Leiar for Samfunnet meiner dei må tileigne seg meir kunnskap om rekruttering

Studentar med minoritetsbakgrunn treng å kjenne på tilhøyrsle i større grad, meiner student Jekeziahrem.

VANSKELG MED REKRUTTERING. – Vi fører ikkje oversikt over bakgrunnen til medlemmene, men delen er nok mellom fem og ti prosent med minoritetsbakgrunn, seier leiar for Studentersamfunnet i Bergen, Sjur Selsvik. Foto: Emily Dishington
Publisert Sist oppdatert

Tal frå SSB viser at kvar tiande student i Noreg hadde minoritetsbakgrunn i 2020, men denne delen lar seg ikkje utan vidare spegle i studentorganisasjonane.

– Vi fører ikkje oversikt

På spørsmål om korleis ståa er i Studentersamfunnet, slår leiar Sjur Selsvik (23) fast at delen studentar med minoritetsbakgrunn er lav. 

– Vi fører ikkje oversikt over bakgrunnen til medlemmene, men delen er nok mellom fem og ti prosent med minoritetsbakgrunn. 

Samfunnet er ein frivillig studentorganisasjon med fleire enn 100 studentar frå dei ulike studieinstitusjonane i heile Bergen. 

LAV DEL. Leiar i Studentersamfunnet, Sjur Selsvik, fortel at del studentar med minoritetsbakgrunn er lav. Foto: Emily Dishington

Selsvik seier det har vore vanskeleg med rekruttering under pandemien, men at dei likevel burde reflektere meir over temaet. 

Å kjenne på tilhøyrsle

Jekeziahrem Villanueva (23) flytta frå Filippinene til Volda i Noreg i 2007. No går ho sisteåret på bachelor i sosiologi ved UiB.  

Då ho flytta til Bergen hausten 2019 ble Villanueva med i innebandygruppa til Bergen Studentidrett. 

– Der var vi mange som hadde ulikt opphav. Det var fint å sjå folk frå ulike bakgrunnar, fortel ho. 

Villanueva trur at mangfaldet den gongen gjorde at ho og fleire andre følte seg velkomne.

– Når ein flyttar til eit anna land er det enkelt å samlast med dei som deler erfaringar om å ikkje vere fødd i Noreg. Vi har gjerne andre opplevingar som til dømes å vore kalla namn på barneskulen og liknande. 

Ho trur at folk med minoritetsbakgrunn kan ha eit større behov for å høyre til ein plass når ein skal studere. 

Villanueva opplev at det finst uskrivne reglar om kven som passar inn i dei ulike studentorganisasjonane. 

USKRIVNE REGLAR. Jekeziahrem Villanueva opplev at det finst uskrivne reglar om kven som passar inn i dei ulike studentorganisasjonane. Foto: Anna Jakobsen

– Det er nok lange tradisjonar om kven som passar inn. Til dømes om dei har lik økonomisk bakgrunn og like interesser. Eg trur det lukar ut ulike type menneske utan at dei ser det sjølv. 

Ho meiner at organisasjonane må dele meir informasjon og gjere seg synlegare for å få større mangfald. 

– Dei må ut og oppsøkje andre typar menneske og til dømes arrangere kulturelle møte, føreslår Villanueva. 

Fordommar

Thiraphat Haraphoom (21) studerer interiørdesign ved Høyskolen Kristiania. Han kom frå Thailand til Noreg i 2011 og har no sitt fyrste år i Bergen.

– Eg følte at då eg såg etter ein organisasjon å vere med i, var dei fleste knytt opp til UiB, og at eg ikkje kunne vere med der. 

Haraphoom meiner mangfaldet kan variere ut i frå studiestad, og føler til dømes at Studentersamfunnet er meir retta mot UiB-studentar. 

– Eg trur dessutan det er større mangfald på nokre studieinstitusjonar enn andre, og det speglas kanskje i organisasjonane deira også. 

Han sjølv er ikkje med i nokon organisasjon no, men prøvde seg i høgskulen sitt volleyball- og kanonballag i starten av haustsemesteret.

– Det var gøy, og det var godt etnisk mangfald der. 

Som Villanueva, synast også Haraphoom at organisasjonane kanskje er ute etter dei same type menneska. 

VARIERER. Haraphoom meiner mangfoldet kan variere ut i frå studiestad. Foto: Emily Dishington

Haraphoom fortel at han ikkje trur fordommer gjeld studentsamfunnet spesifikt, då han eigentleg opplev dette som åpent. Han trur heller det er samfunnet generelt som kan ha fordommer. 

– Om eg søker jobb med utenlandsk namn, trur eg at eg med ein gong har dårlegare sjanse for å få den jobben, på grunn av fordommar mot utlendingar. 

-Større mangfald vil gje viktige synspunkt

Selsvik i Studentersamfunnet fortstår at Heraphoom kan oppfatte det slik fordi dei har mange arrangementer i sentrum. Likevel ønskjer han å understreke at Studentersamfunnet er ope for heile Bergen. Sjølv har dei også medlemmer frå NHH, BI og HVL.

– Arrangementa er ope for alle, også dei som ikkje studerar, fortel Selsvik.

Om vegen vidare, fortel Selsvik at dei må tileigne seg meir kunnskap om rekruttering. Musikkleiar i Studentersamfunnet og HVL-student, Leon Torskangerpoll (22), har allereie starta arbeidet med å få meir mangfald i underorganisasjonen hans.  

– Eg har alle møte på engelsk, slik at språkbarrieren ikkje vart eit problem. Vi ønskjer å ha eit større publikum, fortset Leon. 

Eit større mangfaldsfokus

Også Bergen Teknikersamfund (BTS) er klare på at dei er nødd til å informere om organisasjonen sin breidt. Dei ynskjer begge å ha eit større fokus på mangfald i tida som kjem. 

For å finne ut om manglande mangfald kun er ei utfordring i Studentersamfunnet, kan formand i BTS, Thord Tveit Lid (24), fortelje at mangfaldet i organisasjonen deira varier ut i frå kva undergruppe ein ser på. 

ENGELSKE MØTER: Musikkleiar i Studentersamfunnet, Leon Torskangerpoll har alle møte på engelsk for at alle skal kunne delta på møte. Foto: Emily Dishington

Men han stadfestar at det generelt er lite mangfald i organisasjonen. 

– I studentkoret Rebellium har vi nesten like mange med internasjonal bakgrunn som medlemmer med norsk bakgrunn.

Han er redd nokon kanskje ikkje kjenner seg velkomne, og at nokon vegrar seg fordi dei ikkje veit kva dei går til som ei mogleg årsak til kvifor dei ikkje har større mangfald. 

Han legg til at han trur eit større mangfald vil gje fleire viktige synspunkt. Derfor vil dei jobbe vidare med å ha fleire introduksjonar til internasjonale studentar. 

– Noko av det viktigaste er å si «hei» og vise at ein er interessert i å ha med alle, seier Lid. 

VIKTIGE SYNSPUNKT: Formand i BTS, Thord Tveit Lid, trur eit større mangfald vil gje viktige synspunkt. Foto: Emily Dishington
Powered by Labrador CMS