Magasin

Er det mogeleg å få ein ven på berre sju minuttar?

Liza Kiona Markx (20) anser seg sjølv som sjenert og kjenner ikkje så mange i Bergen. Då bestemte ho seg for å vere med på speedfriending for å utfordre seg sjølv – og å få seg vener.

OMSTREIFER. Nordic Vagabonds er stifta av to gründerspirer. Dei ville lage sosiale møteplassar dei sjølv savna å ha då dei studerte.
Publisert Sist oppdatert

– Då er det berre til å starte! seier Viktor Sanden, medstiftar av arrangøren Nordic Vagabonds. Han har nettopp åpnet opp med spørsmålet: «Om du skulle vore med i ein reality-tv-serie, kva for ein hadde det vore?». 

Det er som om ein går frå å vere aleine i ein heis med øyredøyvande stillhet, til eit fullt konsertlokale av spente og forventningsfulle menneske. Den saftige blandinga av adrenalin og nervøs latter breier seg over lokalet. Då er det berre til å starte.

Eg hadde aldri trudd at ein ville føle noko «spesielt» i mens det heile gjekk føre seg. Men etterpå kunne ein kjenne seg lett i heile kroppen, latteren satt laust, og det brusa og bobla inni brystet. Det var ein slags uforklarleg kombinasjon av å vere litt redd, kjenne seg modig og å gjere noko heilt nytt, som ein kanskje aldri sjølv trudde ein skulle begi seg ut på. Det var ei fin kjensle å ha.

Vi møter Liza Kiona Markx (20) på speedfriending. Ho stryk håret bak øyra gong på gong, og blikket flakkar rundt etter kvart som nye folk kjem og sett seg ned i lokalet. Ho fiklar litt med kvitvinsglaset ho har i hendene.

SPENT. – Eg er veldig nervøs, seier Liza Kiona Markx (20) før speedfriendinga.

– Eg er eigentleg veldig sjenert og stille, og pleier ikkje å vere med på slike ting, seier ho.

Samtalen går lett, og det er det som er den raude tråden gjennom kvar samtale som går føre seg – så fort ein har diskutert opningsspørsmålet og funne ein slags felleskomponent, så flyt praten så utruleg lett vidare. Sju minuttar endar opp med å bli ganske knapp tid.

Markx er utdanna hudterapaut her i Bergen, men er opprinneleg frå Sogn og Fjordane. Til hausten skal ho studere historie ved Universitetet i Bergen. Men til no har ho kun blitt kjend med kollegaene sine.

– Eg er lei av å vere aleine. Det er kjekt å ha folk rundt seg på sin eigen alder. Eg håpar sjølvsagt at eg finn nokre vener som eg kan henge med vidare, smilar ho og ser rundt i lokalet.

Kva er speedfriending? 

Er det mogeleg å få seg ein ven på berre sju minuttar? Går det an å «connecte» i ein samlebåndssamanheng? Kor mykje er du villig til å gi av deg sjølv? Det er dette som er essensen i «speedfriending», eit nytt og spanande konsept som (sjølvsagt) kjem frå USA.

VENSKAP. Det blir lagt opp til langbord, der den eine sida av bordet skal flytte seg til same side etter sju minutt. På den måten får alle møtt alle.

Eller, det er vel kanskje ikkje eit heilt nytt konsept, sjølv om det utvilsomt er spanande og interessant. Me har vel alle høyrt om speeddating før, som i følgje Wikipedia blir beskrive som «en formalisert matchmaking-prosess som har til formål å oppfordre kvalifiserte single til å møte mange nye potensielle partnere på kort tid».

Speedfriending har eit langt meir platonsk formål, men essensen er den same – det blir lagt opp til menneskelege samlebånd der eit «piip» frå ei klokke er det einaste som skal motivere bevegelse over til neste stol, til neste person og din potensielle BFF.

Overvelda av kjensler

Markx er nesten i himmelen når det blir annonsert ei lita pause i arrangementet. Ho smilar frå øyre til øyre og trippar litt ekstra når ho går.

– Om eg skulle beskrive tre kjensler eg kjenner no? Wow, vanskeleg. Det trur eg må bli spent, høg puls og glad!

Ho er ikkje like nervøs no lenger – ho har fått i seg litt vin og føler at nervøsiteten dabber litt av. Ein blir liksom litt varm i trøya etter å ha snakka med så mange ulike folk på så kort tid.

LATTERMILD. – Det er absolutt nokon av dei eg har snakka med eg kunne tenkt meg å halde kontakten med, seier Liza Kiona Markx (20).

– Nei, eg angrar ikkje i det heile tatt på at eg bestemte meg å kome her i dag, svarar ho utan å tenkje seg om.

Ho fortel smilande at ho har møtt mange ho har lyst til å halde kontakten med vidare – ho snur seg til sidemannen som står eit lite stykke unna:

– Ja, me to hadde jo ein veldig fin samtale! Vi snakka jo om musikk og ulike artistar vi likar. Sjølv om spørsmålet vi skulle besvare handla om opningscenar på film.

Dei glisar til kvarandre og nikkar, og så ler dei begge to godt av ein intern spøk.

Mange suksesshistoriar

Det heile starta med to nyutdanna gründerspirer i Oslo i fjor vår. På same tid, ett år etter, har speedfriending-arrangementa deira nådd over 10 byar i Noreg, dei har samarbeid med studentsamskipnadar og elskar jobben sin. Sanden fortel at Nordic Vagabonds er organisert som eit AS, men at det berre har vore utgifter – enn så lenge. 

Han er entusiastisk i si skildring av arrangementa. Han nikkar og smilar mykje, og gestikulerer med armane medan han pratar.

– Når me har moglegheit hiver me oss sjølvsagt med! Eg har møtt mykje bra folk der, smilar siddisen. Han er tydeleg stolt over alt Nordic Vagabonds har fått til, og fortel om fleire suksesshistoriar.

– Det er vanvittig mange som møtes igjen, dei lager messengergrupper og organiserer ting.

ENTUSIASTISK. – Når ein klaffar med nokon så treng det ikkje å ta så lang tid før ein blir vener, seier Viktor Sanden, medstiftar av Nordic Vagabonds.

Sanden fortel at han ofte ser gjengangarar på arrangementa. Men han rynker litt på panna når han tenkjer over om det er ein bra eller ein dårleg ting.

– På den eine sida så kan det vere dei ikkje er her fordi dei har fått seg dei venene dei trengte på forrige arrangement. Eg møtte ein student i Drammen som hadde vore på speedfriending. Han fortalte meg at alle venene han hadde i Drammen hadde han fått på nettopp her.

Powered by Labrador CMS