– Eg ser at det generelt er færre her enn elles

Etter at straumprisane har auka, har temperaturen i bassenget vorte senka, til BSI Svømming sin misnøye. Ingen andre alternativ, svarer UiB.

SENKET TEMPERATUR. Temperaturen i bassenget på Studentsenteret er senka som følgje av høge strømprisar. FOTO: Truls Skram Lerø
Publisert Sist oppdatert

Anna Oleynik, Monica Beeder og Sandra Trifunovic er alle medlemmar av studentidrettslaget BSI Svømming. Dei trenar fleire gongar i veka i bassenget på Studentsenteret.

– Før pleidde eg å glede meg til trening, no er det meir slit, fortel Anna Oleynik. 

Symjarane fortel at det no ikkje er mogleg å varme skikkeleg opp i det kalde vatnet, noko dei meiner kan føre til skadar og krampar. 

– Alternativet er å stenge bassenget, seier seksjonssjef for drift ved Universitetet i Bergen (UiB), Jon-Terje Nygaard. Les heile svaret frå UiB lengst nede i saka.

Redd for å få krampe

Førre helg var symjelaget på eit stemne. Der sumde Beeder i eit av Bergen kommune sine basseng, som var varmare enn bassenget på Studentsenteret. 

Mange av medlemmane på studentlaget hadde krampar på treningane veka før stemnet, noko som påverka kor bra ein gjorde det, fortel ho. I følgje Beeder kan ein merke det på prestasjonane og resultata.

FRA KOS TIL PRESS. Anna Oleynik fortel at treningane har gått frå å kose seg til å presse seg.

– Ein er redd for å få krampar, og ein held derfor litt igjen på innsatsen, seier Beeder. 

Symjarane meiner dei ikkje får ytt slik som dei skal i løpet av økta fordi ein aldri vert varm. I følgje deltakarane vert dei fortare sletne, og mange som ikkje brukar å få krampe, får det. 

– Det har gått frå å kose seg i bassenget, til å presse seg, seier Oleynik. 

Færre møter på trening

Sandra Trifunovic, arrangementansvarlig i BSI Svømming, skildrar treningar der deltakarane står og hutrar.

– Det er ikkje triveleg, seier Trifunovic.

Beeder kan fortelje at ho allereie har lagt merke til at færre møter på trening.

– Eg ser at det generelt er færre her enn elles. Det forstår eg godt, seier ho. 

FÆRRE. Færre møter på trening, fortel Anna Oleynik og Monica Beeder i BSI Svømming.

Alle tre er einige om at det skal mykje meir til for å hoppe ut i bassenget etter at temperaturen har gått ned. 

– Det å hoppe i det kalde vatnet fristar ikkje litt ein gong, og eg har grua meg til trening i dag, seier Trifunovic.

Effektive, men risikofylte treningar

Dei understrekar at dei forstår at Universitetet i Bergen (UiB) må senke temperaturen på grunn av dei høge straumprisane. Likevel meiner dei at å senke temperaturen med tre grader ikkje er nødvendig.

– Nokon kostnadar er verdt å betale, meiner Beeder. 

Dei føreslår at ein kan kutta på andre område. For eksempel kan ein ha kortare opningstider, halde stengd nokre dagar i veka, skru ned temperaturen i dusjen eller stenge badstovene. 

– På set og vis er jo treningane meir effektive, fordi ein kan ikkje stå i ro eller ta pause, seier Trifunovic med eit smil. Ho legg til:

– Men det fører også med seg meir risiko. 

VERDT Å BETALE. Monica Beeder meinar nokon kostnadar er verdt å betale.

Dei presiserer at symijing ikkje burde bli prioritert meir enn andre, men meiner likevel at det krev meir for symjarane å halde seg varme enn om ein er i ein gymsal.

– Me er fysisk i vatnet, til forskjell frå i ein gymsal der du spring og held varmen sjølv, mens i bassenget er vatnet konstant kaldt, og det kjøler deg ned, seier Trifunovic. 

Ho set spørsmålsteikn ved den merkbare temperaturendringa no når straumprisane er på veg ned att. 

– Om det ikkje hadde vore for laget, hadde eg heller sprunge på ei mølle, fortel Trifunovic.

Eigedomsavdelinga: – Alternativet er å stenge bassenget

Studvest har vore i kontakt med seksjonssjef for drift ved UiB, Jon-Terje Nygaard. Han skriv i ein e-post til Studvest at eigedomsavdelinga fyrst fekk ein førespurnad om å stenge bassenget.

– Etter litt diskusjon og sjekk av forskrifter og rettleiingar, kom me likevel fram til at me kunne redusere temperaturen i fyrste omgang.

Han skriv vidare at dei har sett på Svømmeforbundet sin rettleiar for basseng, som seier at det er nødvendig med 26 grader for «vanlege aktivitetar», som symjing.

PRESSE SEG. Anna Oleynik sier hun koser seg mindre og presser seg hardere etter temperaturen ble senket. FOTO: Truls Skram Lerø

– Me har også registrert at opplæringsbasseng for barn skal ha minst 28 grader, men me har gått ut frå at bassenget er for tilsette og studentar ved UiB og medlemmar i Sammen, altså ikkje for barn.

I skrivande stund ligg temperaturen på 25,7 grader, målt i botnen av bassenget, ifølgje Nygaard. Han skriv at dei vil justere temperaturen litt opp igjen, til 26 grader, og håpar det vil hjelpe litt på treningsviljen:

–  I alle fall er 26 grader betre enn eit stengd basseng.

LES OGSÅ: 

Powered by Labrador CMS