Magasin

– Eg har vore litt flau over at eg utdanna meg som coach

Tidleg i tjueåra kræsja Vebjørn emosjonelt. Då slutta han på studiane, slutta å onanere og byrja å fylgje sine eigne bein rundt i Bergen. No vil han hjelpe studentar i same situasjon.

IMPULS. Då studiene ikkje ga meirsmak, byrja han å følgje dei sterkaste impulsane sine.
Publisert Sist oppdatert

Vebjørn Rusten (29) opnar døra til ein av dei store villaane bak Studentsenteret på Nygårdshøyden. Fasaden er sliten og villaen har vore stappfull av studentar og kollektiv sidan 70-tallet. Frå gangen fylgjer han oss opp dei knirkande trappene. På veggane heng falma bilete av politikarar som Ronald Raegan, Margaret Thatcher og Sylvi Listhaug saman med gamle konsertplakatar. 

– Det er nok ironisk at desse høgredamene har kome opp på veggane, men spesielt Trude Drevland står nok som ei sterk åndsmor for oss alle, seier han og ler. 

STUDERT. Vebjørn Rusten har studert fag som informasjonsvitenskap, tysk og musikklærar-studie. No har han byrja på barnehagelærarutdanninga.

Vebjørn er ein type det er lett å omgåast med. Han smiler mykje og flirer høgt. I barndommen diskuterte han og familien ulike personlighetstypar og sjølvutvikling rundt middagsbordet. No er han nesten ferdig utdanna coach, og han ynskjer å coache studentar. 

– Eg har alltid grubla mykje og vore sensitiv til energiar rundt meg. Då eg vart seksten år fekk eg ei bok om sjølvutvikling av mor mi. Det satte noko i gang. 

Kongen av melkekjøla

I Bergen har han sidan 2013 vore innom mange fakultetet og studert fag som informasjonsvitenskap, tysk og musikklærar-studie. Det fullførte han aldri. No har han byrja på barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). 

– Det var noko mellommenneskeleg eg sakna som gjorde at eg slutta på dei andre skulane. Spørsmål som korleis eg skal bære meg sjølv i rommet eller hjelpe elevane til å få til ting, var det eg var opptatt av, ikkje fag. 

– Eg trur eg fekk like mykje ut av å arbeide på Rema 1000 som å gå på universitetet.

Etter dei ulike studiane arbeidde han nokre år på Rema 1000. Der lærte han mykje, som det å halde ein naturleg dialog med framande eller å forstå seg på om personar vil ha pose eller ikkje. 

– Eg trur eg fekk like mykje ut av å arbeide på Rema 1000 som å gå på universitetet. Det er verda eg vil forstå, og det kan du gjere bak kassa òg. Sjefen kalla meg forresten kongen av melkekjøla, seier han og smiler breitt. 

Starten på studentlivet var ikkje like enkel. Då han flytta til Bergen som 20-åring fekk han sosial angst. 

– Eg måtte prosessere mykje frå oppveksten og krasja litt. Eg las mellom anna Eckhart Tolle om nærværet, og fekk ei slags oppvakning rundt mi eiga bevisstheit. Då kunne eg sitte i timevis og meditere midt på dagen, men det brukar eg ikkje så mykje tid på no. Det er ganske kjedeleg, fortel han. 

ANGST. Då han flytta til Bergen for å studere fekk han sosial angst.

Han byrja deretter å fylgje dei impulsane han faktisk hadde. 

– Eg tenkte at alt går fint uansett. På den tida leda impulsane mine mykje i retning frossenpizza og gaming i ein periode, skal eg vere ærleg. Etter kvart byrja dei å seie at eg skulle tøye og sitte i ulike yogastillingar. Den same perioden satt eg også mykje på kafe medan eg skribla ned alle kjenslene eg ville kjenne på. Så merka eg at beina mine ville gå, så då fylgde eg dei der dei ville.

Coaching

For nokre år sidan satsa han på draumen om å bli sertifisert coach. Han tar no i bruk metoden nevrolingvistisk programmering (NLP). Det er ei alternativ psykoterapiform som starta på 70-talet, og er ein metode for kommunikasjon, utvikling og endring for å forstå hovudet og mennesket betre. Denne går ut på å ta tak i problematiske kjensler og forsøke å endre kjenslemønsteret.

Vebjørn skildrar det som «vanskeleg å forklare men ganske kult». 

