Illustrasjon: Ellen Sofie Engen

Sjølv om Bjander har rett i at overvekt i bunn og grunn handlar om at det går inn fleire kaloriar enn det går ut, så er dette ei grov forenkling og bagatellisering av røynda.


Annonse
Debattregler

I Studvest den 19. oktober 2020, skriv Eilert Fredlund Bjander om kroppspositivisme. Eit stykke på veg er eg samd i det han skriv, særleg med tanke på at ein skal akseptere kroppen sin slik den er. Likevel vitnar innlegget til Bjander om at han har misforstått kva kroppspositivisme eigentleg handlar om.

Bjander skriv mellom anna at vekt i stor grad er ein faktor ein sjølv kan påverke. Den er grei, så langt er eg med. Vidare skriv han at «selv om mennesker har ulik benbygning og ulik grad av stoffskifte, hvor noen er mer predisponert til å legge på seg, bunner overvekt til syvende og sist ut i enkel metabolisme: Vi legger på oss om vi inntar mer kalorier enn vi forbrenner.» Her er det ein del å ta tak i. 

For å ta presiseringane først, så er det riktig at somme har kraftigare beinbygning enn andre, men det er ikkje dette som gjer at ein er overvektig. Skjelettet veg mellom 2,5 og 4,5 kg (målt i tørrvekt) avhengig av kjønn, høgd og litt andre faktorar, men at skjelettet bidreg til at ein person er overvektig, er ein myte. I tillegg så er metabolisme berre eit anna ord for stoffskifte, som er dei kjemiske reaksjonane som skjer i cellene for å skaffe energi, enkelt forklart. Det er difor upresist når Bjander skriv at personar har «ulik grad av stoffskifte» og at «overvekt til syvende og sist bunner ut i enkel metabolisme». 

Vidare er overvekt vesentleg meir komplekst enn det reknestykket han presenterer. Dei aller fleste, overvektige eller ei, er klar over at di meir ein et og di mindre aktiv ein er, di høgare vil vekta kunne bli. Problemet er berre at det er så mange andre faktorar som spelar inn. Mellom anna kan spiseforstyrringar som overspisingsliding, så vel som andre psykiske vanskar og lidingar bidra til at ein person vert overvektig. Sjølv om Bjander har rett i at overvekt i bunn og grunn handlar om at det går inn fleire kaloriar enn det går ut, så er dette ei grov forenkling og bagatellisering av røynda.

Bjander skriv også at kroppspositivismen glorifiserer og normaliserer overvekt. Kroppspositivisme handlar ikkje om å normalisere eller glorifisere overvekt, men om at ein har like stor verdi som menneske uavhengig av vekta si. Det finst mellom anna forsking som viser at overvektige ikkje vert tekne på alvor i helsevesenet, og at dei som ein konsekvens av dette kan ende opp med å få dårlegare behandling enn andre. Også på andre arenaar kan overvektige oppleve stigma, som til dømes på treningssenter, i lunsjpausen og i klesbutikken. Å krevje å bli teke på alvor i samfunnet og få lov til å eksistere, trene, ete, utfalde seg, kjøpe klede, poste bilete av seg sjølv i sosiale medium og så vidare, utan å bli møtt med skepsis og kritikk på grunn av vekta si, er ikkje å glorifisere overvekt.

Kva som er sunt og usunt, handlar om veldig mykje meir enn talet på badevekta, og sjølv om ein ikkje skal bagatellisere dei potensielt helseskadelege aspekta ved overvekt, må ein vite at det ligg veldig mykje meir bak enn det auget kan sjå. 

Kommentarer

kommentarer