Nyhet

Du kan spare på reisa heim til jul

Julestria overlappar perfekt med eksamenstida. Kva prioriterer bergensstudentane når dei bestiller turen heim midt i den mest hektiske tida av semesteret?

HEIMTUR. Det blir ikkje julefeiring i Bergen for dei fleste av studentane. Dei som skal bort kan spare penger ved å velje den rette fly- eller togavgangen. ARKIVFOTO: Henriette F. Thorkildsen
Publisert Sist oppdatert

For mange studentar representerer jula den etterlengta slutten på eksamensperioden. Det er mykje som skjer samstundes, men midt i alt dette bør kanskje studentane tenkje på å bestille billetten. Du kan nemleg spare gode pengar på å vere tidleg ute og ved å velje ein av dei litt mindre populære avgangane.

Fly-, buss- og togselskapa har ein travel periode i møte. Førjulsperioden er nok kanskje ein av dei mest pressa periodane – både når det gjeld talet på plassar, og pris. Med koronaåret 2020 lagt bak oss, og utan veldig omfattande restriksjonar, er det nok i år spesielt mange som gler seg til endeleg å kunne feire jula med kjende og kjære.

Mange mogelegheiter

Studenten Eddy Savickas (24) dreg i år til Stavanger for å feire jul. Han er ein av mange studentar som har fleire mogelegheiter å velje mellom når dei planlegg reisa.

– I år valde eg å ta buss, fortel Savickas.

BAGASJE. Eddy Savickas har tidlegare lagt merke til at mengda bagasje kan vere eit problem.

Bussturen er billeg, og det er ikkje nødvendigvis slik at ein kan ta med seg så mykje bagasje ein vil når ein vel andre typar transportmiddel, seier studenten.

– Eg pleier som regel å bestille turen omtrent ei veke før, for eg har opplevd at det ikkje er så store prisskilnader med buss, fortel han.

Julestemning over fjellet

I kantina på Det juridiske fakultetet sit psykologistudentane Jenny Østen (23) og Emilie Marie Stensen-Lunde (22) og øver til eksamen. Begge studentane skal heim til Oslo for å feire jul i år. Likevel har dei to studentane ikkje valt same måte å kome seg dit på.

– Eg tek vanlegvis fly, men ikkje når det er jul. Då betaler eg gjerne litt ekstra berre for å få julestemning over fjellet, fortel Stensen-Lunde.

Dei synest begge to at tog er koselegare, men dei har lagt merke til at det som oftast er ein god del billegare å velje fly.

JULEUNNTAK. Jenny Østen skal fly heim, mens medstudenten Emilie Marie Stensen-Lunde gjer eit unntak når det kjem til transport i jula.

– Akkurat i år var det økonomien som fekk siste ordet, så då valde eg fly denne gongen, fortel Østen (23).

Stensen-Lunde har mellom anna merka at situasjonen er ein litt annan i år samanlikna med fjoråret.

– På grunn av heimeeksamen og koronarestriksjonane hadde eg eksamen på hytta i fjor. Slik blir det ikkje i år.

Les også: Studenten Hanna (23) forsker på livmorkreft.

Miljøet har påverknad

På biblioteket til Det humanistiske fakultetet sit Frida Ulseth (21) og Erlend Momrak Selnesaunet (26). Dei skal begge austover, og planlegg å ta toget same dag.

– Når eg har tid til å ta tog, så vel eg det. Prisen har ikkje så mykje å seie, fortel Selnesaunet.

Ulseth har merka at det er mindre stress å ta toget. Ein treng ikkje å sjekke inn, også er det enklare å få med seg ski, seier ho.

Les også: Norske studenter jobber mest.

Råd frå transportselskapa
TOG. Både. Frida Ulseth og Erlend Momrak Selnesaunet tek toget i år.

Fleire av desemberdagane før julaftan er det ikkje att ein einaste studentbillett på strekninga Bergen – Oslo hjå flyselskapet Widerøe.

Gina Scholz, kommunikasjonssjef i Vy fortel at dei aukar talet på avgangar på dagtid frå tre til fem på Bergensbanen i førjulstida.

– Det er ikkje noko julerush hjå Vy enno, hevdar Scholz.

Det nyetablerte flyselskapet Flyr har nokre gode råd når det gjeld val av flybillettar som kan passe inn i eit studentvenleg budsjett.

– Dei mest populære reisedagane er helga før jul (17.-19. desember), og den store utreisedagen er vesle julaftan, fortel kommunikasjonsdirektør Anita Svanes.

Det er dermed lurt å reise litt tidlegare i juleperioden. Det er også gjerne meir tilgjengelegheit på morgonflygingar, legg Svanes til. 

Kommunikasjonsdirektøren seier at med litt fleksibilitet på avreisedagen kan den reisande spare ein del pengar. Prisane varierer med 2-300 kroner!

Les også: Korona er framleis ikkje over på desse to fakulteta

Powered by Labrador CMS