– Med metoden blir ein bevisst på korleis ein ser verda og korleis ein kan endre på dei strukturane. Det er gøy å arbeide med det som er viktig for folk. 

Utdanninga går over fleire helgar i ein to års periode. Deretter må du gjennomføre 150 timar med coaching for å bli sertifisert. 

NLP er berre ein av mange metodar Vebjørn har tatt i bruk i løpet av livet. Den større interessen for sjølvhjelp og coaching har han vore skjemd over. Det vil han endre på no. Han rører litt i tekoppen før han fortel vidare. 

– Eg har vore litt flau av at eg valde å utdanne meg som coach. Det er ikkje alle som tar det på alvor, og det skjønar eg.

Ei stund valde han å halde interessa for sjølvhjelp og coaching skjult, fordi han opplevde det som «ei klein greie».

– For meg er det dette eg har sakna. Heile livet har eg tatt rolla som klovn fordi eg synest det er vanskeleg å vere sårbar, men det øver eg på. Slik som akkurat no.

Yoga og slakkline

Nokre dagar er det kanskje freistande for fleire å slutte på studiet og berre følgje beina rundt om i byen. Men Vebjørn anbefalar ikkje dette til alle. 

– Kvar og ein må berre gjere det som kjennast rett for seg. Eg oppfordrar ikkje alle til å slutte på studiet eller fylgje beina sine like intenst som eg gjorde. Samtidig burde fleire lytte meir til seg sjølv og kanskje slappe av litt meir. Stol på impulsen og intensjonen. 

Han ser ut av kjøkkenvinduet som har utsikt til Nygårdsparken og reflekterer over ei krevjande studietid. 

– For ein tjueåring er det mykje stress og mykje ein skal lære. Ein skal vere sosial, trene, lage middag, studere, vaske klede og halde på relasjonar. Det kan bli mykje. 

For han var tjueåra ein periode der han skulle lære seg sjølv å kjenne. 

– Eg har definitivt hatt mørke periodar i livet. På eit seinare tidspunkt måtte eg lese Echart Tolle ein gong til, flirer han. Då gjekk eg inn i ein Zen-periode igjen med mykje yoga og slakkline i parken. Då måtte eg vere meir venn med meg sjølv, fortel han.

Avkopla eigen kropp

Ein periode kjende han seg heilt disassosiert frå eigen kropp og seksualitet. Han slutta då å onanere heilt. Dette fenomenet er kalla «NoFap» og går ut på å avstå frå onani

AVKOPLA. Vebjørn forsøkte å slutte å onanere og innsåg kor avkopla han var sin eigen kropp.

– Dette var i perioden med mykje angst, og «NoFap» var ein av fleire ting eg prøvde for å gjere livet mitt betre. Eg slutta å sjå på porno, og innsåg at eg hadde hatt ein disassosiasjon til kroppen min som eg då kom i kontakt med på nytt. 

I ettertid har han heller forsøkt å ikkje oppnå utløysing i staden for å unngå onani totalt. 

– Eg vil ikkje fortrenge den seksuelle delen av mennesket, og eg er veldig fan av å ikkje ejakulere, faktisk. Kroppen bruker mykje energi på å produsere sæd, og det er fint om den energien heller kan vere ei kjelde til overskot. Men eg seier ikkje at det er lett å kontrollere, seier han og ler.

Frå superstjerne til kooperativ komponent

Heile livet har han vore interessert i mennesket. Han skildrar seg sjølv som ganske sjølvbevisst. Dei siste åra har han derimot søkt meir mot større fellesskap. Songen «Helplessness Blues» av Fleet Foxes kjenner han seg veldig igjen i. 

– I nokre år har eg sett på meg sjølv som ei fri sjel med ei menneskeleg oppleving. No prøver eg å kome meg litt ned på jorda igjen. Eg syng i kor, og eg har nettopp starta eit fotballag. Det er viktig å oppleve det menneskelege også og då er fellesskapet viktig. Eg har nok gått frå å drømme om å vere ei superstjerne, til å ynskje å vere ein kooperativ komponent, seier han med et smil.

KOLLEKTIV. Villaen går under navnet Villa Villekulla.
KOLLEKTIV. Villaen går under navnet Villa Villekulla.

Han takkar for praten og fylgjer oss igjen ned trappene. 

– Håpar det ikkje blei for svevande no da.

Powered by Labrador CMS