Debatt

Eg måtte lysa meg sjølv i bann frå Bergen før eg kunne bu her igjen

Eg hadde gått frå skulelys til strykstudent.

UNDERGANG. Sjølvstendet og studentmiljøet viste seg å vera undergangen min. Foto: Camilla Korsnes og Beate Felde
Publisert Sist oppdatert

Skrivekonkurranse
Studvest har i fellesskap med Bergens Tidende avholdt skrivekonkurransen «Det var da jeg skjønte det …». Her ble lesere under 30 år invitert til å fortelle om øyeblikket da et lys gikk opp for dem.

Blant om lag 140 innsendte bidrag har juryen utvalgt de beste og kåret tre vinnere.
Flere av de beste tekstene vil bli publisert på nett i Studvest tiden fremover.


Ein vakker augustdag i 2015 flytta ein blåøygd gut frå Hardanger inn i eit knøttlite rom på Kalfaret. Det var så vidt plass til ei 90-seng, eit klesskap og ein liten pult, men det var mitt. Sola skein, som alltid i Bergen i august – mang ein fersk student langvegsfrå har vel slik blitt lurt til å tru at Bergen sitt rykte som regntung er overdrive – og studentlivet lokka over neste bakketopp. Eg var 19 år gammal og hadde verda føre mine føter. Det måtte jo eigentleg berre gå til helvete.

Skule har aldri vore eit problem. Eg sklei gjennom ungdomsskulen og vidaregåande utan eigentleg å prøva noko særleg. Familien min blei mildt sagt ikkje overraska over at eg søkte meg inn på universitetet: Sjølvsagt skulle eg ta høgare utdanning, og det kom til å vera like leikande lett som grunnskulen og vidaregåande. Den gong ei. Sjølvstendet eg fann som fersk student skulle visa seg å vera eit tviegga sverd. Kvifor skulle eg, som aldri hadde trunge å prøva, bruka tid på undervisingsopplegg som ikkje var obligatoriske? Eg kunne jo heller bruka tida mi på det som faktisk var nytt og spennande: Studentmiljøet.

Eg skal ikkje påstå at eg var vennelaus heime i Odda, men eg var vand med å vera eit slags sosialt utskot: skeiv, småklein og litt i overkant kjenslevar. I studentmiljøet fann eg ei utømmeleg kjelde av nye vennar og kjente. For ein rar homse frå bygda var dette ei lykkepille av ei anna verd. Førelesingar måtte vika for organisasjonsverksemd, sosiale tilstellingar og øl, mykje øl. Eg hadde aldri vore noko særleg til festløve heime, men no rann ølet i strie straumar. Eg skulle jo bli kjent med alle dei kule folka, og då blir det fort nokre festar i veka. 

Eg strauk semester etter semester. Studia var spennande på papiret, men fengde meg ikkje i røynda, ikkje når eg hadde vennar, partnarar, politikk og øl, mykje øl. Eg var aktiv i eit utal organisasjonar, eg var venn med alle og eg gjorde alt, sånn bortsett frå å studera. «Neste semester» blei mantraet mitt, og det var ikkje før eg mista studiestøtta frå Lånekassen at lykkerusen gjekk over og det byrja å klarna for meg.

Eg hadde gått frå skulelys til strykstudent, og det eg trudde var redninga mi – sjølvstendet og studentmiljøet – hadde vist seg å vera undergangen min. 

Det var då eg skjønte det: Dette kunne ikkje halda fram. Eg hadde nådd botnen, og noko måtte gjerast.

Sjølvtillita mi forsvann som dogg for sola. Eg måtte vekk. På eitt eller anna vis fekk eg meg arbeid, først som journalistpraktikant, så som journalist. Eg bytte ut byen eg hadde forelska meg i med Førde og seinare Tysnes. Det var eit radikalt brot med kvardagen i Bergen. Vekke var festane og det konstante dårlege samvitet over studia. Eg gjorde noko som gav meg meistringskjensle. Eg gjekk på jobb i åttetida og reiste heim litt etter tre og bygde sakte men sikkert gode rutinar; samtidig såg eg konkrete resultat av arbeidet eg la ned. 

Då eg seinare søkte meg tilbake til universitetet, var eg både spent og nervøs. Kva om det var meg som var problemet? Kva om eg berre gjekk rett tilbake til gamle vanar? Det skjedde heldigvis ikkje. Jobben hadde gitt meg sjølvtillit og verktøy for å handtera studia, og eg klarte å skilja mellom arbeidstid og fritid.

Det blei ein brokete veg til målet, men eg sit igjen med lærdom eg ikkje ville vore utan. Det finst ei tid for alt, og ein kan ikkje gjera alt, sjølv om det er gøy. Nokre gongar må ein berre bryta opp og gjera noko heilt anna: Eg måtte lysa meg sjølv i bann frå Bergen før eg kunne bu her igjen.

Les også: Skrivekonkurranse: En siste delt stund

Les også: Skrivekonkurranse: Kvifor ville eg sjå ut som ein kroppsbyggjar, eigentleg?

Powered by Labrador CMS