ser me også på som både ønskeleg og positivt. Det vil forhåpentlegvis bidra til ei utvikling frå pugging til sjølvstendig arbeid med rettskjelder. Dersom studentane slepp å pugge dommar og forarbeid, vil det i større grad handla om kva ein faktisk får ut av rettskjeldene, korleis desse kan brukast, og korleis ein skal løyse ei oppgåve på eksamen.

Rytter er einig i at ei slik utvikling vil vera positiv.

 Større fokus på sjølvstendig tenking og mindre fokus på pugging er veldig bra, men eg er ikkje heilt overbevist om at overgangen til digitale hjelpemiddel automatisk vil føre med seg ei slik endring.

Viktig med digital kompetanse

Akkurat kva for rettskjelder studentane skal ha tilgang til på eksamen, vil i følge Fredriksen kunne variera i frå fag til fag.

LÆRER. Fredriksen fortel at ein ligg bak Oslo i digitaliseringa, ein fordel for å sleppa dei samme utfordringane.

 Det kan godt vera nokre kurs der ein framleis berre har tilgang til lovsamlinga, slik som i dag. Her må me prøva oss fram, og samtidig ha ein god diskusjon med både professorane og studentane.

Rytter er opptatt av at alle framleis skal stilla likt. Ho nemner meir utstrakt bruk av sekstimars eksamen som eit eksempel på korleis ein kan sikra dette, for å unngå at for mykje tid går med til å leita etter rettskjelder.

 Om ein er teknisk kyndig eller ikkje, skal ikkje bety noko. Digitale hjelpemiddel gir kursansvarleg fleire val når det kjem til gjennomføringa av eksamen, og det me er mest opptatt av er at dette blir gjort på ein måte som gagnar studentane, i kommunikasjon med studentane. Dersom det blir forventa å søka opp rettskjelder under eksamen, må det bli lagt til tilsvarande tid.

Fredriksen seier at det framover vil bli større fokus på studentane sin digitale kompetanse.

 Poenget er at studentane frå første dag på fakultetet skal jobba med Lovdata, innarbeida Lovdata, legga inn kryssreferansar, og å bli vant til å jobba med Lovdata. Det skal vera eit verktøy studentane arbeider med heile tida, slik at ein etter fem år på sett og vis vil ha si eiga lovsamling.

Kommentarer

kommentarer