Kultur

– Er skrive frå mitt perspektiv

Forfattar og tidlegare UiB-student Lisa Esohel Knudsen slutta på studiet for å jobbe med etniske minoritetar i Noreg. Ho etterlyser meir mangfald i studentorganisasjonar.

UFILTRERT. – Eg sit med eit inntrykk av at i den offentlege debatten kan alle ytre seg ufiltrert rundt tema som rasisme, medan ytringar som omhandlar til dømes vaksinemotstand har fått sensur.
Publisert Sist oppdatert

– Eg ynskjer å skape ein debatt rundt antirasisme, identitetspolitikk og kanselleringskultur. 

Det fortel forfattar og tidlegare bergensstudent Lisa Esohel Knudsen (24). I januar kom ho ut med boka Det er personlig, ei bok om rasisme, ytringsfridom og identitetspolitikk.

– Boka er skrive frå mitt perspektiv. Dette håper eg bidreg til å gje lesaren eit anna perspektiv på debatten som eg tek opp.

Sakna etnisk mangfald

Knudsen studerte samanliknande politikk ved det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) fram til sommaren 2019. Studietida i Bergen beskriv ho som veldig fin, men ho kjende seg ofte rastlaus.

– Eg ville ut å bruke det eg hadde lært i førelesningane. Eg er veldig glad i å lære, men er nok ikkje ein veldig god student.

Utanom studiet engasjerte ho seg i Studentersamfunnet i Bergen. Her jobba ho med å arrangere og utføre spanande debattar og panelsamtalar. Her veks interessa for samfunnsdebatten fram for Knudsen. 

– Eg kjende meg inkludert i Studentersamfunnet, men eg sakna eit etnisk mangfald. 

AKTUELL. Forfattar og tidlegare bergensstudent Lisa Esohel Knudsen kom i januar ut med boka Det er personlig, ei bok om rasisme, ytringsfridom og identitetspolitikk.

Les kva leiar for Studentersamfunnet seier om dette her.

Dette merka ho då det var snakk om å debattere saker som omhandla minoriteter. Sjølv om ho foreslo debattar om rasisme, hadde dei ingen medan ho var aktiv. 

Knudsen hoppa av studiet etter fjerde semester og flytta til Oslo sommaren 2019. Her byrja ho å jobbe i Minotenk, ein minoritetspolitisk tenkjetank. 

Skriv om eigne opplevingar

Rasisme er noko ho har nær kjennskap til, og som har prega hennar identitet.

I oppveksten opplevde ho å bli mobba på grunn av hudfargen hennar. I boka trekk ho inn eksempel på rasisme ho har vert utsett for. Ho skriv mellom anna om ei standardfrase ho hadde då ho traff nye mennesker: Pappa er frå Afrika, det er derfor eg er brun. Men mamma er frå Noreg. 

Ho trekk inn eigne opplevingar i boka for å vise at det er ekte opplevingar frå ekte menneskjer. 

Drapet på George Floyd

Fyrst handla boka om ytringsfridom og identitetspolitikk. Etter drapet på George Floyd i 2020 såg ho at rasisme fekk stor plass i den offentlege debatten. Dette såg ho på som sjansen til å gjere rasisme til ein større del av boka. 

STUDENTTID. Knudsen studerte samanliknande politikk ved SV-fakultetet på UiB fram til sommeren 2019.

Forfattaren har følgt debatten rundt rasisme og Black Lives Matter-beveginga lenge. Ho har vore ein del oppgitt over debatten og tonen i den. Ho meiner ekstreme hatytringar om rasisme har fått for stor plass i den offentlege debatten.

– Eg sit med eit inntrykk av at i den offentlege debatten kan alle ytre seg ufiltrert rundt tema som rasisme, medan ytringar som omhandlar til dømes vaksinemotstand har fått sensur.

Powered by Labrador CMS